Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
Simonblogg veke 44: Endeleg tid for å visa fram Halloween-kostymet mitt.

Eg gjekk altså som Link. Kostymet er frå halloweencostumes.com, den langerma skjorta med høg hals frå H&M (takk til Anja for tipset!), og buksa fekk eg frå bror min.

Sverdet og skjoldet laga eg sjølv, og er basert på spelet:
Eg brukte ei pappøskje som eg limte arket med biletet på, og hadde blank teip over for å verna mot vatn og skitt. Las ned PDF her: Skjoldet, sverdbladet og sverdskaftet (det var lettare å skjæra ut i to deler)
Øyra laga eg av filt, kjøpt for 5 kroner på Coop.
Takk til Tobias som hjelpte meg litt med filminga.