Boba.no

Nytt i videoteket, januar

Måndag 01. februar 2010, klokka 15:19

Her var me igjen. Ein månad med mykje nytt i hylla.

Buffy the Vampire Slayer – alle sju sesongane

Eg har lengje tenkt på å skaffa meg Buffy. Eg liker mykje av det Joss Whedon har gjort, men aldri sett så veldig nøye på Buffy. Ein og annan episode, berre, og då med eit halvt auge. Ja, og filmen, då, men den liker eg av heilt andre grunnar enn kvaliteten. Whedon står bak to av mine favorittseriar: Dollhouse og Firefly. Eg ville gje Buffy ein sjanse. Problemet var berre at sesongane var veldig dyre. Mellom 300–600, både over disk og på net. Så då eg kom over ein boks med alle sju til berre 500 kroner (pluss toll) i vintersalet til Amazon, måtte eg jo slå til. Fem-seks sesongar gratis! Diverre tok postgangen si tid. Amazon hadde ein «estimated delivery date» den 14. januar. Då pakken enno ikkje var kome den 22. januar, sende eg dei ein e-post for å spørja om dei hadde pakkesporing. Eg hadde ein veldig høfleg og blid tone i meldinga, ingenting masing eller klaging. Meldinga vart sendt i halv tre-tida natt til laurdag. Ti minutt etter fekk eg svar frå dei. Dei orsaka så mykje, og sende meg like gjerne ein heilt ny pakke. Ingen problem, ingenting tull. DET kallar eg service! Pakken var meg i hende allereie torsdagen etter.

Wuthering Heights

«Storm Fulle Høyder», som Paramount på eit eller anna vis fekk til å skriva på omslaget, er sjølvsagt ei nyinnspeling av romanen til Emily Brontë. Dei einsame slettene på Yorkshire er byta ut med bråkate California, og udøyeleg kjærleik er byta ut med tenåringskåtskap. Jaja, sikkert ikkje det verste impulskjøpet eg kunne ha gjort. (Det var denne eller ein instruksjonsfilm om stavgang…)

Annie Get Your Gun

MGM-musikalen om Annie Oakley og Frank Butler. «Anything you can do, I can do better», i fantastisk Technicolor.

Grace Is Gone, Once og Deception

Impulskjøp. Veit ingenting om desse, bortsett frå at sistnemnte er med Ewan McGregor (og i BD).

Hawaii, Oslo

Den norske Magnolia, frå Erik Poppe. Byrjar verta ei stund sidan eg såg denne no. Kan vera kjekt med eit gjensyn.

Detektor

Norsk film revitalisert. Ein frisk og morosam film som ikkje kjenst tung og fjernsynsteateraktig ut.

Ghost in the Shell 2.0

Dette er altså versjon nummer to av den fyrste filmen, ikkje film nummer 2 (film 2 heiter forresten Innocence). Her finn me nyoppussa scener med datagenererte bilete i staden for handanimering, samt nytt lydspor (m.a. er røystene spelt inn på nytt – med dei same skodespelarane). På BD. Filmen kom i posten i dag.

Nosferatu

Verdas beste Dracula-filmatisering? Ein av dei mest skremmande, i alle fall. Eg har lengje venta på ein skikkeleg utgåve, og kom plutseleg over denne «Masters of Cinema»-utgåva frå Eureka. Dei liker eg, så eg slo til utan å titta på prislappen ein gong. Heldigvis for meg, var den ikkje så ille høg. Filmen er ikkje kome i posten enno.

Dollhouse sesong 1

Tittel nummer 800 i videosamlinga mi er ein av dei beste fjernsynsseriane eg har sett. Eg snakkar sjølvsagt om Dollhouse, endå ein genistrek frå herr Joss Whedon. Og endå eit døme på at Fox driter hardt i kvalitet og sjåarane. Dette er fjernsynskanalen som kansellerte The Lone Gunmen, Millennium, Family Guy (som seinare vart gjenoppliva), Terminator, Harsh Realm, Arrested Development, Drive, Dark Angel og Tru Calling, for ikkje å snakka om Futurama og Firefly! Det var difor ikkje overraskande at dei kansellerte Dollhouse då serien verkeleg byrja å verta interessant. Sesong 1 gjekk billeg frå Amazon.co.uk, under 100-lappen. Den norske utgjevinga, som kjem ut no i februar, vil kosta 300-400 kroner. Eg har høyrt med SF Norge om dei har planar om ein bluray-utgåve, men det har dei ikkje – og den amerikanske bluray-utgåva var litt for dyr for min smak. Så då var valet veldig enkelt. Sesongen er ikkje kome i posten enno.

Angel – alle fem sesongane

Heilt til sist i januar kjøpte eg Angel, nok ein Joss Whedon-serie. Skikkeleg Whedon-januar, med andre ord. Jamfør paragraf 20 av nerdeloven, hadde eg ikkje noka val. Bokssettet inngjekk i januarsalet til Amazon, og kosta kring 450 kroner pluss toll. Billeg! Mellom Buffy og denne har eg spara 2000–4000 kroner, alt etter kvar eg alternativt ville ha kjøpt desse.

Gje innspel

Lyst på eit anna brukarbilete? Registrer e-postadressa di hjå Gravatar.com og last opp.

Viss dette er fyrste gongen du gjev meg innspel, kan det ta litt tid før innspelet dukkar opp.

Opphavsrett © 2001 – 2010 Simon Hansen. Ettertrykk forbode utan løyve frå opphavsmannen.