Star Wars Holiday Special

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Kva i alle dagar skjedde i 1978? Kven var det som fann på å laga Star Wars: Holiday Special? Og kvifor i alle dagar var det ingen som sa i frå at dette var noko dritt – det er jo overtydeleg gjennom heile filmen. Filmen er fæl, fæl, fæl.

Star Wars Holiday Special

Mange undrar nok over denne tittelen. «Kva er Star Wars Holiday Special? Eg vissta ikkje at dei har laga ein jolespesial» plar folk å seia til meg. Ganske rett, dette er ikkje ein jolespesial. Vel, ikkje openbert i alle fall, men filmen har element av jolefeiring i seg. Same kva, grunnen til at mange ikkje veit om han, er at han aldri har vore på kino, fjernsynet eller i butikkar her i Noreg. «Ja, men eg har jo kabelfjernsyn, og får inn kanalar frå alle verdshjørna, og eg har framleis ikkje sett eller høyrt snakk om den filmen» svarar dei meg. Det er nok rett, det òg, du kan ikkje ha sett filmen på kabelfjernsyn. Det har seg nemleg så at filmen vart sendt berre ein einaste gong på amerikansk fjernsyn, og det er på dagen 28 år sidan faktisk (filmen vart visstnok sendt i Kanada og ymse andre land i perioden 1978 – 1981, men ikkje i Noreg). Sidan då har filmen samla støv. Sams for alle kanalar som sendte filmen, var at dei sendte han berre ein einaste gong. Eg veit ikkje kva det fortel deg, men eg tek det som eit rop om å liggja unna honom. Det er no dei få som framleis ikkje har fatta kor fantastisk grueleg filmen er, skyter inn «Kva med video, då? Han må jo ha kome på VHS, men eg har jamvel ikkje høyrt noko om den». Nei, det har vel samanheng med at han ikkje er gjeve ut på VHS. Heller ikkje DVD, Laserdisc, Betamax, VCD, Video 2000, UMD, Blu-ray, HD-DVD eller noko anna format for heimemarknaden.

«Så, korleis har det seg då at du har sett filmen?» er oppfølgjarspørmålet eg får på dette tidspunktet i samtala. Vel, det har seg nemleg slik at ein av dei som såg filmen den 17. november for tjueåtte år sidan, hadde ein videoopptakar klar. Filmen vart kopiert over videokassettar til vener, som igjen kopierte til andre vener, og dei kopierte vidare til sine vener igjen. Slik har det vore mogleg å få tak i filmen hjå enkelte meir «spesielle» videoforretningar. Det er ikkje akkurat noko du kan finna i ein Mix-kiosk eller på Platekompaniet. Ein gong mellom 1997–1999 vart filmen digitalisert. Personen som gjorde dette, skal etter rykta vera same personen som tok det opphavlege opptaket den novemberdagen i 78. Om det er sant, veit eg ikkje, men filmen vart i alle fall lagt ut på Internett og etterkvart spreidd rundt endå snøggare enn før. Om du har masochistiske tendensar, så er det mogleg å lasta filmen ned (til dømes med BitTorrent).

Ein kan spørja seg kvifor George Lucas gjekk med på filmen. Etter det eg har forstått, gjorde han ikkje det. Diverre hadde han ikkje mykje han skulle ha sagt den gongen. For å kunna finansiera Empire Strikes Back, film nummer to i Star Wars-serien, selde han rettane til ein utanomfilm basert på eit to-siders historieutkast han hadde skrive. Sidan han ikkje eigde retten til filmen, og heller ikkje var tilsett som manusforfattar, regissør eller produsent, var det ikkje mykje han kunne gjera. I ettertid har Lucas sagt at han ynskjer å dra rundt i heile verda, samla inn alle kopiar som finst av filmen, knusa dei med ein hammar og brenna dei. Igjen, eg tek dette som eit teikn på at ein ikkje bør sjå filmen.

Det er mykje som er gale med denne filmen. Veldig mykje. Filmen handlar om at Han Solo og Chewbacca er på veg til Kashyyyk, heimplaneten til wookieen, for å rekkja den heilage wookieehøgtida «livsdagen», som visstnok er noko wookieeane feirar kvart år. Chewbacca er ikkje noko unnatak, trass hans travle kvardag som andrepilot, smuglar og galaktisk helt. Heime på Kashyyyk ventar familien hans, men dei veit ikkje at imperiet er hakk i hæl på Tusenårsfalken. Jau, Chewbacca har ein familie, og me får sjå handlinga frå ståstaden deira.

Filmen fortel altså at Chewbacca har ein oppegåande far, ei elskverdig kone, og ein liten rakkar av ein son. «Tøft,» tenker mange, «Chewbacca er den tøffaste eg veit om, så dette jo vera bra.» Vel, nei, det er ikkje bra. Fyrst og fremst har familiemedlemmane teite namn. Kona heiter Malla, noko som er eit OK namn. Verre vert det med dei andre. Sonen heiter Klumpen, og faren heiter Klåen. Tenk no på korleis den den store Chewbacca pratar. Språket hans vert oppfatta av våre menneskelege øyra som ei rekkje av av brøl, vræl, knurr og gnurl. Familien pratar òg dette språket. Ein vanleg samtale:

– Hrrr-Lrohhh?!
– Grrr-lum-lum-lum-lum.
– Hrrawwl?
– Gronk.
– Bwrooarrr!

Etter eit kvarter med slikt prat, og berre slik prat heilt utan undertekstar, vil eg helst at fjernsynet skal eksplodera før hovudet mitt gjer det.

Diverre eksploderer fjernsyn sjeldant, og hovuda sjeldnare. I staden får me sjå ein av dei mange teite leiketya Klumpen eig. Eg trur det er eit holografisk minisirkus, og regissøren ville av ein eller annan grunn at me skulle sjå om lag ti forbanna minutt av sirkusførestellinga. Ikkje noko serleg god førestelling. Kva verre er, Malla bakar kaker til denne store dagen, og følgjer med på eit matlagingsprogram på kjøkkenfjernsynet sitt. Innimellom kjem det reklamar for alt mogleg dritt ein kan kjøpa i ein galakse langt borte. REKLAMEINNSLAG, for svarte!

Klåen er ein gammal rakkar. I ein heilt annan ikkje-Star Wars-relatert samanheng, ville dette vore ein fantastisk god komisk figur, men her er han berre fæl. Viss ein hadde respekt for wookieear, så forsvann dette då denne fyren sette seg ned for å sjå på wookiee-pornografi. Ja, du las rett, pornografi for wookieear. Heldigvis er det ikkje snakk om glattbarberte wookieear med silikon, eller hårete wookieesex (uff, det var eit bilete eg slettast ikkje ynskte i hovudet mitt!). Her er det snakk om ei dame med sølvhår som står og vrikkar på seg medan ho pratar skittent om Klåen. Denne dama er spelt av Diahann Carroll.

Viss ikkje dette var nok til å skremma deg vekk, så kan eg nemna av Beatrice Arthur speler ein rollefigur som heiter Ackmena, og er innehavaren av ei skjenkestove på Tatooine. Arthur er kanskje best kjent i Noreg som Dorothy frå fjernsynsserien Pantertanter. Ho er i alle fall med her, og ho har eit stort songnummer. Tenk deg den røysta, syngjande i ei skjenkestove på Tatooine saman med Greedo, varulvar, marsbuarar og elefantar. Eg gysar berre med tanken.

Beatrice Arthur i ei skjenkestove på Tatooine

Viss det er noko som er positivt med denne filmen, så må det vera Boba Fett. Midt i filmen er det eit teiknefilminnslag, og her er Boba ein nøkkelfigur. Dette er høgdepunktet i filmen, og kanskje òg det einaste som er verdt å sjå. Innslaget er ikkje så kjempegodt animert, og figurane liknar ikkje på seg sjølve, men det fungerer lell. For Boba er dette hans fyrste fyrste opptreden.

Mark Hammill er med som Luke Skywalker i Star Wars: Holiday Special. Sminkeavdelinga på filmen var visstnok veldig raus. Hammill fekk smurt skrekkeleg mykje sminke i trynet sitt, og ser meir ut som ein transvestitt enn Luke Skywalker. Replikkane han leverer er heller ikkje gode. Det er kvalmt å sjå at filmskaparane øydelegg figuren på denne måten.

Luke Skywalker

Carrie Fisher var òg med. Vel, i fysisk forstand i alle fall. Me kan diskutera kor mykje ho fekk med seg av dette året, neddopa som ho var på denne tida. Her er ho i alle fall sløv i blikket, slurvete i uttalen av ord og heilt borte. Ho har i ettertid nekta for at ho spelte i filmen, og ein kan spekulera i om det er av di ho ikkje likte filmen, eller om det var av di ho var så dopa den gongen at ho faktisk ikkje hugsar han.

Fleire av skodespelarane har nekta for å ha spelt i denne filmen. Då Harrison Ford var hjå Conan O’Brien i vår for å prata om filmen Firewall, kom Conan til å nemna Holiday Special:
Conan: «Du spelte i Star Wars, ein stor suksess som sendte deg til himmels som superstjerne. Eg høyrer folk talar om ein Holiday Special…»
Harrison fryser til i stolen sin, og startar å rista på hovudet.
Conan: «… og rykta seier at Lucas har prøvd å stogga filmen, men at det er spreidd mange videokassettar av filmen. Det seiast at du ikkje ser så alt for komfortabel ut med å spela i filmen.»
Harrison slår på stolarmen, og tørker sveitte av handflatene.
Conan: «Så fins faktisk denne filmen?»
Harrison ser både sint og fortvila ut no.
Harrison: «Nei. Nei! Den finst ikkje! Eg har aldri høyrt om den.»
Conan: «Kva om eg sa til deg at me hadde eit lite klipp frå denne filmen?»
Reaksjonen som då følgde var ganske festleg:

Harrison Ford går til åtak på Conan O'Brien

(Eg har lagt ut eit videoklipp av dette, sjå under)

På slutten av filmen, når Chewbacca endeleg er heime, og dei feirar «Livsdagen», dukkar plutseleg Luke, Leia, C-3PO og R2-D2 opp, sjølv om alle var på heilt andre kantar av universet berre for fem minutt sidan. Midt under seremonien høyrar me nokre tonar som ikkje er så ulik kjenningsmelodien til Star Wars. Plutseleg bryt Leia ut i song, med den sløvaste og falskaste røysta ein kan tenkja seg, og med blanke kokain-auge. Teksten på songen høyrast ut som om han er improvisert der og då, for dette er teitare enn ein Shakira-tekst. På andreverset høyrer me at det faktisk er kjenningsmelodien til Star Wars.

We celebrate a day of peace,
a day of harmony.
A day of joy we all can share
together joyously.

A day that takes us through the darkness.
A day that leads us into might.
A day that makes us want to celebrate
the liiiiiiiiiiiight.

A day that brings the promise
that one day we’ll be free,
to live,
to laugh,
to dream,
to grow,
to trust,
to loooove,
to beeeeeeeeeee

Lenkjer:

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/star-wars-holiday-special/