Robotar!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

For litt sidan hadde eg eit gjensyn med Bill & Ted’s Bogus Journey (seriøst, kor digg er ikkje William Sadler i denne filmen!?), og inspirasjonen til eit nytt innlegg kom. I filmen treff tittelkarakterane på to vondskapsfulle robotkopiar av seg, sendt frå framtida med mål om å drepa dei. Nest etter den komande zombie-pandemien, er det robot-revolusjonen eg fryktar mest: den dagen då robotane tek over verda! Men eg har gjort leksa mi. Eg har nemleg studert videodokumentasjon på korleis dei fungerer.

Gort frå The Day the Earth Stood Still

Gort frå The Day the Earth Stood Still

Eg nyttar her ordet «robot», sjølv om dette ikkje er heilt korrekt. I dag finn me allereie robotar overalt. Sjå til dømes i din lokale matbutikk. Truleg har dei ein Vensafe eller liknande for tobakk og slikt. Dette er ein robot. Eller ta ein titt på kjøkkenet ditt. Du har kanskje ein oppvaskmaskin? Robot. Og har du ein retro-bar med ordentleg jukeboks i nærleiken? Den dingsen som byter plate er, ja, nettopp, robot! Ein robot er ein maskin som utfører ei fysisk oppgåve – til dømes å flytta på ei plate – utan hjelp frå oss.1 Men når folk flest høyrer ordet «robot», tenkjer dei på antropomorfistiske, intelligente maskinar, og difor valde eg å nytta ordet robot innleiingsvis. Men før eg byrjar å slengja om meg med ord som AI, kyborg, gynoid og liknande, kan det vel vera greit å vita kva eg meiner med dei ymse omgrepa.

Kunstig intelligens (AI)
Trass i at omgrepet skulle vera ganske lett å forstå, er det vanskeleg å definera. For kva er eigentleg intelligens? Er det berre mønstergjenkjenning, problemløysing og læring, eller ligg det noko meir bak? Er ikkje AI-ar som klarar turingtesten eigentleg berre imitasjonar av intelligens? Er menneskehjernen eigentleg ein datamaskin? Og viss mennesket har intelligens, kvifor gjer me så mykje uintelligent? Eg skal ikkje prøva å definera omgrepet, då det kan sest på som filosofisk spørsmål. Her nøyer eg meg difor å definera AI som tilnærma menneskeleg intelligens, men ikkje er avgrensa av biologi. AI finst ofte i robotar, men kan eksistera uavhengig av ein fysisk lekam. Simulert AI kallast ofte for botar, men dei skal eg ikkje gå inn på no.
Robot
Til dette føremålet kan robot få lov til å vera eit samleomgrep for alle dei følgjande maskintypane, men eigentleg er altså robot det som eg definerte over: ein maskin som utfører ei fysisk oppgåve utan menneskeleg hjelp. Ei meir presis nemning for robot er «automat».
Automat
I daglegtala er ordet automat meir eller mindre brukt om ein svær rektangulær dings som du t.d. legg pengar på og får tilbake ei flaske brus, men ordet femnar om alle formar for robotar som utfører ei bestemt oppgåve utan menneskeleg hjelp. Automatar har ikkje AI, men kan vera såpass avanserte at det kan vera vanskeleg å skilja mellom programmering og intelligens.
Fjernstyrt automat
Automat som må ha menneskeleg hjelp i form av ei fjernstyring. Det er mest vanleg med trådlaus fjernstyring, t.d. infraraude signal, eller radiobølgjer. Fjernstyrte automatar kallast ofte for dronar.
Droid, android og gynoid
Droid er eit samleomgrep for avanserte – ofte antropomorfistiske – maskinar med AI. Droidar som simulerer menneskeleg utsjånad og åtferd, nyttar me to underomgrep for. Dei maskuline eller kjønnsnøytrale variantane kallar me androidar2, og dei feminine variantane kallar me gynoidar3. Det er som regel droidar folk tenkjer på når dei høyrer ordet «robot».
Kyborg
Kyborgar er dels biologisk, dels maskin. I den forstand kunne me kanskje sagt at t.d. menneske med implantert høyreapparat er kyborgar, men me plar å avgrensa definisjonen. Menneske med små implantat ikkje reknast som kyborg. Det er fyrst når maskindelen og den biologiske delen eksisterer i symbiose, at me snakkar om kyborgar. Programvara for maskinen smeltar saman med medvitet til det biologiske individet. Dersom individet starta som ein person, vil det ikkje vera same person lenger når individet vert kyborg.
Wall-E og EVE frå Wall·E

Wall-E og EVE frå Wall·E

Etter ein runde gjennom filmbasen min, sat eg att med eit tresifra tal på robotar. Dette er skummelt mange – me vil jo ikkje ha robot-revolusjonen riktig enno. Difor avgrensa eg meg litt:

  • Ingen AI-ar utan fysiske kroppar. Dimed diskvalifiserer eg Agent Smith frå The Matrix, HAL 9000 frå 2001: A Space Odyssey, og Skynet frå Terminator-filmane
  • Ingen fjernstyrte automatar. Klovnen frå F/X2, surrogatar frå Surrogates eller avatarar frå Avatar får dimed ikkje vera med.
  • Ingen automatar i det heile. Vekk med ED-209 frå Robo-Cop og torturdokkene i Barbarella. Sjølv ikkje dei überkule steampunk-kampmaskinane i Sky Captain and the World of Tomorrow får vera med!
  • Éin plass per film, sjølv om filmen kan ha fleire robotar
Ro-Man frå Robot Monster

Ro-Man frå Robot Monster

Heiderleg omtale

Av di eg ser at innlegget kjem til å vera langt nok, men mest av di eg er lat og ikkje gidder å skriva så mykje meir, er det berre topp fem denne gongen. For å bøta på dette, listar eg opp her, i nokså tilfeldig rekkjefølgje, femten andre filmar. Dei kan kanskje sest på som kandidatar til plass seks til ti…

  • Wall·E: bossplukkaren Wall-E, som elskar filmen Hello Dolly
  • Buck Rogers in the 25th Century: den vesle androiden Twiki, som er assistenten til A.I.-en Dr. Theopolis, og ein slags ambassadør for Buck. Bidi-bidi-bidi!
  • Star Trek: Data, viss største ynske er eit hjarte… Vent? Det høyrast kjend ut
  • The Wizard of Oz: Tin Man, viss største ynske er eit hjarte
  • Dr. Goldfoot and the Bikini Machine (også Austin Powers: International Man of Mystery): gynoidane. Tehehehe! *Glis*
  • The Iron Giant: Jernkjempen
  • Ghost in the Shell: kyborgane på Section 9, m.a. Kusanagi og Batou
  • Blade Runner: replikantane, m.a. Pris og Roy. I’ve seen things…
  • Transformers: Optimus Prime..
  • Weird Science: Lisa, den veldreide gynoiden som lystar alle ordrer til to kåte femtenåringar.
  • Spaceballs: Dot Matrix
  • Terminator: Ja, T-1000 var kul med sitt flytande metall, og T-X med sine puppar, men Terminator vil alltid vera T-800. «I’ll be back»
  • Edward Scissorhands: Filmen er litt utydeleg på om Edward er ein kyborg eller ein android, men han er elskverdig lell.
  • The Day the Earth Stood Still: GORT. Klaatu barada nikto!
  • Forbidden Planet: Robby the Robot er ein makelaus droid som kan produsera 200 liter whiskey ut av intet!
Robby the Robot frå Forbidden Planet

Robby the Robot frå Forbidden Planet

Sjekk også ut Blindpassasjer, Stepford Wives, Barbarella, THX 1138, Battlestar Galactica, Robo-Cop, Alien, Superman III, Robot Monster, Judge Dredd, og mange fleire.

Topp fem

#5: Godzilla vs. Mechagodzilla

Mechagodzilla

Mechagodzilla

Godzilla går plutseleg og uprovosert til åtak på Japan. Anguirus, ein ven av Godzilla, konfronterer honom, men ender opp med å få knust kjeven sin og må rømma. Ein annan Godzilla dukkar opp, og det viser seg at den fyrste er ein forkledd robot sendt av aperomvesen for å drepa den ordentlege Godzilla og ta over verda. Denne gigantiske, mekaniske dinosauren er knalltøff, og ein av dei få som er ein faktisk trugsel mot Godzilla.

#4: Futurama

Bender

Bender

Serien (og filmane) er proppfull av robotar av alle slag, både automatar, droidar og kyborgar. Det verker dessutan som om alt har AI, frå søppelkverna til gratulasjonskort, frå takvifta til romskipet. Kvifor? Because they can! Alle kjenner sjølvsagt til Bender Bending Rodríguez, også kjend som Bending Unit 22. På grunn av intensjonen bak Bender, ville eg sagt at han er ein automat, men AIen hans tilseier at han er ein androide. Ein alkoholisert, sigarrøykande, gamblande androide, viss draum er å drepa alle menneska. Bender har kurtisert mellom anna hovudet til Lucy Liu og Planet Express-romskipet, og den beste døden han kan tenkja seg er å verta knust under ein semitrailer køyrt av Hulken.

#3: Star Wars

R2-D2 og C-3PO

R2-D2 og C-3PO

I den fyrste filmen er hovudrolleinnehavarane droidar, og skurken er ein kyborg. Nei, eg seier ikkje at Luke er ein droide, og ja, Luke er helten i forteljinga, men hovudrollene i filmen er protokolldroiden C-3PO og astromekkdroiden R2-D2. Ein protokolldroide hjelper til med kommunikasjon på tvers av språk og rase – inkludert etikette. Med andre ord Apertium og Håvamål i eitt, i robotform. R2-D2 er ein astromekkdroide, ein mekanisk mekanikar for reparasjon av romskip undervegs. R2-D2 har mykje ekstrautstyr og ein oppfinnsam og smart AI som gjer honom uunnverleg i krigen mot imperiet. Så har me Darth Vader, då. Mange trudde han var ein robot då han fyrst steig ombord Tantive IV i starten av filmen. Men så såg dei han bruka Krafta seinare. Og då måtte måtte det jo vera eit vesen under den svarte drakta. Vel, båe er sant. Vader er ein maskin OG eit menneske. Ein kyborg. Filmane er stappfulle av andre robotar av alle slag.

#2: The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy

Marvin frå TV-serien og frå filmen

Marvin frå TV-serien og frå filmen

Filmen – så vel som fjernsynsserien, radiodramaa, bøkene, handkleda, rollespela, osb – inneheld mange artige AIar. Du har til dømes den gigantiske superdatamaskina Deep Thought, som kalkulerte svaret på det store spørsmålet som livet, universet og alt. Eller Eddie, den plagsamt optimistiske datamaskina ombord på romskipet Heart of Gold. Men mest kjend er nok androiden Marvin. Fabrikanten, Sirius Cybernetics Corporation, omtalar honom som «your plastic pal who’s fun to be with», men dette er kanskje ei lita overdriving. Marvin er paranoid og depressiv, og (på grunn av enorm hjernekapasitet) har det ekstremt keisamt.

#1: Metropolis

Maschinenmensch

Maschinenmensch

Den dyraste, mest storslegne innan den tyske filmekspresjonismen. Ein av dei tidlegaste science fiction-filmane. Den aller fyrste med ein robot med AI. Ei av filmhistorias TØFFASTE scene er når den galne vitskapsmannen Rotwang vekkjer roboten sin til live, omkransa av svevande ljosringar. Rotwang har tre namn på roboten sin: Futura, Parody og Delusion. «Med andre ord ei kvinne». Den fyrste filmroboten er altså ein gynoid. I filmen har den to formar. Fyrst som metallisk, kald og kjenslelaus, og etterpå, med falsk hud og hår, etterliknar den Maria frå arbeidarklassen for å forføra og øydeleggja.

  1. Nokon føreslo til meg at bilar då måtte inngå i omgrepet robot, men sjølv om bilane våre er vorte veldig avanserte, kan dei ikkje køyra sjølv utan innblanding. Enno. []
  2. Dei vondskapsfulle robotkopiane av Bill og Ted er androidar, viss du undrar. []
  3. Somme føretrekkjer omgrepet fembot i staden for gynoid, men det er misvisande []

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/03/robotar/

3 comments

    • Synnøve on 27. mars 2012 at 23:44

    Roboten i Metropolis er nifs som fy! Fortent siger.

    Elles meiner eg Rotwang ville stilt sterkt på ei topp ti-liste over galne vitskapsmenn. 🙂

    • Simon on 28. mars 2012 at 17:04
      Author

    Absolutt! Rotwang er kanskje ikkje den fyrste galne vitskapsmannen på film (Dr. Jekyll? Dr. Caligari?), men han sette i alle fall standarden for denne karaktermalen.

    • Simon on 6. november 2012 at 23:38
      Author

    Comoyo Filter har omtala fem kule og fem kjipe robotar: http://comoyo.no/filter/fredrik-strage-ser-naermere-pa-filmhistoriens-toffeste-og-kjipeste-roboter/

Comments have been disabled.