Plutseleg var det gått to månader sidan førre gong eg kom med eit slikt innlegg. Det kjem av den enkle grunnen at eg ikkje kjøpte nye filmar i mai. Sist gong det skjedde, var i november i fjor, og før det må me attende til august 2003. Til no i år har eg handla 50 nye filmar, så det går mot eit rekordlågt videokjøpsår for min del. Men ting kan alltids endra seg på dei siste seks månadene av år 2010. Same kva, det vart eit par timar underhaldning i juni månad. Med unnatak av den fyrste og den siste, vart alle kjøpt med gåvekort (pluss mellomlegg), så det vart ein billeg affære lell.
Shoot ‘Em Up
Kva er vel betre å starta videokjøpsmånaden med enn eit billeg impulskjøp som eg ikkje veit noko som helst om? Tja, eg kan tenkja meg mange titlar eg heller kunne tenkt meg å nytta pengar på, men impulskjøp er jo som å handla datovarar på Bunnpris – ofte kan du vera heldig, men det er stort sannsyn for at varen ikkje smakar noko godt. Eg har enno ikkje sett filmen. Seriar tek opp for mykje tid.
Fanboys
Er du sjølvutnemnd nerd, lyt du jaggu følgja det opp! Eg nemner: Star Woids, Star Wars vs. Star Trek, George and Me, Star Wars: Revelations, The Force Among Us og så bortetter. Det er då soleklårt at eg måtte skaffa Fanboys òg. Den har i tillegg Veronica Mars i gullbikini!
Dexter: The Third Season
Ah, Dexter. Michael C. Hall er heilt fantastisk i rolla som den trivelege blodflekksanalytikaren med ein mørk hobby. Eg kjøpte meg sesong ein og to i vinter, og vart snøgt hekta.
True Blood: The Complete Second Season
Ein annan serie som er lett å verta hekta på, er True Blood. No er eg ikkje like imponert over andresesongen, sjølv om den dykkar litt lenger ned i bakgrunnen til både Sam, Bill og Eric, men den er god nok til å framleis halda meg interessert.
Sherlock Holmes
«The game’s afoot.» i bluray! Robert Downey Jr. viser kvifor han er ein av dei beste amerikanske skodespelarane, med leikande fakter, høgt tempo og ein knallgod britisk aksent. Sherlock Holmes-filmatiseringar har alltid vore litt tørre og, vel, britiske, men i Guy Ritchie-versjonen er den vidgjetne detektiven yngre, røffare og mykje meir artig for tilskodarane!
Thirst
Eg avslutta videohandelen denne månaden som eg starta den: med eit impulskjøp. Skjønt denne gongen ikkje fullstendig ukjend. Thirst er regissert av Chan-wook Park, som stod bak den mest geniale hemnfilmen som eg nokon sinne har sett: Oldboy. Som så ofte er tilfellet med impulskjøp, tek det litt tid før dei hamnar i videospelaren min, så eg har framleis til gode å sjå filmen. Men eg gler meg!
1 ping
Boba.no – “Nytt” i videoteket – eitt års oppsummering
13. juli 2011 at 23:08 (UTC 2) Link to this comment
[...] var det eit år sidan eg har skrive noko om videosamlinga mi. Fyrst og fremst av di det truleg er litt keisame innlegg å lesa, men også av di tid og interesse [...]