Nynorsk programvare

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

[notice]Oppdatert 19.05.2008: Sjå i peikarane for meir oversynleg liste.
Oppdatert 18.08.2009: Eg har ikkje høve til å halda peikarane oppdaterte. Tilrår difor t.d. http://norskprogramvare.wordpress.com/ i staden.[/notice]

Viss du har lese litt rundt på vevstaden, har du kanskje skjønt at eg er glad i nettlesaren Opera. Hovudgrunnen til dette er at han rett og slett er best. Då eg byta til Opera, var det derimot språkvalfridommen som stod som det sterkaste argumentet for å kasta Internet Explorer i dass. Med Opera, som forresten er norskprodusert, kunne ein nemleg få eit nynorsk brukargrensesnitt om ein hadde lyst. Her er eit par andre programvarer som ligg føre på nynorsk:

  • Opera – (verdas beste) nettlesar.
  • Avant Browser – nettlesar
  • OpenOffice – kontorprogrampakke
  • Microsoft Office – språkpakke til kontorprogrampakke
  • AbiWord – teksthandsamar
  • Tux Paint – teikneprogram for ungar
  • Med andre ord – synonymordbok
  • Ordrik – synonymordbok for Microsoft Word
  • Nyno – omsetjingsprogram (frå bokmål til nynorsk)

Det er fri lisens på alle, bortsett frå dei tre siste. Du må òg ha lisens på MS Office for å kunne nytta språkpakken.

Eg har elles prøvd operativsystema Linux og BeOS på nynorsk, og snart kjem òg Windows XP i nynorsk språkdrakt. Det gjer òg den populære nettlesaren Firefox.

Eg er raus i dag, og vil visa deg nokre nynorske vevtenester òg:

Viss du veit om fleire, legg gjerne igjen ein kommentar.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/09/nynorsk-programvare/

15 comments

Skip to comment form

    • Simon on 5. desember 2006 at 6:05
      Author

    Windows XP har kome på nynorsk. Last ned språkpakken.

    Firefox ligg òg føre på nynorsk no.

    • Simon on 3. desember 2007 at 0:04
      Author

    I følgje LNK Nytt, skal Windows Vista og Office 2007 koma på nynorsk i løpet av våren. Det gler me os sjølvsagt til!

    Elles har eg funne eit oversyn over fleire programmar på nynorsk: Norsk programvare. Her finn du mellom anna oppdatert språkfil til Skype.

    Eit anna oversyn over nynorske program finst hjå Språkrådet.

    • Simon on 20. desember 2007 at 17:41
      Author

    Gladnyhende for alle spirande manusforfattarar: Celtx vart lansert i dag på nynorsk.

    • Simon on 18. januar 2008 at 21:46
      Author

    Snøggprateprogrammet Pidgin er visst på nynorsk. Det var litt vrient å finna ut av dette, av di Windows-versjonen min og språkinnstillingane er på bokmål, og installasjonen av Pidgin insisterte difor på anten engelsk eller bokmål. Men med miljøvariabelen PIDGINLANG=nn i systeminnstillingane fekk eg endeleg ein nynorsk snøggprat.

  1. Netvibes er på nynorsk. 🙂

    Mykje av programvaren i Ubuntu Linux er òg på nynorsk.

    • Ola on 20. januar 2008 at 16:11

    Men kvifor er ikkje alt? Det er ei særs rotete blanding av norsk og engelsk. Og kvifor er der slike tåpelege ord som «tilbehøyr»?

  2. Ola: Av di du ikkje hev vore flink nok til å omsetja…

    Elles er den tullete «tilbehøyr» noko eg hev kjempa mot. Det var ikkje slik fyrr, men ein eller annan jævel meiner det lyt vera slik.

    • Simon on 23. januar 2008 at 1:23
      Author

    Eit lite tillegg til dette med Windows Vista: heilt sidan Internet Explorer 7 vart lansert (på engelsk må eg føya til), har eg skrive mange brev til Microsoft om ein nynorsk versjon. I april i fjor fekk eg denne meldinga frå dei (om IE7): «According to our release schedule, nynorsk (Norwegian) is targeted for 3/18/2008». Dette treng ikkje tyda at Vista er klar til den 18. mars, og det kan ha vorte endringar i planane til no, men dette er det næraste eg kan gissa på ein sleppdato på nynorsk Vista/Office/IE.

    • Simon on 21. april 2008 at 10:52
      Author

    Fekk nett melding frå Microsoft: «Har nå fått tilbakemelding om at Internet Explorer på «nynorsk» for Vista vil bli tilgjengelig senere i år – vi har dessverre ingen klarlagt dato for utgivelsen ennå.»

    • Ola on 21. april 2008 at 14:21

    «nynorsk»?

    • Simon on 21. april 2008 at 14:27
      Author

    Jau, eg reagerte litt på den eg òg. Er det «svært dårleg og bokmålsnær» dei meiner då? Eller er det «ny-norsk, altså engelsk»?

    • Simon on 13. mai 2008 at 18:08
      Author

    Hahaha! Eg har masa og masa og masa på Microsoft no i over eit år, men alt dei har kome med er at dei visste ikkje. Eg måtte til Nynorsk.no for å finna ut at ein nynorsk språkpakke til Vista er kome. No er det ei kjennsgjerning at nynorsk.no er meir digg enn Microsoft, men lell…

    • Simon on 19. mai 2008 at 23:51
      Author

    Som eit apropos til dette innlegget: eg prøver å samla alle dei nynorske programvarene eg kjem over, i peikarane mine. Er du berre ute etter programvarene, oppmodar eg deg å bokmerka peikarane i staden for dette innlegget.

    Har du tips om programvarer eg ikkje har teke med, gje gjerne innspel.

    • Magnus on 20. mai 2008 at 15:14

    Det er berre nynorsk LIP til Vista i 32-bitsversjonen. Argh.

Comments have been disabled.