«

»

feb 01 2009

Nytt i videoteket, januar 2009

Filmsamlinga mi vert større og større. Denne månaden inneheld ho 699 titlar. Litt nytt vart det i januar:

Robocop Trilogy Box Set

Januarsalet til Play.com er i gong, og det fyrste kjøpet mitt vart ein boks med tre filmar til berre 85 kroner. Det er uhorveleg lengje sidan eg såg ein Robocop-film, så eg hugsar så godt som ingenting frå dei. Vert artig å gjenoppleva dei.

This Island Earth

Romvesen (kanskje er dei kommunistar òg?) kjem til jorda for å få hjelp av forskarane våre til å redda verda si. Eller er det difor? Viss det står «Science Fiction» på ein film frå femtitalet, så kjøper eg han, og denne har eg hatt lyst på lengje. Endeleg fekk eg tak i ein sone 2-utgåve, og det til den gjæve prisen på 63 kroner frå Play.com. (Faktisk trur eg at Play har gjort ein feil og teke betalinga i britiske pund i staden for euro. Hehe!)

Transformers

Til jol fekk eg meg ein mobiltelefon som eg byta til ein Bluray-spelar, men eg hadde jo ingenting å spela med han enno. Transformers er ein film der HD-formatet kjem til sin rett, så eg kjøpte han trass i at han er middelmåls i mine auge. 199 kroner på Mix Scene 1.

Beowulf

Eg kjøpte denne samstundes med Transformers til 159 kroner på Mix. Dette er også blu-ray, og er dessutan tittel nummer ti (film nummer tolv) i samlinga regissert av Robert Zemeckis.

Species 4: The Awakening

Januarsalet til Play.com held fram, og det gjer handlinga mi òg. Denne filmen har eg absolutt ikkje lyst til å sjå att, men eg har jo dei andre tre i samlinga… Og når han kosta berre 53 kroner (som alltid er prisen inkludert frakt), vart eg lett overtydd.

Hollow Man

Eg var i b-film-humør, og fann òg denne til 53 kroner. Filmen som heilskap er så som så, men det er ingenting å seia på hovudrolleinnehavar Kevin Bacon eller forteljinga i filmen. The Invisible Man av H.G.Wells er ein av favorittbøkene mine, og denne filmen er i høgste grad inspirert av boka.

Romeo & Juliet

Dette er 1968-utgåva av den vidgjetne Shakespeare-tragedien, og ho kosta berre 62 kroner hjå Play.com. Mange tykkjer at dette dette er den gjævaste filmutgåva, men det vil eg ikkje leggja meg så mykje borti.

Stargate SG-1 sesong 4 og Stargate Atlantis sesong 4

Endeleg kjem fjerdesesongen av SG-1 ut. Sjølvsagt kunne eg ha kjøpt han på sone 1 for lengje sidan, men eg vil gjerne fullføra ei samling når eg fyrst har starta på henne. Sesongen kjem ikkje ut før uti februar ein gong, så dette er ei førehandstinging. Det same gjeld Atlantis. Prisen var hlvesvis 355 kroner og 369 kroner frå Platekompaniet.no. Eg ventar dei den 11. februrar.

Happy-go-lucky

Ein av fjorårets beste filmar, men med trasig lite oppslutnad i Noreg. Dei som gjekk glipp av han på kino av di dei stod med hovudet i røva og gaula om kor rå Dark Knight var, får no eit nytt høve til å faktisk sjå ein god film. Filmen kjem ikkje før uti februar, men eg førehandstinga han frå Platekompaniet.no til 160 kroner. Eg ventar han den 11. februar.

Futurama: Bender’s Game

Førehandstingingane held fram, for snart kjem den tredje Futurama-filmen ut. Det gler me oss til, sjølv om me allereie har sett filmen hjå nokre svenskar med trebein og lapp for auget. 160 kroner på Platekompaniet.no. Eg ventar filmen den 25. februar.

Skulk med stil

Ferris Bueller’s Day Off, som han heiter på opphavsspråket, er ein av dei beste ungdomskomediane som er laga. Gløym American Pie, eller kva det er kidza ser på i dag, John Hughes er meisteren! 80 kroner på Platekompaniet.no.

Hollow Man 2

No når eg har den fyrste Hollow Man, ville det vore skammeleg å ikkje skaffa den andre. Det er bakdelen med å vera ein samlar, det kjem alt mogleg dritt på hylla mi på dette viset. 100 kroner på Bunnpris, og eg er ikkje stolt.

Hodet over vannet

Eg var innom Bunnpris for å handla kattemat, og gjorde eit impulskjøp då eg fann denne på veg til kassa. Eg er i norsk humør for tida etter å ha kosa meg med bøkene 100 norske filmer du bør se, og den absolutt herlege Jasså, døkk sit og glor.

Resten av samlinga mi finn du i Videoteket.

Permanent link to this article: http://boba.no/2009/02/nytt-i-videoteket-1/

4 comments

  1. Ola

    Hoi, eg har òg impulskjøpt Hodet over vannet på Bunnpris då eg fann han på veg til kassa! Og eg kan ikkje hugsa å ha gjort impulsfilmkjøp på daglegvarebutikkar nokon gong før, so det var ganske artig.

  2. Simon

    Ojsann! Kor artig. (Sjølv om eg har impulskjøpt videoar på Bunnpris meir enn ein gong.)

  3. Magnus

    Mitt siste impulsfilmkjøp i daglegvarebutikk var Blue Velvet i metallomslag til 79.- på Joker.

  4. Simon

    Ikkje verst. Har same utgåve berre i Digipack (innhaldet er likt, så vidt eg kan hugsa). Eg er ikkje heilt glad i sånne metallomslag. Har to, Taxi Driver og Bandidas, i metall.

Legg att eit svar

Your email address will not be published.