Fiks for Flash-opplastaren i WordPress
Onsdag 25. november 2009, klokka 00:22
Eg har lengje hatt ein feil med opplasting av bilete med Flash-opplastaren i WordPress. Viss eg prøver å nytta den, får eg ei fullstendig inkjeseiande feilmelding som berre seier «HTTP-feil». Eg har difor vore nøgd til å nytta nettlesar-opplastaren, som berre kan lasta opp eitt og eitt bilete. Det går sjølvsagt greit, men er irriterande viss eg skal ha mange bilete i innlegga mine. Eg har lengje trudd at det var dårleg koding, noko med Internet Explorer, Opera, Flash for Windows og Flash for Linux, men eg tok visst feil. For litt sidan fann eg nemleg endeleg ein fiks til dette.
Problemet ligg på tenaren min, i mod_security. Løysinga er .htaccess. Legg til dei følgjande linene (funne gjennom Google, hugsar ikkje kvar) i .htaccess-fila di, så skal alt vera i orden med Flash-opplastaren:
#START fiks for Flash-opplastaren <IfModule mod_security.c> <Files async-upload.php> SecFilterEngine Off SecFilterScanPOST Off </Files> </IfModule> #SLUTT fiks for Flash-opplastaren
Fila async-upload.php er den som tek seg av opplastinga i WordPress. Med desse linene i .htaccess, vil mod_security vera slege av for akkurat den fila, og dimed vil Flash-opplastaren fungera som den skal.
Så no kan eg lasta opp fleire bilete i eitt.


Gje innspel