«

»

jan
15
2010

Videostatistikken

Endeleg fekk eg ut fingeren og gjorde ferdig videostatistikken min. Eg har hatt han i ein halvferdig tilstand heilt sidan eg gjekk over til WordPress, men aldri fått meg til å gjera ferdig den siste halvdelen. Eit år og fire månader seinare, og videostatistikken er attende.

I videostatistikken finn me tal på videotitlar, kor uhorveleg mykje pengar eg har kasta bort på filmsamlinga mi og så bortetter. Visste du at eg til dømes har over 100 døger med morosamt? Eller at Platekompaniet i Nidaros fekk inn over 20 000 kroner frå meg (eller eigentleg frå Lånekassa, men det er ei anna sak) då eg budde der? Kva var den dyraste tittelen eg har kjøpt? Og den billegaste? Glytt i statistikken for å finna ut av det. Eg kan òg lokka med mange fine grafar, lik denne:

Graf over videoar per år

Alt dette står altså i statistikken. Nerdekos!

Permanent link to this article: http://boba.no/2010/01/videostatistikken/

5 comments

  1. Vegard seier:

    Heihei,

    syke statistikker. Men hva skal du bruke resultatene til? :D

    /V

  2. Simon seier:

    For meg er ikkje resultata viktige. Dette, som alt anna eg har skrive her, er for å læra meg vevteknologien. I denne nye videostatistikken, har eg til dømes sett meg betre inn i GD i PHP (generering av bilete), samt gjort småjusteringar frå det gamle skripet slik at utrekningane går endå raskare. Det er mykje meir eg kunne ha teke med. Gjera noko med berre TV-seriar, til dømes? Eller regissør? Kanskje tal på gongar eg har sett ein tittel? Dataa ligg i databasen min, det er berre fantasien og tida som legg grenser på kva eg kan nytta dei til.

  3. Kristoffer Egil Bonarjee seier:

    Statiske grafar generert med GD er litt keisame. Kva med å leike litt med javascript-bibliotek som til dømes flot? http://code.google.com/p/flot/

  4. Simon seier:

    Såg spennande ut. Kanskje neste gong. Men eg er ikkje heilt glad i klientsideskripting, prøver å unngå det viss eg kan.

  5. Vegard seier:

    OK. Du er lite på MSN Messenger-protokollen fortida. Du må ringe en dag. Ring på norsk fast.nr, du har jo nr.et :D Nyt søndagen! :) Litt off topic, men likevel :D

Legg att eit svar

Your email address will not be published.