Det vart ikkje så mange kjøp i september (eit brot med statistikken, som fortel at eg til vanleg handlar mest i då). Faktisk berre eitt. Og då orka eg ikkje å posta eit heilt innlegg. Oktober gjekk òg mot tomme hyller, men så lausna det litt heilt på tampen av månaden. 13 nye titlar i oktober. Netthandel er artig. *Glis*
Blue Harvest
Impulskjøp av Star Wars-episoden til Family Guy. Eg liker ikkje Family Guy, men denne er litt festleg.
Elegy
Nok eit impulskjøp. Elegy var nominert til gullbjørnen i Berlinalen 2008, men det var Tropa de Elite som sigra det året. Elegy imponerte ikkje så veldig. Langdryg.
Australia
Digger dei andre spelefilmane til Baz Luhrman, så då måtte eg vel ha denne òg. Har ikkje sett han enno, men er spent på om han har noko av den gode Luhrman-regien frå Moulin Rouge, Romeo+Juliet og Stricktly Ballroom.
Hellboy 2
Fuck Batman, det er Hellboy som er den kule teikneseriehelten!
2046
Anar ikkje kva film dette er. Såg interessant ut. Får sjå når han kjem. Tinga frå PK, ligg i posten.
2001: A Space Odyssey
Billeg bluray-utgåve. Gler meg. Tinga frå PK, ligg i posten.
Stalker og Solaris
Skulle eg ha 2001, så måtte eg vel òg skaffa eit par scifi frå Andrei Tarkovsky. Satsa på desse, gler meg til dei kjem. Har berre sett Solaris frå før, veldig kjekk film. Tinga frå PK, ligg i posten.
De dødes tjern
Ein så skummel film at ingen norske filmskaparar våga seg inn på denne sjangeren på 45 år! Hehe. Det er i allefall inntrykket eg sit med. Har sett filmen eit par gonger før, men det er faktisk ti år sidan sist. Det vert eit spennande gjensyn. Like god framleis? Tinga frå PK, ligg i posten.
Sunrise
Ikkje eit vondt ord om Faust, altså, men Sunrise er kanskje ein lettare Murnau-film for uvante filmtittarar. Masters of Cinema-utgåve. Det er digg! Tinga frå PK, ligg i posten.
Persona
Litt bergmansk eksistensialisme må til innimellom. Tinga frå PK, ligg i posten.
Paris, Texas
Impulskjøp. Såg ti minutt av filmen i ei førelesing om filmmusikk. Tinga frå PK, ligg i posten.
Wonder Boys
Skodespel som nærmar seg ekstase frå Michael Douglas, Tobey Maguire og ikkje minst Robert Downey Jr. Tinga frå PK, ligg i posten.
Le conseguenze dell’amore
Viss eg skulle kjøpt berre ein film denne månaden, så ville det ha vore denne. Diggar denne filmen. Dei rigide daglege rutinane til hotellstamgjesten Titta, den vakre servitøren Sofia, dumheit, kjærleik og ikkje minst dei eksistensielle spørsmåla som me får av å tenkja på elektrikaren sin plass i forteljinga. Fantastisk film! Tinga frå PK, ligg i posten.
3 comments
1 ping
Synnøve
2. november 2009 at 13:16 (UTC 2) Link to this comment
Eg syntest Australia var fantastisk!
Simon
2. november 2009 at 16:52 (UTC 2) Link to this comment
Like fantastisk som Moulin Rouge?
I dag kom forresten alle filmane frå PK. Det gjekk snøgt. Fekk melding om at dei var pakka og sendt berre ein liten time etter at eg hadde tinga dei. Kunne sikkert hatt dei to dagar tidlegare, hadde det ikkje vore for ei helg midt i mellom. Same kva, hurra til PK for snøgg levering!
Synnøve
3. november 2009 at 23:36 (UTC 2) Link to this comment
Moulin Rouge har eg ikkje sett, pinleg nok… Eg burde fått retta opp i det snart.
Hurra for rask levering!
Boba.no – Nytt i videoteket, mars
1. april 2010 at 20:49 (UTC 2) Link to this comment
[...] oktober i fjor kjøpte eg filmen 2046, for så å finna ut at den også er ein del av ein trilogi, faktisk siste [...]