«

»

apr 01 2010

Nytt i videoteket, mars 2010

April er her. Ny månad, og du veit kva det tyder: Ein snøgg oppsummering av dei nye titlane på videohylla mi1. I mars slapp eg meg litt laus med VISA-kortet på nett, og endte opp med ein heil drøss filmar og seriar. Stas!

Heroes sesong 2 og 3

Jada, jada, ikkje den beste serien, eg veit. Men eg hadde sesong 1 frå før, og me samlarar vert litt maniske av oss viss det er eit hol i samlinga. Så dette er berre meg som følgjestreng, ikkje meg som dust for å kjøpa ein dårleg serie. Det gjorde eg juli 2008, og det er litt seint å gjera noko med det no.

Dexter sesong 1 og 2

Sesong 1 var ganske billeg, og prisen på sesong 2 var heller ikkje så ille, så fann ut at eg ville kjøpa dei. Eg har sett ein episode her og ein halv episode der, heilt sporadisk, så eg har aldri fått heilt ideen om kva denne serien er enno. Gler meg til å sjå den, gje den ein sjanse.

Åpen Framtid og Drømmeslottet

Eg kjøpte Adjø Solidaritet for eit års tid sidan. Eg har enno ikkje fått sett den, sidan eg fann ut at den var ein del av ein trilogi då eg fekk han heim. Diverre siste del, så då måtte eg jo skaffa meg den fyrste og den andre delen fyrst.

Days of Being Wild og In The Mood For Love

I oktober i fjor kjøpte eg filmen 2046, for så å finna ut at den også er ein del av ein trilogi, faktisk siste del (nok ein gong!), så dette er igjen for å skaffa heile trilogien og gje meg sjølv høve til å sjå det i rett rekkjefølgje.

Speil

Samstundes som eg gjorde blunderen med 2046, skaffa eg meg eit par filmar av Andrei Tarkovsky. Det gav meirsmak, og eg fann ut at eg no ville prøva meg litt utafor scifi-verda hans.

2010

Eg føler at denne månaden mest er ein oppfølgjar av innkjøpa i oktober. 2010 er sjølvsagt oppfølgjaren til 2001, som eg kjøpte då. 2010 er ein meir kommersiell og publikumsvenleg film, men likefullt ein scifi verdt å få med seg. Aller helst lyt folk lesa dei glimrande bøkene! Men nett no lyt det klara seg med BD-utgåva av også denne filmen.

Gattaca

Månadens impulskjøp. Den var billeg og blå, så kvifor ikkje?

Little Miss Sunshine

Månadens andre impulskjøp. Igjen nesten berre av di den kom på bluray til ein billeg penge, men filmen er søt også på DVD.

Zombieland

Ein alleleis glimrande zombiefilm. Godt skrive, flott utført. Ein av dei beste rollane til Woody Harrelson, og Emma Stone er heit! Eg var på kino på denne filmen, utan å ana heilt kva eg hadde i vente. Då me heilt i starten såg dama som gløymte bilbeltet (au!), visste eg at eg kom til å lika filmen. Eg sat med eit stort glis heile vegen. Og no får eg sjansen på nytt – i BD!

  1. Skal eg vera heilt ærleg, lyt eg kanskje slutta å kalla det «videohylle» – filmane ligg jo både på hylla, golvet, bordet, DVD-spelaren, BD-spelaren, fjernsynsbenken, basshøgtalaren, kommoden, golvet (ja, det står to gonger – eg har veldig lite golvplass att til å gjera ting som t.d. å gå) og stort sett alle andre stadar med ei open flate. Eg har enno ikkje stabla dei i vindauget, men det kjem vel… []

Permanent link to this article: http://boba.no/2010/04/nytt-i-videoteket-12/

1 comment

1 ping

  1. Vegard

    Heihei. Hehe, hvis du noen gang blir blakk kan du jo selge samlingen din. Den burde jo være verdt en del per tid.

  1. Tweets that mention Boba.no – Nytt i videoteket, mars -- Topsy.com

    [...] This post was mentioned on Twitter by Simon Hansen. Simon Hansen said: Boba.no – Nytt i videoteket, mars http://u.boba.no/15 [...]

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *