«

»

Nynorsk agurk

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Sommaren plar vera full av agurknyhende. Teite saker som til vanleg ikkje ville fått spalteplass – men som må få det lell på grunn av at det er lite som hender no til dags. Desse agurknyhendene handlar ofte om grønsaker (derav namnet) på torget, jordbær, katter i toppen av tre, badetemperatur og så bortetter, men det hender seg at det dukkar opp agurkar som kjem litt utafor dei tradisjonelle agurknyhenda.

Ei slik sak hadde NRK Sogn og Fjordane for eit par dagar sidan:

Google gir unge nynorskskrekk

Direktør i Norsk Språkråd, Sylfest Lomheim, meiner ord som snøggast og attende kan skremme ungdommar vekk frå nynorsken.

– Det kan ha den konsekvensen at ungdommane tykkjer at nynorsk er for dei som er eldre og ikkje dei unge. Alle som lagar tekstar har eit ansvar og må tenkje på målgruppa, seier han.

– Gammalmodig
For ei tid tilbake kom søkjesidene til Google på nynorsk, men språket er det ifølgje Lomheim så som så med. Å gå attende åt søket, og snøggast er berre eit par døme på kva nynorsk som blir brukt.

– I staden for attende kan ein bruke tilbake, og i staden for snøgg kan det brukast rask eller hurtig. Det blir feil å diskutere enkeltord, men viss det er ein gjennomgåande stil at språket er gammalmodig, så tykkjer eg ikkje at dette er rette staden å vere det, seier han.

Lovar å sjå på saka
Lomheim understrekar at han er glad for at det har komme eit tilbod på nynorsk, men meiner utviklarane har eit ansvar for å tilpasse språket etter målgruppa.

Utviklingsdirektør i Google Norge, Knut Magne Risan, lovar å ta tak i saka. Han avviser at dei prøver å gje ungdommar nynorskskrekk.

– Vi har ikkje ønskje om det, men vi har laga ei teneste som veldig mange har ønskt seg, seier han

Kvifor NRK Sogn og Fjordane orka å skriva om noko så tullate som dette, anar eg ikkje, men verre er det at sjølvaste Sylfest Lomheim er den som faktisk kom med utspelet. Viss ikkje «attende» er eit godt nok ord til å nytta i nynorsk, så er det ikkje noko poeng i språket i det store og heile. Dette utspelet strir i mot alt Språkrådet (tidlegare kalt Norsk Språkråd) står for – nemleg å syta for at båe skriftspråka våre kan leva side om side med kvarandre.

Viss ein berre ser på dette utspelet i høve Google-grensesnittet, så er det jamvel ganske teit. Grensesnittet i Google er ikkje mange ord, og viss «attende» skulle vera «tilbake» og «snøgt» skulle vera «hurtig», så hadde ikkje det nynorske grensesnittet vore naudsynt i det store og heile då det hadde vorte meir eller mindre skrotmål.

For ordens skuld: Google med nynorsk grensesnitt

Gje innspel