Lær DVD-spelaren din å tala nynorsk!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Etter over eit år med ein eldgammal DVD-spelar innebygd i eit (kjempe-)billigfjernsyn, har eg endeleg fått meg ein ny ein. Den gamle spelaren har oppført seg dårleg den siste tida, og i går kveld takka den for seg og nektar no å taka i mot fleire plater. Med prisen på dette kombi-fjernsynet, kan eg ikkje seia at eg er overraska, men eg hadde von om at spelaren skulle hyra litt lenger.

Eg drog inn til Nidaros by i dag med mål om å kjøpa meg ein ny spelar. Studielånet strekkjer ikkje så veldig godt til, og eg hadde eigentleg ikkje råd til ei slik utskeiing. Men eg er heilt avhengig av ein fungerande DVD-spelar i studia mine, så eg lyt heller prøva å flytta litt rundt på tala i matbudsjettet dei neste vekene.

Når eg fyrst skulle ha meg ein ny spelar, så ville eg ha ein skikkeleg ein – men framleis til ein billig pris. Det er klart, eg kunne sikkert gått for ein Rema-spelar til 250 kroner, men eg reknar med at eg då hadde vore nødt til å byta den ut igjen neste haust. Denne typen billigspelarar er for dei som har lyst på å kunne sjå DVD ein gong i blant, men ikkje har lyst å leggja mykje pengar i det. Eg trur ikkje at desse spelarane tåler å vera i bruk fleire gongar om dagen. Eg kunne òg ha gått for ein spelar i 6000-kronersklassen, men då måtte eg ha levd på vatn frå springen i eit par månader. Eg landa på ein spelar til 1500 kroner. Den heiter OPPO, eller DV971H om du vil, og seljast på Datakjeden.

Oppo DV971H er ein fantastisk spelar. Her er nokre av dei kryptiske tinga som står på eska:

  • DVI (Digital Video Interface) output
  • High resolutions include 480p, 540P, 576p, 720p, 1080i
  • Up Convert from 480i to 720p/1080i
  • DCDi by Faroudja. Video is analyzed on a single pixel granularity to detect presence or absence of angled lines and edges, which are then processed to produce a smooth natural looking image without visible artifacts (jaggies)
  • Plays DivX® 5, DivX® 4, DivX® 3, and DivX® VOD video content (in compliance with DivX Certified™ technical requirements)
  • Plays XviD and .SRT, .SMI, .IDX and .SUB formats
  • Per-pixel Motion Adaptive De-interlacing
  • Patented FilmMode Processing C Used for proper de-interlacing of 3:2 and 2:2 pull down material

Functions:

  • DVD Video, DVD Audio, Divx/MPEG4, Audio CD, HDCD, WMA, DVD+R/RW, DVD-R/RW, CD-R/RW, Kodak Picture
  • Super Error Correction with Twin Laser and Intelligent Laser Wavelength Control
  • PAL / NTSC discs
  • Automatic Screensaver
  • Menu Driven Setup Screen
  • Playability of self-recorded discs may vary depending on media and formatting software types

Video:

  • 108MHz/12bit Video D/A Converter
  • DVI Output
  • NTSC / PAL Output
  • Screen Aspect Ratio 4:3 and 16:9
  • Smart Video: Sharpness/Contrast/Brightness/Saturation
  • Multi-Angled View
  • Multi-Language for On-Screen-Display

Audio:

  • 192 KHz Sampling Frequency, 24-Bit High Quality Audio DAC
  • Dolby Digital Down-mixed 2-Ch Stereo (L. R)
  • Built-in Dolby digital Decoder, Dolby Digital (AC3) 5.1 Channel Output
  • Built-in DTS Digital Decoder, DTS 5.1 Channel Output
  • Dolby Digital/DTS/LCPM Bitstream Output
  • 3D Surround (Virtual Surround): Concert, Live, Dance, Techno, Classic, Soft

Power Supply:

  • ~~110V – ~~250V, 50Hz/60Hz AC Universal Power Supply
  • Automatic Short Circuit Protection

Connectors:

  • Analog (Mixed 2 Ch) Stereo (Left, Right) Audio
  • S/PDIF (IEC-958) Coaxial/Optical Digital Audio
  • Component Video/Composite Video/S-Video
  • DVI (5" DVI-DVI-D cable included)
  • 5.1 Channel Audio

Imponert eller berre forvirra? Det er forståeleg om du er det siste – eg forstod ikkje halvparten av dette. Men spelaren hadde ein stilrein og fin utsjånad, så eg kjøpte den. Spelaren taklar alle dei vanskelegaste DVD-platene mine, inkludert dei som sjølv ikkje Pioneer-spelaren heime på Mo klarar å spela av rett. Lagskiftet på The Game og Twelve Monkeys kan stogga sjølv dei tøffaste DVD-spelarane, men Oppo let seg ikkje knekkja. Og ein veldig velkomen funksjon er Q-knappen, som let deg hoppa over dei teite varsel-plakatane og filmreklamane som forsøplar mange DVD-utgjevingar. Det aller beste har eg derimot spart til slutt: Oppo kjem med nynorske menyar. Hurra!

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/10/l%c3%a6r-dvd-spelaren-din-a-tala-nynorsk/