Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
[notice]Oppdatert 19.05.2008: Sjå i peikarane for meir oversynleg liste.
Oppdatert 18.08.2009: Eg har ikkje høve til å halda peikarane oppdaterte. Tilrår difor t.d. http://norskprogramvare.wordpress.com/ i staden.[/notice]
Viss du har lese litt rundt på vevstaden, har du kanskje skjønt at eg er glad i nettlesaren Opera. Hovudgrunnen til dette er at han rett og slett er best. Då eg byta til Opera, var det derimot språkvalfridommen som stod som det sterkaste argumentet for å kasta Internet Explorer i dass. Med Opera, som forresten er norskprodusert, kunne ein nemleg få eit nynorsk brukargrensesnitt om ein hadde lyst. Her er eit par andre programvarer som ligg føre på nynorsk:
- Opera – (verdas beste) nettlesar.
- Avant Browser – nettlesar
- OpenOffice – kontorprogrampakke
- Microsoft Office – språkpakke til kontorprogrampakke
- AbiWord – teksthandsamar
- Tux Paint – teikneprogram for ungar
- Med andre ord – synonymordbok
- Ordrik – synonymordbok for Microsoft Word
- Nyno – omsetjingsprogram (frå bokmål til nynorsk)
Det er fri lisens på alle, bortsett frå dei tre siste. Du må òg ha lisens på MS Office for å kunne nytta språkpakken.
Eg har elles prøvd operativsystema Linux og BeOS på nynorsk, og snart kjem òg Windows XP i nynorsk språkdrakt. Det gjer òg den populære nettlesaren Firefox.
Eg er raus i dag, og vil visa deg nokre nynorske vevtenester òg:
- Nynorsk- og Bokmålsordboka – ordbøker
- Google – søkjemotor
Yelo – søkjemotorSøkjemotoren er lagt ned/slege saman med Gulesider.no, som berre finst på bokmål.- Wikipedia – brukarstyrt leksikon
- Spel på Nynorsk Kultursentrum – leiker og spel
Viss du veit om fleire, legg gjerne igjen ein kommentar.
15 comments
Skip to comment form
Author
Windows XP har kome på nynorsk. Last ned språkpakken.
Firefox ligg òg føre på nynorsk no.
Author
I følgje LNK Nytt, skal Windows Vista og Office 2007 koma på nynorsk i løpet av våren. Det gler me os sjølvsagt til!
Elles har eg funne eit oversyn over fleire programmar på nynorsk: Norsk programvare. Her finn du mellom anna oppdatert språkfil til Skype.
Eit anna oversyn over nynorske program finst hjå Språkrådet.
Author
Gladnyhende for alle spirande manusforfattarar: Celtx vart lansert i dag på nynorsk.
Author
Snøggprateprogrammet Pidgin er visst på nynorsk. Det var litt vrient å finna ut av dette, av di Windows-versjonen min og språkinnstillingane er på bokmål, og installasjonen av Pidgin insisterte difor på anten engelsk eller bokmål. Men med miljøvariabelen
PIDGINLANG=nn
i systeminnstillingane fekk eg endeleg ein nynorsk snøggprat.Netvibes er på nynorsk. 🙂
Mykje av programvaren i Ubuntu Linux er òg på nynorsk.
Men kvifor er ikkje alt? Det er ei særs rotete blanding av norsk og engelsk. Og kvifor er der slike tåpelege ord som «tilbehøyr»?
Ola: Av di du ikkje hev vore flink nok til å omsetja…
Elles er den tullete «tilbehøyr» noko eg hev kjempa mot. Det var ikkje slik fyrr, men ein eller annan jævel meiner det lyt vera slik.
Author
Eit lite tillegg til dette med Windows Vista: heilt sidan Internet Explorer 7 vart lansert (på engelsk må eg føya til), har eg skrive mange brev til Microsoft om ein nynorsk versjon. I april i fjor fekk eg denne meldinga frå dei (om IE7): «According to our release schedule, nynorsk (Norwegian) is targeted for 3/18/2008». Dette treng ikkje tyda at Vista er klar til den 18. mars, og det kan ha vorte endringar i planane til no, men dette er det næraste eg kan gissa på ein sleppdato på nynorsk Vista/Office/IE.
Author
Fekk nett melding frå Microsoft: «Har nå fått tilbakemelding om at Internet Explorer på «nynorsk» for Vista vil bli tilgjengelig senere i år – vi har dessverre ingen klarlagt dato for utgivelsen ennå.»
«nynorsk»?
Author
Jau, eg reagerte litt på den eg òg. Er det «svært dårleg og bokmålsnær» dei meiner då? Eller er det «ny-norsk, altså engelsk»?
Author
Hahaha! Eg har masa og masa og masa på Microsoft no i over eit år, men alt dei har kome med er at dei visste ikkje. Eg måtte til Nynorsk.no for å finna ut at ein nynorsk språkpakke til Vista er kome. No er det ei kjennsgjerning at nynorsk.no er meir digg enn Microsoft, men lell…
Author
To til
Til Office 2007: http://www.microsoft.com/downloads/details.aspx?FamilyID=91426c33-ea45-482d-af08-cd8ea8cbfd53&DisplayLang=nn
Til IE7 XP: http://www.microsoft.com/downloads/details.aspx?FamilyID=641fd041-242e-4c0e-985e-87e4751b1fdb&DisplayLang=nn
Author
Som eit apropos til dette innlegget: eg prøver å samla alle dei nynorske programvarene eg kjem over, i peikarane mine. Er du berre ute etter programvarene, oppmodar eg deg å bokmerka peikarane i staden for dette innlegget.
Har du tips om programvarer eg ikkje har teke med, gje gjerne innspel.
Det er berre nynorsk LIP til Vista i 32-bitsversjonen. Argh.