Arbeidsleitinga mi i sumar var særs ufruktbar. Mest alt som var utlyst, var av typen hjelpepleiar, lærar eller handverkar. Den personen som tilsett meg som hjelpepleiar, er anten fullstendig galen eller særskild vondskapsfull, så det er ikkje aktuelt. Lærararbeid er heller ikkje av interesse, då eg slettest ikkje har tolmod til ungar. Det hjelp heller ikkje på at eg ikkje har pedagogikk i bagasjen frå studielivet. Då står handverkar att, og det er eg totalt ueigna til. Har ingenting i mot fysisk arbeid, men eg liker ikkje å få skitne hender, noko som jo er ein samnemnar på så og seia alle utlyste handverksstillingane. Eg høver betre på ei skrivarstove enn på ein verkstad, for å seia det slik. Tek me bort alle desse, er det svært få utlyste stillingar som står att, og eg har til no ikkje vore kvalifisert til nokon av dei. Eg har sendt inn søknad på nokre, men forventar ikkje napp. Arbeidsløyse er ikkje artig, for det tyder at eg også er pengelens. I juli vart det difor berre 1 video på meg, og eg gidda ikkje laga eit nytt «Nytt i videoteket» berre til det. I august fekk eg endeleg litt å gjera. Ekstrahjelpstilling hjå Mix. Ei ekstrahjelpstilling er betre enn arbeidsløyse, sjølv om innkomene ikkje alltid er like støduge. Eg tillét meg sjølv å handla litt meir mot slutten av månaden, sidan eg visste at eg hadde ei løning i vente. 6 nye videoar vart det i august. Ikkje så frykteleg mange, men så var det jo trass alt eit par seriar, då.
Stargate SG-1: sesong 9
I helgene når dei andre reiser på hytta, får eg pengar til mat. Av dette har eg lagt av 10–40 % kvar gong, slik at eg skulle få råd til å kjøpa meg denne då den kom. Det var frykteleg artig å nytta pengar på noko anna enn mat att!
Futurama: Into the Wild Green Yonder
Då var Futurama-samlinga atter komplett. Men heldigvis ikkje lengje. Det kjem 26 splitter nye episodar om ikkje så alt for lengje. No nyleg gjekk dessutan lønsforhandlingane til skodespelarane i boks, så alt er klart til nye oppdrag til Planet Express. Det er bra, for denne siste filmen var ikkje like god som me hadde von om.
Watchmen
Viss eg skulle kjøpa berre éin film på bluray i år, så ville det vore denne. Gler meg som ein svolten katt som høyrer ein boksopnar!
The Simpsons sesong 12
Fy flate det tok lang tid! Førre sesong kom i oktober i fjor. Simpsons er den serietittelen som tek lengst tid å gje ut, tydelegvis. Viss snittfarta har noko å seia, så vil me ha sesong 13 i mai. Diverre er det ingenting som tyder på at den skal koma så snøgt. Jævla treigingar. Innan sesong 20 – som gjekk på fjernsynet i vår – kjem ut, er både DVD og bluray gått vegen til VHS-ane.
Stargate SG-1 sesong 10
Då var SG-1 komplett. Vel, nesten, i alle fall. Manglar dei to SG-1-filmane. Dei to seinaste sesongane, sesong 9 og 10, er keisame. Arthur og riddarane av det runde bord-mytologien er ikkje like spennande som egyptisk og norrøn mytologi, og heile ori-historia var berre fæl. Det dummaste du kan gjera i seriar er ein antagonist som er frustrerande for sjåarane. Avskydd og hata går greit, så lengje det ikkje er frustrerande. Goa’uld-ane var svært teikneserieaktige hyperskurkar, og dimed gjæve antagonistar. Me elska å hata dei. Replikantane òg. Dei var veldig gjæve å hata. Men ori? Nei, dei er berre frustrerande.
Resident Evil: Degeneration
Her om dagen var eg innom JM Data og fekk servert kaffi. Til vanleg drikk eg ikkje sånt, men no har eg vore innom der så mange gonger og takka nei at eg laut ta ein kopp denne gongen. Etter over eit halvår utan koffein, gjekk denne heilt plutselege dosen rett i blodet, og eg svirra rundt i byen i ein koffeinrus eg ikkje har kjent på fleire år. Hendene skalv, korttidsminnet vart kortare, føttene vandra sjølv når eg stod stille, og eg gjorde eit par impulskjøp. Ei diger sjokoladeplate, mellom anna. Lakris, nøtter og fruktvatn òg. Eit PC-spel. Og denne filmen. Heh. Eg toler visst ikkje koffein lenger. Jaja, spent å sjå kva dette er slags film.
Bride of Re-Animator
I fjor vart eg kjempeglad då eg såg at Mix hadde teke inn Re-Animator og ein heil del andre filmar under same lest. Eg trudde dei kom til å ta inn alle etterkvart. Det gjorde dei ikkje, så gleda var difor stor då eg snubla over denne på Bunnpris ein kveld. Manglar berre Beyond Re-Animator no, og til neste år kjem House of Re-Animator. Digger Jeffrey Combs.