Eg leiter etter eit norsk ord for «zombie». «Udaud», «vandrande dauding» eller «attergangar» er ikkje godt nok, sidan desse er omsetjingar av «undead», «walking dead» og «ghoul». Desse orda kan berre stå som synonymar til «zombie», men ikkje erstatta det.
Kanskje på sin plass å definera kva ein «zombie» er fyrst:
- (historisk opphav til ordet) slangegud i voodoo-kultar.
- (overtru) ein avdøydd person som vert vekkja halvvegs til live igjen med voodoo-trolling. Zombien haldast som slave av trollmannen.
- (i daglegtale) ein dorsk og sløv person. «Ho ter seg som ein zombie i dag av di ho leste til eksamen heile natta.»
- (popkulturelt) eit kveikt lik som livnærer seg på levande menneskekjøt.
Eg held på å skriva om den popkulturelle zombien, den me ser i filmar som Night of the Living Dead og videospel som Resident Evil. Eg ynskjer kreative forslag, gjerne samansetningar av gamle norske ord (i fylgje Wiktionary finst det «uppvakningur» på Island). Eit par framlegg:
- Gravgangar
- Sljórskrømt
- Daudvandar
Spennande ord. Viss du har eit betre framlegg, så vert eg veldig glad for innspel. Send gjerne framlegget inn til zombie@boba.no om du ikkje ynskjer å gje innspel.
4 comments
Vebjørn
8. desember 2006 at 19:23 (UTC 2) Link to this comment
Vandaud?
Simon
8. desember 2006 at 23:28 (UTC 2) Link to this comment
Godt framlegg!
Vandaud høyrast ut som ei betre omsetjing av «undead». Kanskje eg skal nytta det i staden for «udaud»?
Vebjørn
9. desember 2006 at 18:49 (UTC 2) Link to this comment
Ja, kanskje det. So kan ein kalla zombiar for svimeskrømt (litt upresist, kanskje, men so har vel zombiar for vane å vera nokso sløve?)?
Simon
14. desember 2006 at 09:16 (UTC 2) Link to this comment
Zombiar manglar i aller høgste grad auge-handkoordinasjon, truleg av di dei ikkje har spelt Super Mario Bros. på Nintendo då dei var born – men så har jo zombiar heller ikkje ein normal oppvekst… faktisk ikkje ein barndom i det store og heile. I alle fall, svimeskrømt er notert.
Eg har fått to framlegg på zombie@boba.no:
Spennande, spennande.
Finst det ingen kannibalar i gamalnorske tekstar? Kva heitte dei?