Saltknask og snop

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg fekk nyss vita at Rema 1000 har opna sin fyrste nynorske butikk:

For første gang kan kundene handle i en Rema-butikk som skilter på nynorsk. Rema 1000 i Volda lokker med «berre låge prisar», og potetchips finnes i avdelingen som er merket med «saltknask», melder Nyhetspuls på Kanal24.

Handelsbladet FK

Dette var spanande. Nesteklikk.no har bilete av nynorsk-skilta. Fantastisk. Eg vonar at det vert lettare for andre Rema-butikkar å få norske skilt, no som dei har sett at det er mogleg. Det er ille at store delar av næringslivet haldar på skrotmål – dei fleste tenkjer ikkje ein gong over kvifor dei gjer det. «Jau, me må ha skilta våre på skrotmål,» tenkjer dei, og ser ikkje ut til å forstå kvifor dette er heilt riv ruskande gale.

Ta til dømes Rema Stormarked heime på Mo. I ei heilt vanleg arbeidsveke der, er den dansks- /bokmålstalande kundemengda tilnærma lik null, medan dei på båe sida av kassa talar nynorsk.«Eg ska ha ein pakke røyk,» seier kunden, og butikkarbeidaren svarar «Korsn type vil du ha då?». Eg har aldri høyrt nokon seia «Jeg vil ha en pakke røk» eller «Hvilken type vil De ha?», så kvifor i alle dagar har Rema Stormarked då skilta sine på feil språk?

Slik er stoda over heile landet, men no er altså stoda i ferd med å betra seg. Hurra for Rema! Vonleg tek resten av butikk-Noreg etter.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/08/saltknask-og-snop/

1 comment

    • Simon on 28. august 2006 at 15:29
      Author

    Det er ikkje berre på Volda at det no er «berre låge prisar» på Rema. Kort tid etter at dette vart kjend, heiv ein Rema-butikk på Stord seg rundt òg. Les meir hjå Bergens Tidende og NRK Hordaland

Comments have been disabled.