Oppsummeringa av tiåret 2000–2009 held fram.
Toppfilmar
Her skulle eg eigentleg ha hatt dei aller beste av dei beste filmane frå dei siste ti åra, men det vart litt for ambisiøst. Eg kunne gjort som Film School Rejects, og lista opp alle filmane eg har sett, men det er jo litt juks. I staden får du dette:
Fire svenske
- Säg att du älskar mig
- Den man älskar
- Smala Sussie
- Låt den rätte komma in
Fire tyske
- Jagdhunde
- Das Experiment
- Ein Freund von mir
- Emmas Glück
Fire nyinnspelingar
Fire musikalar
Fire dokumentarar
- This Filthy World
- Empire of Dreams
- Grizzly Man
- Oljeberget
Andre knallfilmar
- Look Both Ways
- Hable con ella
- Le fabuleux destin d’Amélie Poulain
- Kiss Kiss Bang Bang
- Night Watch
- The Woodsman
- Small Gods
- Le conseguenze dell’amore
- Playing the Victim
- Hoodwinked!
- …
Godt nyttår, alle saman! Skål for eit nytt tiår med mange spanande filmar i vente!
5 comments
2 pings
Ola seier:
5. januar 2010 klokka 22:44 (UTC 1 )
Eg hugsar ikkje Vømmøl-scena i Gymnaslærer Pedersen. Kva hende då? Men Folque-scena (med Reinlender) er veldig minneverdig!
Kule lister forresten.
Odin Hørthe Omdal seier:
16. januar 2010 klokka 10:44 (UTC 1 )
Veldig moro! Eg må nok sjå eit par av desse du hev tilrådd som eg enno ikkje hev fengje sett, ja.
Simon seier:
22. januar 2010 klokka 16:15 (UTC 1 )
Takkar, båe to.
Ola: Pedersen treff Skåtøy på marknaden. Ho har kjøpt den nye plata til Vømmøl. Dei fer heim til henne for å lytta til den.
Odin: Ja, det lyt du! Men som alltid med listene mine, er dette sjølvsagt berre mi subjektive meining. Eg hevdar ikkje at dette er dei definitive listene, det beste av det beste, men snarare mine favorittar. Vil gjerne høyra kva du – og alle andre som les dette – tykkjer om dei, og om de har framlegg til andre titlar som de meiner passar betre.
Simon seier:
29. januar 2010 klokka 01:06 (UTC 1 )
Denne veka vakna me opp til at noko grueleg fælt hadde hendt. IMDb hadde endra på/fjerna PowerSearch. Dette av di den gamle varianten innehalda mykje feil, t.d. at TV-seriar ikkje vart ekskludert viss du valde dette. No skal slike feil vera ordna. Og det er jo fint. Problemet er berre at dei har fjerna ein av dei aller, aller viktigaste funksjonane i PowerSearch, nemleg høve til å søkja i Vote History. Er du som meg, med over 1300 titlar merka av hjå IMDb, er høvet til å velja å søkja blant berre titlar eg har sett eller berre titlar eg ikkje har sett uvurderleg. Dette var stort sett det einaste eg nytta PowerSearch til (t.d. finna ut kor mange filmar med Bruce Willis eg har sett. Eller, som under førebuinga til dette innlegget, kva filmar frå 2000–2009 innan t.d. sjangeren science fiction eg hadde sett). Dette er stort sett den einaste grunnen til at eg gjev karakterar til filmar på IMDb. Utan høve til å søkja i dei på dette viset, har det ingenting for seg lenger å gje karakterar og dimed merka dei som sett. Skikkeleg låkt gjort, IMDb!
Simon seier:
28. mars 2010 klokka 20:11 (UTC 1 )
Endeleg er det mogleg å søkja i røystene sine att. Diverre ikkje ein fullgod erstatning av den gamle PowerSearch, men godt på veg. Eg viser deg korleis i innlegget Lengje leve PowerSearch.
Boba.no – IMDb PowerSearch er daud. Lengje leve IMDb PowerSearch seier:
28. mars 2010 klokka 20:09 (UTC 1 )
[...] søkja på alle filmane du hadde sett i 2000–2009 (noko eg nytta meg av då eg skreiv innlegget Film2K), leita opp alle oscarvinnarane du ikkje har sett, og så bortetter. Veldig kjekt, kjempegjævt og [...]
Boba.no – Film MMX seier:
8. januar 2011 klokka 16:06 (UTC 1 )
[...] denne tida i fjor, gjekk eg gjennom filmar frå 2000-talet i innlegget Film2K. Det tyder ikkje at eg gjorde meg ferdig med dette decenniet. Det finst då vel mange filmar att å [...]