Filmåret 2015

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Det er januar, og dokker veit kva det tyder. Jepp, det er tid for å summera filmåret som gjekk!

2015… for eit år det var! Mission Impossible, Terminator, Jursassic Park, Mad Max og ikkje minst Star Wars! Rekte dei opp til topplista? Eller hamna dei på botn?

(Sjå alle oppsummeringar av filmåret)

Statistikk og ymse

Hopp ned til botnlista eller topplista.

I 2015 såg eg 131 filmar. Eg føretrekte som vanleg å sjå film på kino — kring 46 % av film-aktiviteten min var i ly av kinomørket. Min mest aktive filmmånad var mars, med 36 filmar sett. Ikkje uventa var det på grunn av Kosmorama filmfestival, som var skipa den månaden. Juli og november var daudtid med berre to filmar kvar, men i oktober — som vanlegvis går med til seriar — såg eg 10 filmar.

Eg har ikkje talfesta YouTube-bruken min, men har inntrykk av at eg bruker 30-40 minutt meir tid per dag i forhold til året før. Eg tingar 140 kanalar, som er ca det same som på same tid i fjor, men eg har byta ut enkelte kanalar med andre. Eg tingar fleire kanalar med lengre format (10+ minutt), og med større fokus på filmkritikk og filmanalyse, men elles varierer innhaldet like mykje som før.

Eg har heller ikkje nøyaktige tal når det kjem til TV-seriar. Men eg har starta å loggføra episodar. Frå og med 1. januar i år vil dette også framgå av filmloggen min (må eg kanskje omdøypa den?), så om eit års tid har eg mykje meir statistikk å kosa meg med.

TV-seriar

2015 var eit serietungt år. Eg hadde gjensyn med Fringe og Battlestar Galactica (nyinnspelinga) i heilskap. I tillegg såg eg nye episodar av seriar som Castle, Elementary, Adventure Time, Orphan Black, Person of Interest, osb.

Eg stifta også kjennskap til ein rekkje seriar. Eg såg mellom anna Scream, Wayward Pines og Supergirl. Seriane iZombie og Limitless er kanskje ikkje øvst på topplistene, men dei er ofte dei fyrste eg set meg ned med når det kjem nye episodar. Eg hadde mitt fyrste møte med Äkta Människor, som eg såg i heilskap. Eg tykte den hadde ein fantastisk fyrstesesong, men sesong to dabba diverre av. Nyinnspelinga, Humans, var nokså tam.

Ein serie som imponerte på sumaren, var Mr. Robot. Veldig sterk opning, men den vart litt for ufokusert med kvart. Og så har du Marvel-seriane. Året starta fantastisk med Agent Carter. Daredevil imponerte stort utpå vårparten. Og når du ikkje trudde det kunne bli betre, så kom Jessica Jones. I eit år der vi skulle få ein ny Avengers-film frå Joss Whedon, Paul Rudd som Ant-Man, og ein hardbarka omstart av Fantastic Four frå Chronicles-regissøren, så hadde eg aldri forventa at ein Netflix-serie kom til å vera mitt favoritt-Marvel-produkt. Bravo, Jessica Jones. Kanskje årsbeste nye serie?

Diverre er det ikkje alltid fulltreffar med nye seriar. Her er ein del eg starta på, men ramla av etter eit par episodar:

  • Blindspot
  • Dark Matter
  • The Muppets
  • Scream Queens
  • Minority Report
  • Sense8
  • 12 Monkeys

Årets aller verste nye serie var CSI: Cyber. Den var skrekkeleg dårleg, og eg frykta for menneskeætta då eg høyrde at den vart fornya til ein ny sesong. Eg meiner, kvifor?!

Videosamlinga

I 2015 auka videoveggen min med 50 nye titlar, og totalen lyder no på 1046 videotitlar. Dei fleste vart kjøpt i juni (14 titlar) og desember (17 titlar). Ingenting vart kjøpt i februar–mai, og juli–september. Eg brukte kring 9 800 kr på videosamlinga gjennom året.

Berre åtte av dei nye var DVD, resten var Blu-ray. Eg kjøpte fleire bokssett, deriblant Back to the Future, med ein flukskondensator som lyser, og Batman, som speler tittelmelodien. Sistnemnte er også den dyraste videoboksen eg har kjøpt til no, som med sine 1922,56 kr dankar ut The Monster Legacy Collection etter 11 år på fyrsteplassen. Verdt det? JA! Den speler jo TITTELMELODIEN JO!

Det vart ikkje til at eg kom meg for å kjøpa ein ny ny ny reol, så samlinga ligg stabla oppå kvarandre i hyllene igjen, diverre. Eg får ta det no utpå nyåret.

Filmar

I løpet av året har eg hatt gjensyn med mellom anna Signs, Akira og den norske filmen Line. Sidan vi skreiv 2015, måtte eg sjølvsagt sjå Back to the Future-filmane i oktober. Og som seg hør og bør, tok eg meg også maraton-gjensyn før kinopremierane av Jurassic Park, Terminator og ikkje minst Star Wars. Sistnemnte inkluderer både den gamle trilogien, den nye trilogien og Clone Wars (den handanimerte miniserien, ikkje den dataanimerte serien The Clone Wars).

Den eldste filmen eg såg året som gjekk, var ein norsk film: Gryr i Norden frå 1939. Filmen vart synt fram på Slagg filmfestival, som hadde arbeidarfilm som tema. Her såg eg også Det andre skiftet frå 1978, ein film som var spelt inn heime i Rana.

I kaijufilmprosjektet mitt tok eg for meg filmar frå 1970- og 1980-talet. Gamera vart avslutta, medan Gojira hadde ein «reboot», og starta serien på nytt. Spennande!

Elles såg eg filmar som Annie Hall og Sen to Chihiro no kamikakushi for fyrste gong.

Botnlista for 2015

Gå attende til statistikken, eller hopp ned til topplista.

Eg tykkjer eg har unngått dei heilt dårlege dårlege filmane dette året. Eg har jo høyrt gjetord — eller rettare sagt illgjetne ord — om filmar som Hot Pursuit, Get Hard og Pixels, men tok meg aldri tid til å sjå dei. Eg skreiv opp ei liste over dei 15 filmane eg likte dårlegast gjennom året, og det var påfallande mange filmar som er heilt OK på den. Ganske langt ned på lista finn du filmar som My Little Pony: Equestria Girls – Rainbow Rocks og Pitch Perfect 2. Du finn også Jurassic World på botnlista mi. Ikkje direkte dårleg, men heller ingenting å ropa hurra over. Men tradisjon tru må eg velja ut tre filmar som utmerkte seg negativt:

Terminator Genisys

Alt låg til rette for at dette kom til å bli ein suksess. Attende til røtene av, Arnold i hovudrolle igjen, høg nostalgi-faktor, og ikkje minst lærdom frå dei tre føregåande filmane om korleis ting ikkje skulle gjerast. I staden fekk me eit salig rot. Tidsreiselogikken hang ikkje på greip. Eit av dei mest interessante plottpoenga vart avsløyrt både i trailarane, i intervjuer og på fuckings filmplakaten (WTF?!) — og når det kom til stykket, vart det handtert på ein dårleg måte. Emilia Clarke gjorde sitt beste som Sarah Connor, men det hjelp ikkje når resten av skodespelarane rundt henne ikkje duger. Arnold var sliten. Jason Clarke som John Connor var eit merkeleg val, og Jai Courtney er dønn keisam i alt han speler i. Hollywood, kan vi sleppa å få fleire filmar i serien no? Versåsnill? Det er 25 år sidan førre gode Terminator-film. Dokker har gjort fire forsøk sidan då, og alle var bomskot. Versåsnill, stopp!

Terminator: Genisys

Terminator: Genisys

Hot Tub Time Machine 2

Eg er ein gretten gammal gubbe når det kjem til komediar. Slapstick, billege vitsar, gimmikar og klisjear fungerer dårleg for meg. Denne filmen er berre slapstick, billege vitsar, gimmikar og klisjear. Eg meiner, DEI BRUKER TIL OG MED DEN TEITE «SJÅ SAKTE INN I KAMERAET»-GIMMIKEN! Førre film var sjølvsagt heller ikkje eit meisterverk, men dei brukte jo FEM ÅR på denne oppfølgjaren. Dei skulle ha fått til betre enn dette. Humoren til side, rollefigurane gav heller ikkje meining. Kvar vart det av Adam og Jenny? Korleis kunne Nick ha gjeve ut andre artistar sine verk, når han reiste fram i tid — ikkje tilbake — i førre film? Kvifor var Lou plutseleg ein skikkeleg drittsekk? Og korleis kunne idiotar som Adam Jr. og Jill faktisk ha overlevd fram til vaksen alder?! Filmen er så dum at det gjer vondt!

Hot Tub Time Machine 2

Hot Tub Time Machine 2

Fant4stic

Dette… er… for-fer-de-leg! Fant4stic skulle jo vera Fantastic Four-filmen vi alltid hadde ynskja oss. Eg meiner, sjå berre Chronicle som også var regissert av Josh Trank! Så feil kunne vi ta. Men vi skjønte det tidleg. Rykta svirra om at Trank viste seg på settet tydeleg ruspåvirka, at han sjeldan prata med sine medarbeidarar, behandla Kate Mara dårleg, raserte huset han leigde under produksjonen, og stadig var utagerande. Vi høyrte om heftig innblanding frå studioet, om nye scener som måtte spelast inn, og ymse andre problem. Slik prat er aldri positivt. Men at sluttproduktet skulle visa seg å vera elendig, det hadde sjølv ikkje den mest kyniske av oss kunne gissa. Korleis klarte dei å laga ein dårlegare film enn 4: Rise of the Silver Surfer?! Denne filmen skulle jo inngå i Fox sitt «fellesunivers», som er den heitaste tingen i Hollywood etter Marvel-Disney-suksessen. Det kjem ikkje til å skje etter denne fiaskoen. Det beste Fox kan gjera franchisen, er å gje filmretten tilbake til Marvel.

Fant4stic

Fant4stic

Topplista for 2015

Gå attende til statistikken eller botnlista.

I førebuinga til dette innlegget, grupperte eg topplista etter månad. Som vanleg ser eg at januar og februar er prega av overskytande Oscar-filmar frå 2014 som ikkje fekk Noregspremiere før 2015. I mars dominerer filmfestival-filmane fullstendig. April-august er mykje popcornfilm på kino, og resten av året er toppfilmane for det meste sett i eiget heim.

Eg rakk 36 filmar under filmfestivalen, m.a.:

  • Den tilfeldige rockestjernen
  • The Look of Silence
  • Gui lai
  • Kvinner i for store herreskjorter
  • Sangen reddet mitt liv

Den fyrste nye filmen eg såg i 2015, var The Imitation Game, og den siste nye var En man som heter Ove.

Andre filmar som er verdt å nemna, er Whiplash, Kingsman: The Secret Service og The Martian. Norske Bølgen var morosam, men heilt feil film å senda inn som oscarkandidat. Spectre og Avengers: Age of Ultron var OK i sine respektive filmseriar, men aleine når dei ikkje heilt opp.

Før vi endeleg kjem til topplista, må eg gjera eit unnatak. Som kjent inneheld ei topp ti-liste berre ti filmar, men i år er eg nøgd til å ta med to bonusfilmar. Sidan dei er unnatak, får dei stå unummerert.

Bonus: Kung Fury

Sjeldan har eg kosa meg så mykje som då eg såg denne kortfilmen. Eg sat som eit tåpeleg glis då den var over, og såg den på nytt med ein einaste gong. Er den tåpeleg? Jepp. Overdriven? Sjølvsagt. Teit? Så absolutt. Underhaldande? Jaaaaaa!

Kung Fury

Kung Fury

Bonus: Under the Skin

Topplista kan berre innehalda filmar som kom ut i Noreg i 2015, og diverre oppfyller ikkje denne filmen dette kriteriet. Filmen er frå 2013, men har enno ikkje hatt generell kinopremiere i Noreg. Den er berre vist på filmfestivalar (Bergen i september 2014 og Trondheim i mars 2015). Kva kan eg seia om filmen? Scarlett Johansson speler hovudrolla. Nei, ho gestaltar hovudrolla. Eg såg filmen, og gløymte veldig kjapt at det var Johansson eg såg på lerretet. Dette er ein ubehageleg film, men den grip tak i deg og dreg deg inn. Eg sat heilt oppslukt, og filmen svirra i tankane mine fleire dagar etter å ha sett den.

Under the Skin

Under the Skin

#10: En man som heter Ove

Ein av dei siste filmane eg såg i 2015, men den klatra raskt opp til topplassering. Dette var ein av dei meir fornøyelege kinoopplevingane. Eg såg den i fullsett sal, og det hender ikkje så ofte i Rana Kino. Det var eit vaksent publikum, eg med mine 30 år representerte ungdommen i salen. Filmen handlar om Ove, som er ein pertentleg eldre herremann som nyleg har mista frua si. Han er gretten og sint på alt og alle, og bestemmer seg for å ta sjølvmord. Men det viser seg å vera vanskelegare enn han hadde trudd. Dette er situasjonshumor uten å ta i bruk klisjear og karikaturar. Alle karakterane i filmen er truverdige personar, ikkje pappfigurar i ein sketsj, slik komediar ofte blir. Eg veit eigentleg ikkje om eg vil kalla dette ein komedie. Komsisk drama? Dramedie? Svensk? Ja, der har vi det. Dette er ein typisk svensk film.

En man som heter Ove

En man som heter Ove

#9: Mad Max: Fury Road

Eg likte aldri Mad Max-filmane. Eg tok eit gjensyn med dei i mai, og endra eigentleg ikkje meining. Eg likte kanskje film to betre enn før, men film tre tykkjer eg er direkte dårleg. Eg gjekk difor inn i kinosalen med ganske låge forventingar. WOW, eg vart overraska! George Miller handsamar action meisterfullt. Ikkje berre i måten han regisserer sjølve handlinga, men også skodespelarane, kameraet, ja, til og med blikket til meg som tilskodar! Kameraet er nesten heilt i ro, men eg føler at det rører meir på seg enn teite ristekamera som er så vanleg. Skikkeleg adrenalinfylt, men heilt stødig. Fantastisk! Og så rollefigurane, då! Max er mest ein gjest i si eiga forteljing, men det gjorde meg ingenting. Furiosa og brurene! Nux og krigsgutene! Immortan Joe! Til og med The Doof Warrior, fyren som spelte eldsprutande elgitar på toppen av ein bil…! Så mange fantastiske karakterar!

Mad Max: Fury Road

Mad Max: Fury Road

#8: Maggie

Eg merker at eg er litt smålei zombiefilmar, men det er alltid spennande når det kjem ein zombiefilm med ein ny idé eller nytt perspektiv. Eigentleg gjer ikkje denne filmen det, men den går tilbake til røtene i zombiesjangeren, nemleg det menneskelege. Dottera i ein familie på fire er bitt at ein zombie, og dette er som alle veit dødsdom. Ho kjem til å bli ein zombie, det er uunngåeleg. Men transformasjonen tek nokre dagar, og det er dette filmen tek for seg — dei siste dagane med vener og familie, og korleis dei reagerer på det. Enkelte går gjennom dei fem fasane av sorg, andre reagerer berre med frykt, hat eller avsky. Dette er ikkje ein zombiefilm med action og gore og one-liners og kruttlukt… Dette er eit nært karakterdrama om familie og kjærleik, der det sterkaste bandet er mellom far og dotter, spelt av Arnold Schwarzenegger og Abigail Breslin.

Maggie

Maggie

#7: Simindis kundzuli / Corn Island

Ein lågmælt film som for meg var startskotet på Kosmorama 2015. Filmen handlar om ein mann og barnebarnet hans. I eit elvedelta, midt mellom væpna konflikt og uro, har vårflaumen skapt små øyer av fruktbar jord. Hit kjem mannen med barnebarnet for å dyrka mais. Elva og øya er ein eigen karakter i filmen, ein film som er blotta for filmmusikk og knapt nok har ein einaste replikk. Den rører seg sakte, men er samstundes kraftfull med sitt ærlege fotografi.

Corn Island

Corn Island

#6: Birdman or (The Unexpected Virtue of Ignorance)

Ein oscarfilm frå 2014, som fekk noregspremiere i februar 2015. Eg må innrømma at eg liker filmar som leiker med formatet, særskilt når eksperimentet er vellukka. (I fjor var det Boyhood og Locke.) Denne filmen gjer sitt beste for å skapa ein illusjon av å føregå i realtid utan klipp. Dei få synlege klippa som er i filmen, blir såleis kraftfulle verkemiddel. Eg tykkjer også at super-realismen er handsama brilliant. Den er der, men blir aldri kommentert. Herleg! Eg må også nemna musikken, som er for det meste perkusjon.

Birdman

Birdman

#5: A Girl Walks Home Alone at Night

Ein av dei meir fornøyelege kinoopplevingane gjennom året. Eg hadde ingen forventingar, og kjente berre tittel og nasjonalitet. I nabosalen gjekk det ein amerikansk action-film, men den salen var under ⅓ full. Salen der ein sær liten iransk, svartkvit western-vampyrfilm gjekk, derimot, var stappfull. Det sat til og med folk i trappa.

A Girl Walks Home Alone At Night

A Girl Walks Home Alone At Night

#4: Star Wars: Episode VII – The Force Awakens

Det kjem vel ikkje som ei overrasking at filmen hamna på topplista mi, men mange vil kanskje stussa litt over at den ikkje er på topp. Sjølvsagt kosa eg meg med den (og rakk å sjå den tre gonger før årskiftet), men problema eg har med filmen gjer at den ikkje får topplassering. Du kan lesa meir i filmomtala mi.

Star Wars: Episode VII – The Force Awakens

Star Wars: Episode VII – The Force Awakens

#3: Ex Machina

Kunstig intelligens er kjæledeggen til scifi-forteljingar i Hollywood for tida. Eg liker å samanlikna denne filmen med Her, som har liknande estetikk og tematikk. Men der Her handlar om kjærleik og einsemd, handlar Ex Machina meir om kva det vil seia å vera menneskeleg. Der Her er varm og emosjonell, er Ex Machina kynisk og iskald. Domhnall Gleeson og Oscar Isaac speler rollefigurane sine godt, men det er Alicia Vikander som er den store stjerna i filmen.

Ex Machina

Ex Machina

#2: It Follows

Nye skrekkfilmar stør seg alt for ofte på skvettescener og andre billege triks. Det gjer ikkje denne. Her er det ei skummel stemning frå start til slutt. Filmen handlar om ei forbanning i form av eit ikkje namngjeve monster (berre kalt «det») som tek menneskeleg form og følgjer etter deg. Kvifor? Jo, fordi du hadde sex med nokon som hadde forbanninga før deg. Seksuelt overførbar forbanning, der altså. Sex = død er ein vanleg skrekkfilmkonvensjon, men sjeldan så bokstaveleg som her, og filmen leiker med konvensjonen. Samstundes har du den utrygge stemninga. Når vi som tilskodarar ser «det» for fyrste gong — i form av ei gammal dame i skulegården — gjekk det iskaldt nedover ryggen min. Etter kvart som filmen blir meir og meir intens, blir vi som tilskodarar så paranoid at vi ser «det» overalt.

It Follows

It Follows

#1: Victoria / En natt i berlin

Ei natt, ei tagning. Filmen har ingen klipp. Ingen. Ikkje ein gong skjulte klipp, som i Birdman. Her føregår alt i kameraet, men kameraet kjennest aldri som forstyrrande. Eg pratar om verkemiddel i blogginnlegget om suspension of disbelief. Bruken av musikk og ljod som innråming for ulike scener fungerer svært godt. Spontaniteten og flyten i historia kjem av at mykje av dialogen er improvisert — manuset var visstnok berre 12 sider langt. Eg tykkjer filmen var meisterleg gjennomført. Både regi, skodespel, fotografi og ljod må ha hatt ein ekstremt utfordrande jobb under innspelinga. Eg vart imponert. Ståande applaus.

En natt i Berlin

En natt i Berlin

Permanent link to this article: https://boba.no/2016/01/film-15/

1 comment

  1. Super oppsummering! 🙂 Kjekt å lesa, ser det er ein del filmar eg må passa på å få sett her.

Comments have been disabled.