Eg har fulgt oscarutdelinga gjennom fleire år. Eg har gode minne om Billy Chrystal som vert, om den sjenerte takketala til Charlie Kaufman, dei utruleg dyre kjolene og protestane mot æresoscaren til Elia Kazan. Eg plar gjera klar matpakke, varm kakao, saltknask og godt, og har lister med avkryssingsfelt med favorittane godt merka. Det er ingenting som er så artig som når dei vinn, men om dei ikkje gjer det så er det greitt det òg (så framt eg i det minste får fleire rett enn oscar-venene mine, sjølvsagt). Oscar er sjølvsagt ikkje ein objektiv filmpris som heidrar dei beste filmane, men det er den største og mest kjende filmprisen i verda. Som statskanal, har NRK ei plikt til å syna eit breitt programtilbod som skal dekkja alle aldersgrupper og samfunnslag. Det skulle difor vera sjølvsagt at NRK sendte oscar. I røynda eig faktisk NRK retten til å senda Oscar i Noreg, men dei vel bort oscarsendinga til føremonn for Svisj/Jukeboks/noko-anna-SMSbasert-dritt-som-nesten-ingen-ser-på. Dette er svært irriterande, for Noreg er dimed det einaste landet i Skandinavia utan oscarnatt. Eg har sendt meldingar til NRK med førespurnader, spørsmål og ris opp gjennom åra. Her er tre av dei (lett redigert):
2006
Hei.
Som ivrig filmtittar er Oscar-utdelinga årets høgdepunkt på fjernsynet. Utdelinga skal sest direkte, uklyppa og utan pålagte kommentarar.
Dei siste åra har eg difor vald å sjå henne på Sveriges Television, som gjer nett dette. Sendinga deira er direktesendt, uredigert og utan kommentarar undervegs. SVT er difor mitt kanalval på Oscar-kvelden. Skrekken slo i meg då eg no nyleg fekk sjå sendeskjemaet til SVT for sundag 5. mars. Der står det ikkje noko Oscar-program. Ein kjenning av meg har kontakta dei, og svaret var: «Tyvärr blir det ingen Oscarsgala på SVT i år. Vi är lika besvikna som du».
No er eg difor desperat. Kven er det som skal senda Oscar-sendinga i Noreg i år? Vert ho sendt direkte? Vert ho sendt i sin heilskap uredigert? Vert ho sendt utan kommentarar?
Vonleg kan de svara meg.
Hei.
Som ivrig filmtittar er Oscar-utdelinga årets høgdepunkt på fjernsynet. Utdelinga skal sest direkte, uklyppa og utan pålagte kommentarar.
Dei siste åra har eg difor vald å sjå henne på Sveriges Television, som gjer nett dette. Sendinga deira er direktesendt, uredigert og utan kommentarar undervegs. SVT er difor mitt kanalval på Oscar-kvelden. Skrekken slo i meg då eg no nyleg fekk sjå sendeskjemaet til SVT for sundag 5. mars. Der står det ikkje noko Oscar-program. Ein kjenning av meg har kontakta dei, og svaret var: «Tyvärr blir det ingen Oscarsgala på SVT i år. Vi är lika besvikna som du».
No er eg difor desperat. Kven er det som skal senda Oscar-sendinga i Noreg i år? Vert ho sendt direkte? Vert ho sendt i sin heilskap uredigert? Vert ho sendt utan kommentarar?
Vonleg kan de svara meg.
Og svar fekk eg. På bokmål. Og dei skreiv at dei kom til å senda ei to timar lang sending med høgdepunkta torsdagen etter. Dette er ikkje akseptabelt, men det var lite eg kunne gjera. Eg glytta over resultatlista på morgonkvisten, erga meg over at eg ikkje fekk sjå sendinga, og gjorde noko heilt anna den dagen NRK sendte klyppa sine.
2007
Over heile verda sit det i desse dagar folk og ventar på Oscar-utdelinga. Denne glamorøse prisutdelinga, som i år vert sendt natt til 26. februar norsk tid, er for mange – inklusive meg – årets høgdepunkt på fjernsynet, og det er stor stas å sjå sendinga direkte, uklyppa og utan kommentatorar.
I fjor gjekk eg for fyrste gong på mange år glipp av Oscar-utdelinga. SVT, som til vanleg er mitt val i høve denne sendinga, viste ikkje Oscar i fjor. Verre var det då å oppdaga at NRK, som eigde retten til å visa sendinga i Noreg, regelrett utførde hærverk mot henne. NRK viste Oscar heile FIRE dagar etter at det var over. Nyhende- og underholdningsverdien var fullstendig borte, ettersom alle nettavisar i kvar ein krok av verdsveven hadde bilete frå utdelinga og lister med alle vinnarane berre ein liten time etter at utdelinga var over. Ikkje nok med at NRK bæsja på leggen ved å visa henne alt for seint, men det var i ein sterkt redigert utgåve der alt det artige og festlege var borte. Skjarmen med å sjå Oscar-utdelinga (direktesendt) er ikkje berre å få vita kven som vinner, men òg å sjå takketalen til nervøse ljodteknikarar, vonbrotet i auga til taparane, den overdådige mottakinga før utdelinga, pomp og prakt, musikkinnslaga, dei halvtørre vitsane til Oscar-verten og så bortetter. Alt dette var borte i NRK-sendinga i fjor.
Difor er eg veldig spent no: har NRK kome til vettet? Skal dei senda Oscar direkte, uklyppa og staseleg, natt til 26. februar?
Det skulle dei ikkje. Igjen svara dei meg på bokmål. Igjen svara dei at dei kom til å senda såkalla høgdepunkt i ei nedkorta sending eit par dagar seinare. Igjen såg det ut som om eg måtte gå glipp av oscar. Men denne gongen gav eg ikkje opp like lett. Eg fann til slutt nokre snille piratar som strøyma sendinga direkte over Internett, og sjølv om det var med dårleg oppløysing og stundom datt ut eit par sekund, så tykte eg det var staseleg lell. Eg fekk til og med sjå den fyrste norske oscarsigeren sidan Kon-Tiki, Den danske dikteren, ei historisk augeblikk NRK kunne sendt direkte om dei ikkje var så jævla glad i Svisj/Jukeboks/dritt.
For eit par dagar sidan, 2009
Statskanalen NRK har som andsvar å sikra at folket i Noreg har eit stort programtilbod for alle aldersgrupper og interesser. Kvalitet, mangfald, informasjon, utvikling og underhaldning står som viktige stikkord i tufta dykkar. Alle borgarane i landet skal kunne kjenna seg heime på NRK. Dette høyrast veldig flott ut på papiret, men diverre klarar de ikkje alltid å innfri. Eg talar om oscarutdelinga, Academy Awards, den mest kjende prisutdelinga i filmverda og ein av dei viktigaste utanlandske produksjonane NRK plar skaffa seg senderetten til. Men kva i alle dagar skal de med den retten når de kastar han i dass og sender eit skamklyppa opptak av utdelinga fleire dagar seinare?!
Det finst mange kring om i landet – i heile verda – som gler seg til den 23. februar klokka 02.00 norsk tid. Oppvarming med tidlegare vinnarfilmar. Den raude lauparen, stjernene, glitter og stas. Venskaplege tevlingar om kven som vinner i dei ymse kategoriane. Nattmat. Glede når favorittane vinn, vonbrot når dei tapar. NRK er jo veldig flinke til å senda ymse utruleg keisame sportshendingar, det går mest ikkje ein dag utan at me ser nokon som går på ski, sparkar ein ball eller gjer noko anna heilt meiningslaust. Dei som liker å titta på sånt, tykkjer sikkert Oscar er like meiningslaust som eg tykkjer sportstevlingar er, men gleda og spenninga til oss som følgjer oscar er like stor, like varm, og like ekte. NRK har eit andsvar til å syna viktige kulturhendingar, og Oscarutdelinga utan tvil viktig.
Eg har berre eitt ynskje: direktesendinga i heilskap. Svenskane gjer det. Danskane gjer det. Kvifor ikkje Noreg? Tidlegare var det enkelt for nordmenn med oscarfeber. Då kunne me sjå det på SVT over kabel. Diverre er det ein annan svensk kanal som har teke over denne sendinga, og denne kanalen er ikkje å finna i norsk nett. No må me difor finna direktesendinga på anna vis. Ikkje heilt lovlege vis. Piratparabol, til dømes. Eller som strøyma sending over Internett. Dette er både særs ulagleg og vrient.
Her betalar eg den dyre NRK-lisensen berre for å ha rett til å eiga eit fjernsyn slik at eg kan få med meg det einaste fjernsynsprogrammet eg følgjer med på den eine dagen i året det går, og så sviktar NRK meg totalt gong på gong. Det er jo direktesendinga som er opplevinga. Kven som helst kan gå på nett og skaffa seg oversyn over vinnarane morgonen etter. Nyhendeverdien forsvinn med ein einaste gong. Den skamklyppa og tre dagar for seine utgåva som NRK plar senda har ingen nyhendeverdi eller nokon tiltalande trekk som gjer at eg vil setja av tid til å sjå den. NRK har heile tre fjernsynskanalar å ta av, det skulle vera kjempelett å finna plass midt på natta på ein av dei.
Eg vonar den som tek i mot denne meldinga kan senda henne vidare til dei som har andsvaret for å setja opp programmet natt til måndag 23. februar, og at filminteresserte nordmenn endeleg kan sleppa stressa håret av seg for å få sjå programmet når det skal sest.
Dei svara, på bokmål må vita, at dei skal atter ein gong vil drita i å senda direktesendinga. Så då er den saka klar… eg lyt finna meg nokon som strøymar sendinga over nettet om ein månads tid. Og eg skal kvitta meg med fjernsynsmottakaren og seia opp NRK-lisensen. Eg betalar ikkje tusnar av kroner for å få eit redigert opptak av oscarsendinga sendt tre dagar for seint!
4 comments
3 pings
Magnus
28. januar 2009 at 16:05 (UTC 2) Link to this comment
Godt innlegg, Simon!
Det er heilt utruleg at vi får tre gonger Jukeboks/Svisj i staden for…
Simon
28. januar 2009 at 20:48 (UTC 2) Link to this comment
Takkar, Magnus.
Eg klarar ikkje å fatta korleis Jukeboks er betre programval enn Oscar… NRK erstattar gladeleg SMS-programma sine viss det er ei sportstevling som går midt på natta, til dømes OL, VM, eller liknande. Det syner kor høgt dei held filmglade tittarar i akt. Sport – Jukeboks – Oscar…
Sjekk Filmforumet.no eller Facebook for fleire ordskifte om oscarhatet til NRK.
Petter
29. januar 2009 at 00:55 (UTC 2) Link to this comment
Godt innlegg, ja. Flott at noen prøver å overbevise NRK om at det å sende Oscar-utdelingen i en oppklippa versjon dager etterpå ikke er et plaster på såret i det hele tatt.
Det virker som at man bare må venne seg til å følge med på nettet i dårlig kvalitet.
Simon
17. februar 2009 at 01:55 (UTC 2) Link to this comment
Eg fekk nett spørsmål om kvar og korleis. Slik: TVU Networks.
Det er forresten svært tydeleg at det er mange som meiner det same om NRK og oscar som meg. Denne sida har fått over 30 treff berre frå Google* av nordmenn som vil ha oscar-natt. Eg oppmodar alle om å senda klagebrev til NRK:
* Diverre har eg ingen statistikk over Kvasir, Start, Sesam, ABC, eller andre norske søkjemotorar her nett no
Boba.no – Oscar 2009 – vinnarane
23. februar 2009 at 02:30 (UTC 2) Link to this comment
[...] I natt var det endeleg tid for Oscar, det einaste fjernsynsprogrammet eg følgjer fast. (Det er diverre også eit fjernsynsprogram som ikkje går i Noreg). [...]
Filmforumet.no • Se emne - Oscar utdelingen live på TV
16. juli 2009 at 23:31 (UTC 2) Link to this comment
Academy Award (oscar) 2009 - Forum - Diskusjon.no
16. juli 2009 at 23:33 (UTC 2) Link to this comment