Boba.no

Nytt i videoteket, desember 2009

Sundag 03. januar 2010, klokka 01:37

Vel, så var nok ein månad forbi. To, faktisk. Eg laga ikkje noko «Nytt i videoteket» for november, ganske enkelt av di eg ikkje fekk noko nytt i videoteket i november. Heller ikkje i desember vart det så veldig mykje. Faktisk har eg ikkje kjøpt så lite film sidan 2004. I 2009 vart det i følgje statistikken min (som eg skal prøva å få vev-klart snart, eg lovar!) «berre» 104 nye titlar. Det er for dårleg, eller kva? Vel, her er i alle fall desemberfangsten:

Terminator sesong 2

Denne fekk eg i jolegåve. Eg får faktisk ikkje så ofte videoar i gåve, så dette var kjekt. Ikkje verdas beste serie, men den er veldig underhaldande. Mest på grunn av Summer Glau, sjølvsagt…

Clone Wars sesong 1

Star Wars er Star Wars, så det var vel aldri noko tvil om eg kom til å kjøpa denne når den endeleg kom. Når det dessutan viste seg at den faktisk ikkje var så ille som han fyrst kunne sjå ut til, var jo det berre gjævt. Prisforskjellen mellom DVD og BD var så liten, at eg gjekk for den litt dyrare blå. Dessutan var dette kjøpt med gåvekort. Godt kjøp, serien ser utruleg lekker ut i HD.

True Blood sesong 1

Nok ein vedunderserie frå HBO. Basert på Sookie Stackhouse-bøkene, er denne vampyrsoga veldig lekker. Eg trur ikkje den hadde vore like morosam på t.d. Fox eller NBC.

Terminator Salvation

Kjøpt med gåvekort. BD. Utruleg kjekt ekstramaterial der regissøren vandrar inn i biletet, set filmen på pause, spolar att og fram, og forklarer ymse scener. Kult!

Gje innspel

Lyst på eit anna brukarbilete? Registrer e-postadressa di hjå Gravatar.com og last opp.

Viss dette er fyrste gongen du gjev meg innspel, kan det ta litt tid før innspelet dukkar opp.

Opphavsrett © 2001 – 2010 Simon Hansen. Ettertrykk forbode utan løyve frå opphavsmannen.