Teletubbie-halloween (Halloween-kostymet 2014)

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg gjekk som det mest vondskapsfulle og skumlaste du kan tenkja deg på årets halloween-fest. Eg gjekk som Tinky Winky frå Teletubbies!

Eg testar hovudet

Eg testar hovudet

Det var vanskeleg å bruka mobilen i drakta

Det var vanskeleg å bruka mobilen i drakta

Lilla skjegg

Lilla skjegg

Komplett kostyme -- med den raude veska

Komplett kostyme — med den raude veska

Evaluering: Det var ekstremt varmt, eg høyrte nesten ingenting og eg vart våt på føttene.

Veska hadde eg forresten kjøpt for 20 kroner på Askeladden brukthandel, reparert med teip, og spraylakkert raud.

Det var mange i løpet av kvelden som sang teletubbies-songen til meg — og merkeleg nok langt fleire menn enn kvinner. Tyder det på at pappaer følgjer meir med på barneTV med ungane sine enn mammaer, eller var det reint tilfeldig?

Permanent link to this article: https://boba.no/2014/11/teletubbie-halloween/