»

Vlogg, blogg eller eit anna oppkastliknande ord

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

«åååh. hmppfff… blogg … vlægg. blææææææhhh.»

Kjært barn har mange namn, og såkalla vevloggar eller bloggar ikkje noko unnatak. Eg vel å styra unna desse oppkastliknande namna på dette nettfenomenet når eg no har teke det inn i varmen her på vevstaden min. Eg vonar dette vert ein morosam liten tumleplass kor eg kan lufta tankane mine – om det skulle vera irritasjon over busstilbodet heime på Mo eller glede over å ha lesa ei bok om den einaste norske superhelten, Ivar Aasen.

God knall!

Gje innspel