Boba.no

Speed

Fredag 09. mars 2007, klokka 12:13

Tittel
Speed
IMDb
IMDb
Videoteket
Speed & Speed 2 Cruise Control
Årstal
1994
Regi
Jan de Bont
Manus
Graham Yost

Eg lèt Homer Simpson stå for handlingsreferatet: «I saw this in a movie about a bus that had to speed around a city, keeping its speed over fifty, and if its speed dropped, it would explode. I think it was called The Bus That Couldn’t Slow Down
Hehehe. Homer har rett, bussen vil eksplodera viss han går under femti (mph, ikkje km/h). Då den galne skurken ringjer inn bombetrusselen, må ein djerv politimann må finna ut kva buss bomba er på og korleis han kan redda passasjerane og stogga slemmingen.

Filmen er hjernedaud underhaldning. Det går slag i slag med spenningsscener og høgdepunkt heile vegen, og alt som heiter klassisk dramaturgi er kasta ut av vindauget og erstatta av steinsprang, asfalt og brannbomber. Når me når det store klimakset, er me heilt utkøyrt av di filmen har hatt klimaks heile vegen. Det er som å verta mett med kvart eit tygg ein tek av middagen.

Gje innspel

Lyst på eit anna brukarbilete? Registrer e-postadressa di hjå Gravatar.com og last opp.

Viss dette er fyrste gongen du gjev meg innspel, kan det ta litt tid før innspelet dukkar opp.

Opphavsrett © 2001 – 2010 Simon Hansen. Ettertrykk forbode utan løyve frå opphavsmannen.