«

»

mai 04 2010

Nytt i videoteket, april 2010

Her var me igjen. Litt seinare enn vanleg (gløymte meg heilt vekk i helga, med arbeid, formatering av HD og Ubuntu-installering), men det gjer vel ikkje så mykje. April var artig. Eg kjøpte meg eit par nye seriar og filmar, og pappa spanderte attpåtil ei ny hylle til meg frå Ikea. Det var ei Bestå, med plass åt 190 filmar. Kjekt! Eg vonar mai månad byr på mykje nytt i samlinga. No er me dessutan snart i høgsesong for sumarfilm på kino, så det gler me oss sjølvsagt til. Men fyrst ei snøgg oppsummering av april-handelen min.

Battlestar Galactica: Miniserien, sesong ein, to, tre og fire, og filmen Razor.

Eg storkoste meg med den gamle Battlestar Galactica frå 1978 (ikkje fullt så mykje med Galactica 1980), men fekk aldri høve til å setja meg ned med nyinnspelinga. Eg har lengje hatt lyst, og har spara opp litt pengar til å skaffa meg serien. Ja, for viss eg fyrst skulle ha den, så kvifor ikkje satsa på heile greia? Eg handla frå Mix, Platekompaniet, CDon og Amazon.co.uk, så VISA-kortet fekk seg ein liten rundtur. No manglar eg berre dei gamle seriane, men sidan eg allereie har sett dei, lyt dei venta nett no.

The Andromeda Strain: filmen og miniserien

Eg har høyrt at nyinnspelinga/miniserien ikkje er så veldig god, men fann ut at eg skulle gje den ein sjanse. Eg nytta dessutan dette høvet til å endeleg skaffa meg den opphavlege filmen. Det var dessutan billeg. Serien inngjekk i eit tilbod på Platekompaniet, og prisen på filmen var sterkt nedsett hjå Amazon.co.uk. Sånt liker me.

Dante’s Peak

Jada, jada, eg veit, ikkje verdas beste film… Men han kosta 11 kroner, inkludert frakt! Det er eit for godt tilbod til å takka nei til. Eg meiner, 11 kroner, for svarte!

Con Air, Jaget og Stikket

CDon klarar alltid å lura eit par ekstra filmar i handlekorga mi. Det er nesten litt skummelt.

Jeg, meg og Irene

Ein artig film til ein billeg penge. Viss alle impulskjøpa mine hadde kosta ein slik pengesum, ville eg ha hatt mykje betre råd. Takk til Platekompaniet for fine prisar.

Vampyr

Eg elskar «Masters of Cinema»-serien til Eureka. Nosferatu, Sunrise, Fantastic Planet, F for Fake, Faust, Metropolis – og no Vampyr. Dette er skikkeleg digg! Vampyr er (stutt) omtala i topp ti-lista mi over vampyrfilmar

Moon

Viss eg berre skulle gjera eitt innkjøp i april, ville dette vore det. Moon er ein av dei beste filmane frå 2009. Kanskje den beste. Det er skammeleg at studioet ikkje ville sponsa den til oscarnomineringa. Ein så fin film måtte eg sjølvsagt ha i BD.

Permanent link to this article: http://boba.no/2010/05/nytt-i-videoteket-13/

4 comments

1 ping

  1. Simon

    Damn it! Battlestar Galactica-Miniserien er med på fyrsteplata av sesong 1. Jaja, den kosta meg berre 40 kroner, men det er irriterande lell.

  2. Simon

    Damn it! Razor er med på fyrsteplata av sesong 4! 33 kroner ut av vindauget. Irritert.

  3. Ola

    Kva er BD?

  4. Simon

    BD står for Bluray Disk :)

  1. Tweets that mention Boba.no – Nytt i videoteket, april -- Topsy.com

    [...] This post was mentioned on Twitter by Simon Hansen. Simon Hansen said: Boba.no – Nytt i videoteket, april http://u.boba.no/18 [...]

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *