Dei beste sumarfilmane

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Sumar tyder underhaldningsfilm! Det er ingenting som er så godt som å gøyma seg inne i ly for vêret. Det er deilig å sjå film over eit kaldt glas, i skjul for den grueleg heite sola. Her har eg vald ut nokre filmar som høver godt til dette føremålet.

Desse rekt ikkje heilt opp:

Independence Day

Jada, du veit kva du kan forventa av Roland Emmerich, men nett difor er denne ganske gjæv. Dette er ei modernisert utgåve av Klodenes Kamp av H.G. Wells. Romvesen, viss einaste mål er å spreia øydelegging og daude, invaderer jorda. Her får du vitskapsdikting og spenning i ekte sumarstorfilm-stil.

Independence Day

Jøss, våpna våre fungerer ikkje

Moderne tider / Modern Times

Den industrielle revolusjonen, teknologi, maskiner og samleband – kor får kjærleiken og mennesket plass? Den kjente og kjære figuren til Charlie Chaplin, den vesle landstyrkaren, strever etter å få plass i det moderne samfunnet i denne varme satira. Dette var den siste filmen med den legendariske landsstyrkarfiguren i, og var blant dei siste store stumfilmane.

Eit verdig farvel.

Å vende tilbake / Volver

Pedro Almodóvar vender seg til eit større publikum i denne dramafilmen. Han blandar det koselege med det gruelege på ein laus og lett måte, og jamvel om me vert forferda over det forferdelege, er det ikkje dette hovudtemaet i filmen. Filmen handlar om fortida og familieband. Opningsscena – der eit tjuetals enker er på kyrkjegarden og vaskar gravstøttene til sine daude slektningar – set standarden for den litt smårare men varme humoren resten av filmen.

Mor, tante og dotter etter å ha vaska kyrkjegarden

Black Snake Moan

Samuel L. Jackson speler ofte ein BMF, og anten det er i Pulp Fiction eller i Attack of the Clones, så er han ikkje til å kødda med. Difor var det spennande å sjå denne filmen. Me er sør i Sambandsstatane. Sam speler Lazarus, ein sliten kristen som ein dag finn eit forslått, halvnakent kvinnemenneske utafor huset sitt. Han tek henne med seg inn, og vil redda henne frå sex og rus for å redda seg sjølv.

«Skulle ynskje eg hadde ein ordentleg Gråtass-traktor»

Die Hard i New York / Die Hard with a Vengeance

Dette er ikkje den beste filmen i serien om McClane (men heller ikkje den verste; nummer fire er verre), men han fungerer som sumarfilm. Etter at eg såg den på ny, og las om den i New Hollywood Cinema av Geoff King, fekk eg ny respekt for filmen.

John McClane finn ut at terroristar ikkje sumarferie

For en neve dollar / A Fistful of Dollars

Spagettiwestern er ein filmtype som er elska og hata. Det er mykje skit, men det finst mykje godt òg. Eg er ikkje så glad i slik film, med eller utan spagetti, men innrømmer lett at For en neve dollar er knallgod. Dette er ei nyinnspeling av Yojimbo (som igjen var ein filmversjon av boka Red Harvest. Star Wars: VI hadde forresten dekknamnet Blue Harvest). Den namnlause mannen spelt av Clint Eastwood kjem til ein by styrt av to bandar. Pistolmannen plasserer seg like gjerne på midten, og syter for at bandane krigar mot kvarandre.

Spennande kamerabruk i ein klassisk spagettiwestern

Hva er det med Gilbert Grape? / Whats Eating Gilbert Grape?

Dette er den mest mest melankolske filmen i innlegget. Gilbert, som har andsvaret for den sengeliggjande, overvektige mora si og den utviklingshemma broren sin, møter ein dag den vene Becky. Familieandsvaret kjem i vegen for kjærleiken, og kva enn skjer, ser det ut til å vera heilt vonlaust for stakkars Gilbert. Eg leiter fram denne filmen viss nokon påstår at Leonardo Di Caprio er ein dårleg skodespelar eller meiner at Johnny Depp berre kan spela rare roller.

Leonardo Di Caprio storspeler

Saturday Night Fever

Spradeturen som vandra inn i filmhistoria. Arbeidarklasseguten Tony Manero nyttar tid og krefter og alle lommepengane sine til dansing og laurdagskveldane. Blankpussa sko, klede med perfekt passform, hårkrem til den store gullmedalja, og musikken… den fantastiske musikken.

Heite discorytmar frå Bee Gees

Smala Sussie

Frå Värmland kjem dette herlege lystspelet om forsvinning, dopsmugling, pengar og korrupt politi. Eric får ein dag telefon frå heimbygda om at systera hans, Smala Sussie, har forsvunne, men poltiet gjer ingenting. Han reiser attende til den vesle staden for å finna ut av forsvinninga, og møter ting nett som det alltid har vore. Eller er det?

Herleg lystspel frå Sverige

Pirates of the Caribbean: The Curse of the Black Pearl

Johnny Depp koser seg i rolla som Jack Sparrow, orsak, kaptein Jack Sparrow, i denne filmen om forbanning, sjørøvarar og skjulte gullskattar. Morosamt for heile familien, og det til trass av at dette er både ein Bruckheimer-film og ein Disney-film. Eg hadde trudd dette ville føra til politisk ultrakorrekt hyperpatriotisme med svaiande amerikanske flagg i saktefilm til pompøs musikk i ei verd der ingen drakk, dreiv hor, sloss eller gjorde noko som helst artig. Til mi overrasking var det flust med prostituerte i filmen, og rommen flaut fritt – i alle fall i den grad Disney torde. Det var meir enn nok av dei pompøse scenene me kjenner frå Bruckheimer, komplett med svaiande flagg i saktefilm, men ingen av desse var i amerikanske fargar, så det gjeng greitt. Synd film to og tre syg så fælt.

«You spent three days on the beach drinking rum?»

Dei beste sumarfilmane

Så var det lista, då. Her er mine ti favoritt-sumarfilmar:

#10: Til siste åndedrag / À bout de souffle

Filmen som sett ordet kul på kartet. Ein ung mann, biltjuv og uoverlagd mordar, fer til Paris for å overtala jenta si om å flykta til Italia med honom. Jean-Luc Godard tek deg med på ei fantastisk ferd langs sekstitalets gater i Paris, og gjennom innovative hoppklypp og røff kamerabruk held han tempoet oppe og gjer filmen heit og kul på same tid!

Ein av dei mest kjende fransk bølgje-filmane

#9: Dirty Dancing

Baby er 17 år, og er snart ei vaksen kvinne. Ho møter kjærleiken for fyrste gong på ein keisam ferie med dei strenge foreldra. Dette er den ultimate sumarflørten. Og for dei som ikkje liker sånt kliss: det er ein glimrande dansefilm med knall musikk.

«Nobody puts Baby in the corner!»

#8: Grease

Grease er ordet! Etter ein fantastisk sumarflørt, er det på tide å møta kvardagen att. Kva skjer når Sandy og Danny møter kvarandre att på skulen? Songar til å syngja med på og musikk til å digga, dette er ein av dei betre ungdomsfilmane.

Sandy og Danny og sumarnatta

#7: Haisommer / Jaws

Dette er opphavet til sumarfilmen som fenomen. Spielberg synte fram regimusklar og stor underhaldningssans med denne perla av ein monsterfilm. Det vesle øysamfunnet Amity livnærer seg av sumarturistar, men det er dei ikkje er aleine om! Filmen har sine røter i Creature from the Black Lagoon, men står veldig godt av seg sjølv.

Dudummdudummdudumm

#6: A Scanner Darkly

Filmar basert på bøker ytar ikkje alltid rettferd mot det opphavlege verket. Slik har det òg vore med bøkene til Philip K. Dick. Total Recall var kanskje litt artig, men ikkje så veldig god. Impostor stinka. Paycheck med. Og lat meg ikkje byrja med Next! Den beste filmen basert på bøkene til Dick er Blade Runner. Men han har ein utfordrar i A Scanner Darkly. Ei god historie handsama på godt vis av Richard Linklater. Filmen er animert ved hjelp av rotoskoping, ein eldgammal teknikk (relativt til filmhistoria) som fungerer som faen, og er særs spennande å sjåast til. Rotoskopinga tek dessutan vare på skodespelarprestasjonane, og dei er ypparlege. Til og med Winona Ryder.

Knallgod vitskapsdikting

#5: The X-Files Movie

Ein av nittitalets beste fjernsynsserie kom til lerretet i 1998. Og det var stort! Eksplosjonar, samansverjingar, UFO-ar, romvesen, og midt oppi det heile: Mulder og Scully. Eg vil sjølvsagt oppmoda til å sjå dei fem fyrste sesongane, då historia spinner vidare på idear me har fått der. Likevel står filmen godt aleine, og fungerer for dei som ikkje er kjend med serien og heller ikkje er redd for spoleringar i tilfelle dei kjem til å sjå serien etterpå. Han er tilgjengeleg for eit større publikum utan at det nemneverdig går ut over det som gjer X-Files til X-Files. Større budsjett, men same kjensle. Og dessutan får me sjå Mulder pissa på filmplakaten til Independence Day!

Sanninga er der ute

#4: Vinduet mot bakgården / Rear Window

Fotografen L. B. Jefferies, som for tida sit i rullestol etter ei arbeidsulykke, sit heime i blokkleilegheita si og har det trist og keisamt. Sumaren er heit, men alt han kan gjera er å sitja og glana ut vindauget mot bakgården. Men kva var det som hendte i blokka andsynes honom ein kveld? Har Jeff vore vitne til eit mord, eller er varmen og rullestolen i ferd med å gå til hovudet på honom?

Grace Kelly er fantastisk, som vanleg

#3: Siste natt med gjengen / American Graffiti

Skapet er rydda og gymnaset er stengt. Me følgjer ein småby-venegjeng ein sumarkveld som aldri vert gløymd. Det heile er sett til sekstitalet, då musikken var kul og motebiletet var tøft og rånarane eigde gata (i motsetjing til no, når musikken er forvirrande og bråkate, motebiletet er meir forvirrande og meir bråkate, og rånarane berre er teite og særs bråkate). Filmen handlar om den siste natta med gjengen, og om å taka sine eigne val og gjera sine fyrste nølande steg ut i den store verda.

Terry the Toad skårar

#2: Reprise

Verdas beste norske film. Om galskap, forelsking, litteratur og venskap. Ein forteljarstruktur me elles ser lite, leiken med ljod og bilete og eit formverk som me ikkje har sett så mykje til tidlegare i norsk film.

«The nor-wave»?

#1: Look Both Ways

Det er vanskeleg å seia noko om denne filmen utan å skremma bort tilskodarane. Han handlar om sjukdom, daude, kreft, smerte og tap. Men det er ein gladfilm! Fotografen Nick har nett funne ut at han har kreft. Målaren Meryl har nett mista faren sin. Dei møtast på åstaden for ei tragisk togulukke der ein mann mista livet. Det er den varmaste helga denne sumaren. Filmen er fantastisk godt gjennomførd, og formverket er friskt. Det er ikkje mogleg å lata vera å lika han.

Weee, hopp i vasspreiaren!

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/05/dei-beste-sumarfilmane/

2 comments

    • Vegard Thingvoll on 3. juni 2010 at 4:19

    Utrolig bra post! Kom deg på Facebook, så får jeg oppdateringene automatisk, også uten RSS 😀

    • Simon on 3. juni 2010 at 9:57
      Author

    Kor mange gonger skal me ha ordskiftet om Facebook? Eg kjem aldri til å registrera meg der så lengje dei held fram med overtrampet på personvernet. Grunnleggjaren har sjølv uttala at han tykkjer brukarane av nettstaden er «dumb fucks», og ser på dei som eit naudsynt vonde for å selja lysingar. Grunn denne haldninga, har Facebook gått frå å vera ein kjekk sosial nettstad, til ein usivilisert westernby der brukarane må betala kvar ny oppdatering med litt ekstra til dei røffe skurkane som stadig vekk kjem innom på plyndring. Som det står i ein kommentar i Newsweek: «If you really expect this company to suddenly become trustworthy, you’ve lost your mind.»
    http://www.newsweek.com/2010/05/24/who-needs-friends-like-facebook.html
    https://www.eff.org/deeplinks/2010/04/facebook-timeline
    http://mattmckeon.com/facebook-privacy/

Comments have been disabled.