»

jun 15 2006

Vlogg, blogg eller eit anna oppkastliknande ord

«åååh. hmppfff… blogg … vlægg. blææææææhhh.»

Kjært barn har mange namn, og såkalla vevloggar eller bloggar ikkje noko unnatak. Eg vel å styra unna desse oppkastliknande namna på dette nettfenomenet når eg no har teke det inn i varmen her på vevstaden min. Eg vonar dette vert ein morosam liten tumleplass kor eg kan lufta tankane mine – om det skulle vera irritasjon over busstilbodet heime på Mo eller glede over å ha lesa ei bok om den einaste norske superhelten, Ivar Aasen.

God knall!

Permanent link to this article: http://boba.no/2006/06/vlogg-blogg-eller-eit-anna-oppkastliknande-ord/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *