Heilt sidan eg tok sommarferie, har eg vore litt småsur på kinotilbodet her heime i Rana. Av nitten filmar på programmet denne sommaren, er sju av dei nyinnspelingar, fem av dei oppfølgjarar og fire av dei barnefilmar. Dei siste to er høvesvis ferdig å gå no og høyrast ganske keisam ut.
Her er eit lite lesarinnlegg eg skreiv, som står i Rana Blad i dag:
Uvitande kinoadministrasjon eller dårlege kinogjengarar?
I den seinare tida har eg vorte oppgitt over kinotilbodet her på Mo. Eg elskar å gå på kino om sommaren, men vert litt fortvila når eg les i programoversynet til Rana Kommunale Kino. Kinoar skal vera ein møtestad for filminteresserte så vel som ein underhaldande fristad i ein hektisk kvardag. Her i Rana oppfyller kinoen diverre berre den underhaldande delen av kinokonseptet, og det tykkjer eg er ei fornærming mot alle som liker film.
Denne sommaren serverer kinoen oss ranværingar gamle matrestar. Det er nemleg flust med nyinnspelingar i vente. Me har allereie sett The Hills Have Eyes, ei tam og keisam nyinnspeling av ein nyskapande og spennande skrekkfilm frå 1977. «Tam», «keisam» – dette er ikkje ukjende ord å nytta om nyinnspelingar, og desse orda kan òg nyttast om Poseidon. Gå heller til videobutikken og kjøp originalen frå 1972. Forutan desse filmane, kan me òg venta oss nyinnspelingar av Dine, mine og våre barn frå 1968, The Omen frå 1976, The Gauntlet frå 1977 (16 Blocks har nemleg heilt likt plott, sjølv om det ikkje er ei «offisiell» nyinnspeling) og Just One of the Guys frå 1985 (som har tittelen She's the man). Som om ikkje dette var nok, så får me òg ei nyinnspeling av den gamle fjernsynsserien Miami Vice. Gjenvinning er sjølvsagt bra for miljøet, men kvaliteten er diverre ikkje alltid presentabelt – sjå berre på billige kladdebøker. Kunst skal same kva ikkje gjenvinnast. Den opphavlege Mona Lisa er sjølvsagt mykje betre enn Mona Lisa trykt opp på badehandklede.
Sjølv om nyinnspelingane dominerer kinoprogrammet denne sommaren, har kinoadministrasjonen rydda plass til eit par oppfølgjarar òg. Fyrst ut er Pirates of the Carribbean nummer to. Den fyrste var forresten ikkje ein original idé, men var basert på ein attraksjon i Disneyland (ein må jamvel skryta av at dei fekk til å laga film av det). Etter dette kjem opfølgjarane i fleng. Pusur 2, The Fast and the Furious 3, Asterix og Vikingene (oppfølgjar til elleve-tolv filmar) og Superman 5 skal ljosa opp lerretet på kinoen denne sommaren.
Som me ser, glimrar originalitet og kunstnarisk integritet med sitt fråvær på kinolerretet i Rana dei kommande månadene. Desse sommar-«blockbustarane» – dei store Hollywood-produksjonane – er nemleg skapt for eit einaste føremål: å selja mest mogleg godteri og brus. Det er ikkje utan grunn at slike filmar ofte går under omgrepet «popcornfilm». James Schamus (har produsert m.a. Brokeback Mountain) hevdar at godteriprodusentar og drikkevarefabrikantar har store eigardelar i filmstudioa, og at dei nådelaust pumpar ut popcornfilm etter popcornfilm utan å ta omsyn til det fantastiske potensialet som ligg i filmmediet. Desse eigarane vil berre tena pengar, og det gjer dei på lett underhaldning framfor djupsindige kunstverk. Kjærleiken til filmen vert heilt borte i denne samlebåndsmetoden å laga film på. I heimlandet til dette masseproduserte søppelet har dei same eigarane ofte ein viss kontroll over kinoane. Slik er det ikkje i Noreg. Difor har kinoadministrasjonane her eit andsvar overfor kinogjengarane. Eit andsvar om å ikkje la seg kjøpa av brus og godteri. Eit andsvar om å tilby eit variert filmprogram der både kunstfilmen og den politiske filmen inngår på lik line med popcornfilmen. Er dette andsvaret for stort for Rana Kommunale Kino?
Sjølv om eg ser fram til å sjå Superman flyga igjen, så tykkjer eg ikkje at den raude kappa hans er tilfredsstillande nok for ein heil sommar på kino. Eg saknar eit breiare filmtilbod. I fjor skrytte kinosjef Kildal svært av Kinosommer-kampanjen, med argumentet om at eit breitt filmtilbod ville trekkja mange folk: «Tanken er at det skal være film til deg, uansett hva du liker å se,» stod det sitert i Rana Blad. Er det så å forstå at kinoadministrasjonen meiner at alle ranværingar liker lett, overflatisk og uoriginal underhaldning?
På trass av kva ein får inntrykk av frå programoversynet til kinoen, er det faktisk ikkje så at det berre produserast lett underhaldning. Førre veke hadde til dømes «Look Both Ways» norsk kinopremiere. Dette er ein svært god sommarfilm, kan hende den aller beste filmen på norske kinoar akkurat no. Men i staden for å visa denne, tviheld Rana-kinoen på den erkeamerikanske og tullate Da Vinci-koden for å skvisa ut dei aller siste billettinntektene av honom. Lonesome Jim, regissert av Steve Buscemi, inngår i Kinosommer-kampanjen, men ikkje her på Mo. Det same gjeld med The Squid and the Whale. Interessant, god film ser ut til å vera heilt fråverande på kinoprogrammet. Om så berre Look Both Ways hadde vorte sendt, så hadde eg vore fornøgd. Dei einaste interessante filmane som står oppført denne sommaren, er Den brysomme mannen, Sannheten om Rødhette og Lepel-Koden. Den fyrste vart diverre teke av plakaten i førre veke, og dei to gjenståande er barnefilmar. Og Rødhette pratar diverre norsk. Røystomsetjing, eller «dubbing» som det så fint kallast, er ei valdtekt av filmskaparen sin visjon av filmen, og ein vederstyggjeleg ting å gjera.
Kven er det eigentleg som er skuld i dette kino-elendet? Eg har vore veldig kvass mot kinoadministrasjonen her, men det kan kanskje tenkjast at det er ranværingane si eiga skuld. For ei vekes tid sidan var eg på kino for å sjå Den brysomme mannen. Dette var ein ypparleg film, kanskje den beste norske filmen sidan Flåklypa. Filmen vann Prix Agence du Cinéma Indépendant pour sa Diffusion under Cannes-festivalen, og er nominert til fem av dei gjævaste Amanda-prisar. Du skal ikkje sjå bort i frå at dette vert Noregs bidrag til oscar. Då eg var og såg honom, gjekk filmen i storsalen. Filmen var fantastisk, men det kan ein diverre ikkje seia om oppmøtet. Av firehundre seter var berre fire i bruk, og det medrekna mitt eige!
Eg trur nok at det er ein del som kanskje vert provosert av mi «arrogante» haldning, men det er jo det som er poenget med å skriva eit lesarbrev: å provosera. Same kva, eg står for det eg seier, og meiner at kinoen lyt syta for å ha eit breidare filmtilbod.
1 comment
Simon
9. juli 2006 klokka 00:01 (UTC 1)
I går fekk eg svar på lesarbrevet mitt frå kinosjefen sjølv. Kristin Kildal meinte at det fattige programmet var korkje administrasjonen eller kinogjengarane si skuld