Kosmorama 2014

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Ei videodagbok frå Kosmorama 2014 dukka opp då eg rydda i arkivet mitt. Betre seint enn aldri, sant?

Dette var min fjerde Kosmorama, og den fyrste etter at eg flytta heim til Rana. Sjølv om eg tykte filmprogrammet var godt, opplevde eg at det var litt som mangla. Filmfestival er eit forum for å få sjå filmar ein elles ikkje får sjansen til å sjå, og ein arena for møte mellom publikum, filmskaparar og bransjen. Men det skal også vera ei feiring av filmmediet. Slik eg minnast tidlegare Kosmorama, var heile byen med på feiringa. Det var ballongar på torget, flagg over Elgseterbrua og Adressa.no hadde nyheiter frå festival som toppsakar heile veka. Alle gjekk rundt med Kosmorama-vesker, Kosmorama-nøkkelband, Kosmorama-skjorter, Kosmorama-aviser osb. Det var langt fleire møte mellom publikum og filmskapar, både med kjapp Q&A etter filmane, debattpanel og ikkje minst masterclass-seminarar.

Eg forstår at det er budsjettet som avgjer alt, og eg er glad for at filmfestivalen let filmen ta førerang over fest. Men eg merka etter Kosmo 14 at eg sakna litt. Sidan då har eg også vore Kosmorama i 2015 og no i 2016, og eg sit i grunnen att med same kjensle. Mykje bra film, men lite fest. Festen i filmfestivalen er flytta vekk frå festivalområdet. Kanonprisutdelinga skjer i heilt andre lokale (i 2004 var det i Clarion Hotel & Congress), og raud løper, filmskaparar og andre bransjefolk, glitter og stas er nesten ikkje til å sjå lenger. Tek du deg ein tur ut i byen, ser du ikkje snurten av Kosmorama-logoen nokon stad. Ingen Kosmorama-vesker. Ingen Kosmorama-aviser. Og møte mellom publikum og filmskapar er særs nedskalert, nedprioritert og knappast annonsert.

Så var det filmane. Eg tykte 2014-programmet var særs bra. Eg rakk å sjå 36 filmar og 1 seminar. Av desse var det 6 dokumentarar og 1 animasjonfilm. Språk som gjekk igjen var engelsk og spansk, men eg høyrte også arabisk, mandarin, hebraisk, for å nemna eit par språk. Mine favorittfilmar var:

  • Gloria
  • The Rocket
  • Återträffen
  • Locke
  • Via Castellana Bandiera
  • Det er meg du vil ha

Her er mitt fullstendige program for Kosmorama 2014:

Nr Tittel År Speletid i minutt IMDb Type Språk Kinosal Dag
1 Gloria 2013 110 tt2425486 spelefilm spansk Nova 2 måndag
2 The Rocket 2013 96 tt2178256 spelefilm laotisk Nova 2 måndag
3 Shuiyin jie
Trap Street
2013 93 tt3138596 spelefilm mandarin Nova 5 måndag
4 Upstream Color 2013 96 tt2084989 spelefilm engelsk Nova 3 måndag
5 Just the Right Amount of Violence 2013 80 tt2593270 spelefilm engelsk Nova 3 tysdag
6 Nebraska 2013 115 tt1821549 spelefilm engelsk Nova 3 tysdag
7 Sepideh 2013 90 tt2994634 dokumentar persisk Nova 2 tysdag
8 Återträffen
Gjenforeningen


Med Q&A med regissør Anna Odell
2013 88 tt2402091 spelefilm svensk Nova 7 tysdag
9 Still Life 2013 87 tt2395417 spelefilm engelsk Nova 4 tysdag
10 Kreuzweg 2014 107 tt3465916 spelefilm tysk, fransk, latin Nova 2 tysdag
11 Giraffada 2013 85 tt3132086 spelefilm arabisk, hebraisk, engelsk Nova 1 onsdag
12 Tusen bitar


Med Q&A med regissør Magnus Gertten, regissør Stefan Berg og Mikael Wiehe frå Hoola Bandoola Band
2014 96 tt3921164 dokumentar svensk Nova 5 onsdag
Historien om The Fox
med regissør Ole Martin Hafsmo
60 seminar Nova 1 onsdag
13 Is the Man Who Is Tall Happy?: An Animated Conversation with Noam Chomsky 2013 88 tt1817287 dokumentar engelsk Nova 7 onsdag
14 Club Sándwich 2013 88 tt3118696 spelefilm spansk Nova 7 onsdag
15 Caníbal
Cannibal
2013 116 tt1718747 spelefilm spansk Nova 7 onsdag
16 Las brujas de Zugarramurdi
Witching & Bitching
2013 110 tt2404738 spelefilm spansk Nova 1 onsdag
17 For No Good Reason 2012 89 tt2112152 dokumentar engelsk Nova 1 torsdag
18 Borgman 2013 113 tt1954315 spelefilm nederlansk Nova 1 torsdag
19 Las horas muertas
The Empty Hours
2013 101 tt3249158 spelefilm spansk Nova 5 torsdag
20 Spieltrieb
Gaming Instinct
2013 102 tt2230342 spelefilm tysk Nova 4 torsdag
21 The Immigrant 2013 120 tt1951181 spelefilm engelsk, polsk Nova 8 torsdag
22 Fantastic Voyage
Fantastisk oppdrag
1966 96 tt0060397 spelefilm engelsk Nova 3 fredag
23 Port of Memory 2010 62 tt1420561 spelefilm arabisk, hebraisk Nova 4 fredag
24 Via Castellana Bandiera
A Street in Palermo
2013 92 tt1966637 spelefilm italiensk, albansk Nova 4 fredag
25 Ilo Ilo 2013 99 tt2901736 spelefilm mandarin, tagalog, engelsk Nova 5 fredag
26 Deshora 2013 102 tt2750546 spelefilm spansk Nova 8 fredag
27 Sorg og glæde
Sorg og glede


Med Q&A med regissør Nils Malmros
2013 107 tt3089978 spelefilm dansk Nova 3 fredag
28 Up
Se opp
2009 96 tt1049413 animasjonsfilm norsk Nova 6 laurdag
29 Mo jing
That Demon Withing
2014 111 tt3511542 spelefilm kantonesisk Nova 2 laurdag
30 Det er meg du vil ha


Med Q&A med regissør Dag Johan Haugerud og skodespelar Andrea Bræin Hovig
2014 53 tt3779880 spelefilm norsk Nova 5 laurdag
31 Locke 2013 85 tt2692904 spelefilm engelsk Nova 1 laurdag
32 Snowpiercer 2013 126 tt1706620 spelefilm engelsk, koreansk Nova 1 laurdag
33 Haunter 2013 97 tt2345567 spelefilm engelsk Nova 1 laurdag
34 Les vacances de Monsieur Hulot
Feriesabotøren
1953 114 tt0046487 spelefilm Nova 3 sundag
35 Just for Kicks 2005 67 tt0451090 dokumentar engelsk Nova 2 sundag
36 Food Chains 2014 83 tt2141739 dokumentar engelsk Nova 8 sundag

Permanent link to this article: https://boba.no/2016/03/kosmorama-2014-fra-arkivet/