«

»

Opera 9

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

På tysdag vart Opera 9 sluppe. Igjen syner den vesle nettlesaren frå Noreg at han er god nok til å leika med dei store gutene. Faktisk så god at den største guten er redd. Og det med god Grunn. Internet Explorer har ingenting å stilla opp med mot Opera. Eg har vore fast Opera-brukar sidan versjonnummer 5. Det har ikkje alltid vore like lett, på ein verdsvev der mest alle vevsidene er skrive for Internet Explorer. Men eg har heldt ut, og dei siste versjonane har vore heilt fantastiske.

Etter sleppet av den nye versjonen, er Opera framleis den raskaste nettlesaren på marknaden. Vrom, seier det, så er du framme dit du skulle, medan Internet Explorer framleis forsøker å lesa vegkartet.

Eg vart litt skuffa då eg skulle installera Opera. Eg fann ikkje ein nynorsk utgåve på veven. Litt irritert installerte eg den engelske då. Etterpå oppdaga eg at det kom 29 språkfiler med det ferske programmet. Klikk i menyen: Tools – Preferences – General – Language- Details – Choose. Leit opp fila /locale/nn/nn.lng i programfilmappa. Klikk OK, dans litt med katta og surf veven med Opera 9 i nynorsk språkdrakt.

Når eg talar om drakt: Omsetjinga av «skins» var «bunad» før. Kvifor heiter det «drakt» no? Me har slite med draktar i versjon 8, men me kunne kleda oss i fine bunader i versjon 6 og delvis i 7.

Blant dei nye funksjonane i programmet er innhaldsblokkering. Og du verda så fantastisk dette er. Eg blokkerte http://adcache.aftenposten.no/*, og Aftenposten.no vart heilt fri for reklame. Så blokkerte eg smilefjes i eit par diskusjonsforum. Det var deilig. Denne funksjonen kjem eg til å nytta meg av ofte.

Du kan lasta ned programmet heilt gratis herifrå: Opera.com.

Gje innspel