Boba.no

Nytt i videoteket, februar

Måndag 01. mars 2010, klokka 02:26

Ny månad, nye filmar. Ikkje så mange denne gongen – no som Lånekassa har funne hovudpulsåra på bankkontoen min og soge seg fast – men eg storkosa meg lell med kjøpa. Har dessutan framleis til gode å sjå eit par frå førre månad (tretten sesongar Whedon-TV tek tid…), så eg tek det ikkje så tungt. Men, som ein liten bimerknad til dette: eg byrjar få svært dårleg med hylleplass. Må flytta Muppet-videoane mine til golvet for å få plass til denne månadens innkjøp.

District 9

Fjorårets beste film? Ikkje langt unna, i alle fall. Knallsterk spelefilmdebutt av filmskaparen Neill Blomkamp (Nei, ikkje Peter Jackson, som om lag alle kundane på videokiosken trur). Og gildet kjøpte eg sjølvsagt i BD.

Stargate: The Ark of Truth, Continuum og Atlantis sesong 5

Endeleg komplett serie med Atlantis, og endeleg komplett serie med SG-1. Då gjenstår det berre SGU, men den fyrste sesongen er berre halvferdig på amerikansk fjernsyn, så det tek nok litt tid før den kjem ut på video. Jau, og så har me den der teikneserien som aldri vart noko særskild god.

Innspel

  1. Heihei. Godt å høre at du lever! Har begynt med blogg selv, sjekk den ut på http://proteinlife.blogg.no

    Er du lite på MSN/Internett for tiden?

Gje innspel

Lyst på eit anna brukarbilete? Registrer e-postadressa di hjå Gravatar.com og last opp.

Viss dette er fyrste gongen du gjev meg innspel, kan det ta litt tid før innspelet dukkar opp.

Opphavsrett © 2001 – 2010 Simon Hansen. Ettertrykk forbode utan løyve frå opphavsmannen.