Topp ti kjekke menn frå Star Wars

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Her på Boba.no er ingen gløymt. Heilt sidan eg skreiv lista over dei ti fagraste kvinnene i Star Wars, har eg fundert over kven dei kjekkaste mennene i Star Wars-galaksen er. Etter ei like hard og nådelaus utveljing, har eg kome fram til dei ti mannfolka som representerer mangfaldet av venleiksideal og maskulinitet. Korkje Luke Skywalker, C-3PO eller Jar Jar Binks kom gjennom nålauget. Keisar Palpatine, Kit Fisto og Poggle den mindre nådde nesten fram. Her er dei ti som kom med; dei ti kjekkaste mennene i Star Wars:

#10: Admiral Ackbar

Det gjekk gjetord i heile galaksen om den store Ackbar frå Mon Calamari. Det var han som la strategien for det suksessrike slaget om Endor. Ackbar var eit viktig fredssymbol blant alle rasar og vesnar, då Imperiet førte ein aktiv humanoid-politikk som undertrykte ikkje-humanoidar. Då Imperiet kapra vatnverda hans, vart Akcbar slave for Grand Moff Tarkin. Der fekk han høyra mange løyndommar som kom til å ha stor tyding for Alliansen. Den store krigshelten døydde av alderdom mot slutten av Yuuzhan Vong-invasjonen, 74 galaktiske standardår gammal.

Admiral Ackbar 1 Admiral Ackbar 2 Admiral Ackbar 3

#9: Lando Calrissian

– «Kortspelar. Kjeltring. Du vil lika honom.»
Lando Calrissian har alltid eit skjarmerande glis på lur, og har klede med stil og klasse. Han er ein sjarmør av galaktisk rang, noko han har lært gjennom mange år som hasardspelar og smuglar. Men han er vorte heiderleg. Han vart leiar over tibanna-gassminene på Bespin (ei stilling han vann etter ein heftig runde med kortspelet sabacc), og tok si nye sosiale rolle seriøst i Cloud City. Det var heilt til Imperiet kom og tok over byen med makt. Calrissian vart då med Alliansen i kampen mot diktaturet. Smuglarbakgrunnen hans vart ein verdifull ressurs, og under slaget om Endor var hans uortodokse metodar essensiell for sigeren. Ungkarslivet tok slutt då han forelska seg i Tendra Risant, som han seinare gifta seg med.

Lando Calrissian 1 Lando Calrissian 2 Lando Calrissian 3

#8: Logray

Medisinmannen i Ljostre-stammen, Logray, var ein høg ewok med «magiske» kreftar (Logray hadde lært seg å nytta Krafta). Han var ein vis ewok, og var verdifull i stammen når dei ved fleire høve var truga. Men då Logray vart eldre, byrja han å nytta svart magi (den mørke sida av Krafta). Under slaget om Endor såg dei andre i stammen denne mørke sida av Logray, og han vart landlyst. Dei andre ewokane nemnte aldri meir namnet Logray.

Logray 1 Logray 2 Logray 3

#7: Darth Maul

– «Fear. Fear attracts the fearful… the strong… the weak… the innocent… the corrupt. Fear. Fear is my ally.»
Ikkje mykje er kjent om Darth Maul. Berre Darth Sidious veit kven han eigentleg var, denne kraftsensitive zabraken han kidnappa frå Iridonia som liten gutunge. Sidious tok honom som lærling, og lærte honom berre å kjenna frykt, raseri og hat. Somme tider tykte læremeistaren at han nesten var for vondsinna. Darth Maul var den fyrste sithen på eit millennium som jediorganisasjonen kjente til, men arroganse i rekkjene deira gjorde at dei ikkje tok avsløyringa av sithane med alvor. Dette resulterte til slutt i at heile jediorganisasjonen vart brutalt slakta ned, nett som Darth Maul drøymde om. Men han fekk aldri sjå denne sigeren sjølv. Då han tok livet av den store jediriddaren Qui-Gon Jin, gjekk Obi-Wan Kenobi, læresvennen til Jin, i ein berserkgang styrka av den mørke sida av Krafta og drap Maul med hat i blikket.

Darth Maul 1 Darth Maul 2 Darth Maul 3

#6: TK-421

TK-421 fekk ein dag ordre om raska seg bort til eit skip som den imperiske kampstasjonen Dødsstjerna hadde fanga med den kraftige trekkjestråla si. Då han møtte opp, fekk han å stå vakt utafor skipet. Ordren kom direkte frå sjølvaste Darth Vader, den høgre handa til keisaren. Det var ein stor dag for TK-421, og han ville gjera eit godt arbeid. Då teknikarane som skulle skanna det frammande skipen spurte om han og TK-422 kunne gje dei ei hjelpande hand, var han ivrig etter å hjelpa dei. Inne i skipet fekk båe soldatane ei straumsalve i ryggen. TK-421 vakna opp att på sjukestova. Hans vidare historie kjennast ikkje, men han døydde truleg då Dødsstjerna vart øydelagt.

TK-421 1 TK-421 2 TK-421 3

#5: Wedge Antilles

Wedge Antilles er ein av dei verkeleg store heltane i den galaktiske borgarkrigen, men har kanskje ikkje fått den merksemda han fortener. Han var ein av få pilotar som overlevde slaget om Yavin. Han var òg i kamp under slaga om Hoth og om Endor, og er den einaste piloten som var i kamp mot (og overlevde) båe Dødsstjernene. Han er lynande intelligent, og samstundes jordnær og lojal mot Alliansen.

Wedge Antilles 1 Wedge Antilles 2 Wedge Antilles 3

#4: Obi-Wan Kenobi

Obi-Wan Kenobi var ein av dei siste store jedi-riddarane. Han er den einaste padawan-eleven som har møtt, og overlevd, ein sith-drott. For den store påkjenninga ikkje berre med å kjempa mot Darth Maul, men òg vera vitne til at meister Qui-Gon Jinn dødeleg såra i kampen, slapp Kenobi å taka den store jedi-prøven som alle aspirerende jediriddarar må gjennom. Og han steig snøgt i gradane, og vart ikkje berre ein jedi-meister, men eit medlem av jedirådet! Han var òg i kamp mot Darth Vader, som han slo (utan å drepa) på Mustafar. Under Klonekrigen fekk Obi-Wan aukenamnet «Forhandlaren» på grunn av sine makalause evner til å gå inn i kampar og avslutta dei utan å løfta eit våpen. Etter den store jediutreinskinga, som han var ein av få jediar som overlevde, gjekk han i eksil på Tatooine, der han vakta over den vesle guten Luke Skywalker og venta på ord frå Yoda eller Bail Organa om å slå attende mot sithane og gjenoppretta orden i galaksen.

Obi-Wan Kenobi 1 Obi-Wan Kenobi 2 Obi-Wan Kenobi 3

#3: Chewbacca

Det er sjeldan at du kjem over meir gjævlynte skapnader enn wookieear. Dei er svært lojale vesen, noko Han Solo kunne stadfesta. Chewbacca sverga livsgjeld til honom etter at han redda livet hans, og var sidan livvakta og den nære venen til Solo. Chewie, som Solo kalla honom, hadde familie heime på Kashyyyk. Kona Mallatobuck (Malla blant vener) og sonen Lumpawaroo (Lumpy), samt faren Attichitcuk (Itchi), var veldig glad kvar gong Chewbacca og Solo kom heim. Den sterke wookieen møtte ein tragisk død under Yuuzhan Vong-invasjonen, berre 225 år gammal (den forventa levealderen til wookieear er 600 år).

Chewbacca 1 Chewbacca 2 Chewbacca 3

#2: Kyle Katarn

Kyle Katarn er ein Mann med stor M. Stormtroppsoldat, rebelagent, jediriddar, mørk jedi, jedimeister, elskar, medlem av jedirådet, krigar… gløym Obi-Wan Kenobi og Chewbacca, her har du ein verkeleg helt. Katarn har delteke i mange av dei store hendingane i galaksen. Han var ein av agentane som stal planane til Dødsstjerna. Han har eigenhendig stogga opptil fleire forsøk på å starta nye sith-ordnar. Som heilt fersk jedi, drap han både Yun, Gorc, Pic, Maw, Sariss, Boc og Jerec. Etterpå tok han Desann og Tavion. Hans faste pilot og følgjesven Jan Ors er hans store kjærleik, og han har fridd til henne mange gongar. Men av di han var så tøff at alle slemmingar i galaksen vil drepa honom, har ho framleis ikkje sagt ja i frykt for at det vert den siste dagen deira saman. Kyle Katarn er så tøff at Boba Fett feila i å ta honom. Katarn er så tøff at han kan dela på null. Katarn er så tøff at han kan fanga eit blasterrifleskot med tennene sine! Og du berre veit at Dødsstjerna er oppkalla etter Kyle Katarn.

Kyle Katarn 1 Kyle Katarn 2 Kyle Katarn 3 Kyle Katarn 4 Kyle Katarn 5

#1: Boba Fett

Boba Fett er den einaste som har overlevd ein kamp mot Kyle Katarn, og for den bragda har Boba fått gjetord på seg å vera den beste dussørjegeren i galaksen. Han var den genetisk uendra klona av Jango Fett, og var trena i mandalor-tradisjonar av honom. Jango vart drepe av jedimeistaren Mace Windu under slaget om Geonosis, byrjinga av klonekrigen. Boba overlevde, og hemngjerrig drog han ut på jakt etter feite dusørar. Men ei stund såg det ut til at Fett kom til å verta heiderleg. Han møtte ei fager jente, og dei fekk ei dotter saman. Men då dottera var to år gammal, stakk Boba Fett av frå familien. Boba Fett er den einaste som vågar å seia i mot Darth Vader. Eg veit at mange trur at han døydde i Return of the Jedi, men viss du ser scena om att, ser du at sarlaccen fekk vont i magen av å svelja honom. Boba Fett kom til å venda attende i dusørjeger-bransjen, og gjera namnet Boba Fett til eit av dei mest frykta namna i galaksen. Nest etter Kyle Katarn, sjølvsagt.

Boba Fett 1 Boba Fett 2 Boba Fett 3 Boba Fett 4 Boba Fett 5 Boba Fett-figur

Bileta er henta frå ymse kjelder, og tilhøyrer Lucasfilm.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/topp-ti-kjekke-menn-fra-star-wars/

5 comments

Skip to comment form

  1. Kva med Han Solo? Han Han er heit, han…

    • Simon on 1. mai 2007 at 17:18
      Author

    Det er tøff konkurranse om plassane, og Han Solo nådde diverre ikkje heilt til toppen. Men Solo er nok sikkert blant dei topp 20.

    (Heilt ærleg hadde eg ikkje lyst å ha nummer sju med på lista, men prøv du å fortelja det til honom!)

    Ein liten merknad til det andre biletet av Chewbacca: mange undrar over kva som føregår i biletet, men det er eigentleg ganske logisk. Chewbacca og R2-D2 dansar. Denne vesle dansen kunne du sjå i episode 17 i sesong 4 av The Muppet Show. Best… episode… ever!

    • Ola on 2. mai 2007 at 11:22

    Eg har lenge tykt at Boba Fett er den kulaste mannen i Star Wars, men kvifor er ikkje Kyle Katarn meir kjend om han er so kjekk, tøff og kul? Eg har ikkje høyrt om nokon andre enn deg som hausar han slik opp. Og kva gjer TK-421 so spesiell, eigentleg?

    • Simon on 2. mai 2007 at 19:53
      Author

    Kyle Katarn var hovudpersonen i dataspela Dark Forces, Jedi Knight: Dark Forces II og Jedi Knight II: Jedi Outcast, og hadde sentrale roller i dataspela Jedi Knight: Mysteries of the Sith og Jedi Knight: Jedi Academy. Det er laga ein bokserie om honom, Dark Forces, og han er med i ein rekkje andre bøker (m.a. Dark Nest). Det finst òg mange hugfilmar der Katarn er med, og mest kjent er Spirits of the Force-trilogien. Skodespelaren her klarar ikkje å yta Katarn rettferd, men så er jo Kyle Katarn så tøff at berre Katarn kan spela Katarn!

    TK-421 var ein ihuga og arbeidsam mann. Den gjennomsnittlege stormtroppsoldaten utførte ordrer, og berre det. Såg dei ein unge som snubla å hovde på gata, løfta dei ikkje ein finger for å hjelpa. Det var jo ingen som hadde gjeve dei ordre om det! TK-421, derimot, ville hjelpa ungen opp att. Det er ein sjeldsynt kvalitet hjå dei hjernevaska stormtroppsoldatane! Diverre for TK-421, var det ein kvalitet som kom til å kosta honom dyrt, ettersom han vart eit offer for eit bakhaldsåtak ombord på Tusenårsfalken på Dødsstjerna.

    Heilt til sist: hadde Kyle Katarn ikkje desertert frå Imperiet, så hadde utfallet av krigen vore svært annleis!

    • Jamie on 12. august 2009 at 18:28

    Admiral Ackbar vil alltid være min favoritt!
    It’s a trap!

Comments have been disabled.