Nytt i videoteket, juni 2009
Fredag 03. juli 2009, klokka 12:08
(Om orsak for forseinka innlegg. Tok visst feil av dagane) For ein fæl, fæl månad det har vore. Mappeinnleveringar og eksamen, 30+ grader på soverommet om kvelden, tom bankkonto, ingenting artig. Kjøpte berre 1 video denne månaden, og det var 1 meir enn eg hadde råd til. Men litt glede i kvardagen må eg då vel få lov til å ha, sjølv om eg er arbeidslaus og blakk.
Stargate SG-1: sesong 8
Som løn for strevet med fullført eksamen og rotfylling hjå tannlækjaren, kjøpte eg meg denne. No er serien snart komplett. Manglar berre sesong 9 og 10, og sesong 5 av Atlantis. Vel, og den der teikneserien, men eg veit ikkje kvar eg kan få tak i han til ein billeg penge.

Denne varmen er noko drit ja. I natt måtte eg stå opp og setja vifta på endå kraftigare av di eg ikkje fekk sova. Får håpa det blir meir fornuftige temperaturar snart.
*Egil*: Varmepumpe (aka. aircondition).
Sant, men huset er ikkje isolert, så me gidd ikkje investera i det. Får venta til me flyttar.