Norges Blindeforbund – berre for Internet Explorer-brukarar med godt syn?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Under ein samtale eg hadde no nyleg om XHTML og vevstandardar, hamna eg på vevsidene åt Norges Blindeforbund.
Sjølv om eg ikkje kan skryta av å ha verdas beste kjeldekode sjølv, så vil eg påstå at Boba.no er meir tilgjengeleg for blinde enn det denne var. Sjå på korleis dei har laga menyen sin (redigert til å visa berre det viktigaste):

Forside

Om oss

Tilbud og tjenester

Tilrettelegging i samfunnet

Fakta og publikasjoner

Bli medlem

Støtt oss

Fylkeslag

Dette er ikkje ein god måte å gjera det på. Då er det mykje betre å gjera det slik:

Forside

Om oss

Tilbud og tjenester

Tilrettelegging i samfunnet

Fakta og publikasjoner

Bli medlem

Støtt oss

Fylkeslag

Forskjellen i koden er, som du ser, enorm. Forskjellen på korleis den fyrste kodesnutten ser ut i ulike nettlesarar er like enorm. Forskjellen på korleis nettlesarar for blinde tolkar desse kodesnuttane er astronomiske. Den fyrste kodesnutten er nesten umogleg for ein blind person å lesa, medan den andre er så logisk oppbygd at alle kan lesa den.

Her må eg skyta inn litt sjølvkritikk. Du treng ikkje sjå så veldig langt unna dårleg kode. Sjå til dømes i kjeldekoden til Boba.no. Eg held sjølvsagt på å ordna slik at den dårlege koden vert betre, men førebels lyt dette berre stå som eit døme.

Innhald på vevstaden
Kven er Simon?
DVD-samlinga mi
Ymse tekstar
Kalenderen
Simon seier
Kontakt
Peikarar

Dette skulle sjølvsagt ha vore noko slikt:

Innhald på vevstaden

Kven er Simon?

DVD-samlinga mi

Ymse tekstar

Kalenderen

Simon seier

Kontakt

Peikarar

Gje innspel