E.T. holonet home?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I mine søk etter topp ti kvinner og menn frå Star Wars-galaksen, gjorde eg grannsam etterrøkjing i mange kjelder (les: eg såg filmane, spelte eit par spel, og bladde i teikneseriar og bøker). I Episode I finst det ei gruppe vesen som eg vil sjå nærmare på no:

Senatorar frå Brodo Asogi

Viss du tykkjer dette liknar på ein telefonglad mann frå verdsrommet, så har du heilt rett. Det er same rase som E.T.. Berre eit påskeegg, eller det endelege provet på at Star Wars er basert på ei sann hending?

Fakta frå Star Wars:
Senator Grebleips((Spielberg baklengs)) med følgje er frå planeten Brodo Asogi, som tyder «grøn planet». Rett før Klonekrigen finansierte Grebleips ein ekspedisjon som skulle reisa ut av Star Wars-galaksen. Me veit at denne galaksen er ein galakse «langt, langt borte».

Fakta frå E.T.:
E.T. kjem frå «Den grønne planeten», som ligg kring 3 millionar ljosår unna jorda. Dette tyder at E.T. ikkje er frå vår eigen galakse Mjølkevegen, sidan denne er 100 000 ljosår breid. Den nærmaste naboen til Mjølkevegen er Andromeda-galaksen, som ligg 2,5 millionar ljosår unna. I E.T. ser me at vesenet reagerer på å sjå ein unge i Yoda-kostyme. Han spring etter ungen, medan han ropar «Heim! Heim!» Var det ein rase han kjente att? Vidare ser me at E.T. har tilsynelatande magiske evner. Kan det vore så enkelt som at han var Kraft-sensitiv?

Samanlikning av romskipa

Som du ser av biletet over, er romskipet til E.T. ganske likt skipa til Handelsføderasjonen i Star Wars. Skipa til handelsføderasjonen var sjølve kula i midten. Sirkelen rundt var lasterom og våpensystem som vart kopla frå når skipet skulle landa. Det er tenkjeleg at Grebleips kjøpte eit av desse skipa frå Handelsføderasjonen til den fræge ekspedisjonen.

E.T. er på ein ekspedisjon. Er dette den same ekspedisjonen som Grebleips finansierte? Som du ser, er det mykje som tyder på det.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/et-holonet-home/