Mars månad er her. Mars, med sine ljosare dagar. Mars, med sine små bekkar av smelta snø. Mars, med sitt von om vår. Dette er starten på våren. Dette er sesong for prisutdelingar!
I natt sat eg sjølvsagt vaken og såg på det einaste fjernsynsprogrammet eg følgjer fast, nemleg Oscar-utdelinga. I natt fekk me for fyrste gong sjå direktesendinga på norsk fjernsyn. Tusen takk, NRK! I år som i fjor stilte eg med matpakke, saltknask og snop. Og sjølvsagt favorittar og utdanna gissingar om kven av dei nominerte som kom til å sigra. Ei artig natt. Steve Martin og Alec Baldwin var slettest ikkje dårlege vertar. Litt småfjasate til tider, men det gjekk greit. Kunne vore eit litt sprekare show, men eg har sett verre. Elles kjekt med NRK-studioet. Siril Heyerdahl strålte! Men Anne Hoff var litt småirriterande, som avbraut dei andre heile tida.
Her er vinnarane:
- Beste mannlege hovudrolle
- Jeff Bridges i Crazy Heart
- Beste mannlege birolle
- Christoph Waltz i Inglourious Basterds
- Beste kvinnelege hovudrolle
- Sandra Bullock i The Blind Side
- Beste kvinnelege birolle
- Mo’Nique i Precious: Based on the Novel ‘Push’ by Sapphire
- Beste animerte langfilm
- Up
- Beste prydnad
- Avatar
- Beste kinematografi
- Avatar
- Beste kostyme
- The Young Victoria
- Beste regi
- The Hurt Locker av Kathryn Bigelow
- Beste dokumentar, langfilm
- The Cove
- Beste dokumentar, kortfilm
- Music by Prudence
- Beste redigering
- The Hurt Locker
- Beste utanlandske
- El Secreto de Sus Ojos frå Argentina
- Beste sminke
- Star Trek
- Beste originalmusikk
- Up
- Beste originalsong
- «The Weary Kind» frå Crazy Heart
- Beste film
- The Hurt Locker
- Beste animerte kortfilm
- Logorama
- Beste kortfilm
- The New Tenants
- Beste ljodredigering
- The Hurt Locker
- Beste ljodmiks
- The Hurt Locker
- Beste visuelle effektar
- Avatar
- Beste omvølte manus
- Precious: Based on the Novel ‘Push’ by Sapphire
- Beste originalmanus
- The Hurt Locker
Vel, no står folk i nabolaget opp snart. På tide å leggja seg!
2 comments
Simon
8. mars 2010 klokka 06:22 (UTC 1)
Eg tippa forresten rett på 17 av dei 24 kategoriane. Manus, ljodredigering, ljodmiks og sminke overraska meg, medan beste kvinnelege skodespelar, beste utanlandske og beste kostyme var andrevala mine.
Vegard Thingvoll
9. mars 2010 klokka 17:46 (UTC 1)
Takk for en fin oversikt :)