«

»

jun 01 2009

Nytt i videoteket, mai 2009

Då var mai over. Mange grusomme soldagar, og dei samsvara som vanleg med oppgåveinnleveringar. Elles har eg no to konfirmerte veslebrør, båe langt rikare enn det eg er nett no (og sikker ei god tid framover). Den aller siste utbetalinga frå Lånekassa kom midt i mai, og det fyrste eg gjorde då var å køyra innom Mix ein tur. Eg gjorde meg eit par kjøp over nettet òg. Til saman kunne eg ynskja 15 videoar velkomen til samlinga mi denne månaden, og det er jo ikkje så ille. Kanskje i overkant mykje, med tanke på at pengane nett tok slutt for meg. Men dette problemet tek eg no i juni.

Hancock

Fyrste film ut vart kjøpt på impuls, men ikkje meir enn at eg har hatt han i bakhovudet heilt sidan Roger Ebert sa at han likte den.

Wanted

Endå eit impulskjøp. Denne gongen av di Timur Bekmambetov hadde regien, og har ein gong uttala at Wanted er på eit vis den amerikanske Nochnoy dozor. Både den og oppfølgjaren Dnevnoy dozor frå Dozor-trilogien er fantastiske filmar, så no er eg spent på om Wanted er i same høgde.

Låt den rätte komma in

Fjorårets beste svenske film? Det er i alle fall fjorårets beste vampyrfilm. Eg slo på stortromma og kjøpte bluray-utgåva, til trass av at denne var kring 50 kroner dyrare enn DVD-utgåva.

Stargate SG-1: sesong 6

SG-1 hoppa over haien med sesongavslutninga til sesong fem, og den følgjande sesongen, nummer seks, var den sesongen då det gjekk nedover med stjerneportlaug nummer eitt. Same kva, eg kan jo ikkje berre stogga samlinga midt inni. Må ha alle ti. Og Atlantis. Og så bortetter.

Police Squad og Naked Gun-filmane

Lengje sidan eg har sett bløtkakehumor no, og Leslie Nielsen er god til sånt.

Bonnie and Clyde

Impulskjøp. Eit av dei betre, vil eg tru. Og billeg var det òg.

The Third Man

Sjå Bonnie and Clyde.

Saibogujiman kwenchana

Denne har eg hatt lyst på lengje, men ingen av den eine videokiosken på Mo har teke den inn. Dette er den seinaste filmen til Chan-wook Park (vel, med unnatak av ein kortfilm i fjor og filmen Thirst som nett hadde premiere i Sør-Korea).

Stargate SG-1: sesong 7

SG-1 held fram eventyra sine gjennom stjerneporten, men dei beste sesongane er bak oss. Sjuaren er lell betre enn seksaren, og tek oss dessutan rett inn til i Atlantis. Hurra! Sesong 7 kjem ut den 3. juni, og eg hadde førehandstinga den, men Platekompaniet sendte meg den lell, fjorten dagar for tidleg. Endå eit hurra!

The Guild sesong 1 og The Guild sesong 2

Fantastisk liten vevserie av Felicia Day. Du kan sjå han gratis på WatchTheGuild.com, og det er der eg er kjend med serien, men eg føretrekk lell eit fysisk format som eg kan halda i, setja i hylla, sjå på. Det videolause samfunnet som t.d. NRK beta frontar, er keisamt. Det er noko heilt anna å eiga ein video enn ei filmfil, så same måte som det er noko heilt anna å eiga eit måleri til å hengja på veggen i staden for ei biletfil. Men det lyt vera eit anna ordskifte. Attende til The Guild: for ikkje så frykteleg lengje sidan vart det forresten kjend at serien får ein til sesong. Og det gler me oss til!

The Dark Knight

Dette er ikkje akkurat favorittfilmen min, men er du samlar, så er du samlar, og no er eg eit steg nærmare komplett videosamling med Lynvingen. Og eg har jo trass alt både Catwoman og Batman & Robin, så då toler eg vel denne òg.

Le fabuleux destin d’Amélie Poulain

Dette er ein av dei filmane eg har sagt til meg sjølv at eg skal sjå snart, men ikkje gjort det. Og sånn har eg heldt på i snart sju år. Vel, no har eg kjøpt filmen, i det minste, så då kanskje eg får sett han i løpet innan utgangen av 2010, er eg heldig.

Inland Empire

Tykte det var for ille å gå ut frå Mix med ein film eg ikkje liker (Dark Knight) og ein film eg eigentleg ikkje hadde så veldig mykje lyst på (Amélie), så eg kjøpte difor denne filmen, ein film eg har lyst å sjå men kvier meg av di han er grueleg lang (nesten tre timar. Det er minst ein time for mykje, liker at filmar kan runda av kring 90 minutt). Jau. Eg er nok redd at det kan ta litt tid før nokon av desse tre får spinna i spelaren min. Same kva, Lynch er noko å sjå fram til, men helst med eit år eller to mellom.

Permanent link to this article: http://boba.no/2009/06/nytt-i-videoteket-5/

7 comments

  1. Synnøve

    Her var det mykje digg. Eg kjem ikkje på nokon svensk film frå fjoråret som er betre enn Låt den rätte komma in – kva for ein skulle det ha vore? – men er samd i at han er den desidert beste vampyrfilmen, same kva.

  2. Odin Omdal Hørthe / Velmont

    Huh? Hev du ikkje sett Amélie? :| Den er heilt fantastisk tykkjer eg :D Vert glad av å sjå han.

  3. Simon

    Jøss, er det nokon som faktisk les desse «Nytt i videoteket»-postane? Hyggjeleg.

    Synnøve: A propos vampyrfilmar, har du sett Dozor-trilogien (Night Watch, Day Watch og snart Twilight Watch)? Fantastiske filmar.

    Odin: Såg han faktisk no i helga. Nytta ellemelle-metoden for å velja blant haugen av usette filmar her om kvelden, og då vart det den.

  4. Synnøve

    Nei, men skal sjekka dei ut – reknar med dei finst på biblioteket her i hovudstaden. (Overraskande mange filmar gjer det!)

  5. Ivan

    Du kjøpte Hancock fordi… Roger Ebert sa han likte den? Unnskyld om bokmålen plager, men måtte altså bare kommentere. Roger Ebert må ha den mest døve filmsmaken noen sinne. Dette er altså mannen som har skrevet manus for Russ Meyer!

  6. Simon

    Og Beyond the Valley of the Dolls er fantastisk!

  7. Ivan

    Joa, Jeg liker Russ Meyers’ filmer for det de er. Sånn sett er de gull verdt bare man gjør nettopp det. Men Ebert får ikke respekt fra meg for arbeidet sitt der!

Legg att eit svar

Your email address will not be published.