Heisreglar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Etter mange førespurnader og mykje pågang, har eg gravd i vevarkivet mitt etter teksten om heisprosjektet Vegard og eg hadde for nokre år sidan. Me gjekk i andreklassen ved Moheia vidaregåande skule. Sjølv om skulen kanskje ikkje var den aller største, så var den stor nok til å ha ein eigen heis. Det var seks etasjar – eller i alle fall seks etasjeknappar; etasjane 1A og 2A forstod eg meg aldri på. Heisen var eit tilbod til dei som kanskje ikkje klarte å gå heile vegen opp (rullestolbrukarar, til dømes, eller reinhaldarar med vaskevogn og så bortetter), og skulle hovudsakleg nyttast av desse. I røynda var desse den minstre brukargruppa av heisen, for «alle» likte å køyra heis. Det seier seg sjølv at når to hundre elevar i alderen seksten til atten år får lov til å køyra heis aleine, så vil misbruk henda seg. Og det hendte. Ofte. Som eg skreiv i den opphavlege teksten: Legg latskap og tåpskap saman, og du får ein heis som må førtidspensjonera seg.

Vegard og eg likte å taka heis, me òg, men då som eit alternativ til å gå opp alle trappane – i motsetnad til dei som nytta heisen som underhaldning i friminutta. Me vart etterkvart litt lei av å stadig finna heisen overfull, med ljospærene skrudd ut og boss spreidd utover golvet, og til slutt tok me med oss eit fotokamera og tok bilete av situasjonar me ikkje likte å sjå i heisen. Under slagordet «Vern om heisen» hengte me opp illustrerte heisreglar, laminert i fem eksemplarar. I tillegg la eg dei ut på veven, med utvida forklaring til kvar regel.

Vern om heisen
Heisreglar frå Heisutvalet

I heisen er det heldigvis lyst. Dette kjem av at det er fire ljospærer i taket. Slepp ein attenåring inn i heisen, og det vert mørkt. Av ein eller annan grunn er det morosamt å skru ut ljospærene. Viss du har køyrt ein mørklagt heis, så veit du kor utruleg irriterande dette er:

Ikkje skruv ut ljoset i heisen

Det kan oppstå naudssituasjonar i ein heis, og difor er ein naudstelefon der. Eg har nytta den ein gong, og det var for å fortelja at heisen stod fast mellom andre- og tredje-etasjen. Det kan oppstå andre situasjonar der du kan få bruk for telefonen, men at du har gløymd ei tjuekrone i brusautomaten nede i kantina eller at du er for seint til timen er ikkje blant desse. Telefonen, som er kopla til internnettet på skulen, skal berre nyttast i naudstilfelle

Telefonen er til naudsamtalar, og berre til naudsamtalar

Somme liker å kasta boss i heisen, sjølv om det er ei bosskorg utafor heisdøra i kvar einaste etasje. Desse personane plar òg å henga tyggegummi over sensorane på heisdøra, slik at ho ikkje går att. Dette fører igjen til at heisen ikkje kan gå nokon stad.

Ikkje kast boss i heisen

Kva er det med folk og knappar? Så snart dei ser ein knapp, så får dei lyst til å trykkja på honom. I heisen er det òg knappar å trykkja på. Viss du trykkjer på knappen det står 1 på, så går heisen ned til fyrsteetasjen. Diverre er det enkelte som ikkje klarer å berre trykkja på èin knapp. Dei trykkjer inn alle knappane samstundes, og så lauper dei ut. Heisen går opp og ned, opp, ned, stopp, ned, opp, stopp, osb. Kvifor gjer folk dette?

Trykk berre på etasjen du skal til

Når ein køyrer heis, så skal ein eigentleg berre stå heilt i ro og venta til ein kjem til rett etasje. Ein kan sjølvsagt gjera andre ting òg, som til dømes å lena deg mot ein av veggane (men ikkje mot heisdøra), prata med medheistakarar, sjå på klokka eller eta ein banan eller to. Ein skal aldri driva akrobatikk i heisen.

Ikkje hopp i heisen

Det går ei uoffisiell tevling om å stappa så mange folk som mogleg inn i heisen. Ein slik skrudd idé er heilt forkasteleg. Heisen er eit verkty, og ikkje eit leikety. Med ørten urolige syttenåringar i heisen, kan det fort henda ei ulykke

Viss heisen er full, vent på neste tur eller bruk trappa

Bileta er teke av Vegard.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/08/heisreglar/