«

»

The Simpsons sesong 8

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg har likt The Simpsons så lengje eg kan hugsa. På ungdomsskulen vart eg kalla Simpson i staden for Simon, og russenamnet mitt i VGS var Ivar Burns – Ivar etter Ivar Aasen og Burns etter Charles Montgomery Burns frå The Simpsons. I høve lanseringa av sesong åtte den 25. oktober, har eg no i haust teke eit gjensyn med dei sju fyrste sesongane.

Homer Simpson er ein herleg figur. Han er så fantastisk enkel. Det han elskar, elskar han verkeleg høgt – om det er kona Marge eller ein boks med Duff Øl. Og så har han ei merksemd som er kortare enn nasen sin. Eg har hatt mange latterkuler av konsekvensane av at Homer berre plutseleg koplar ut eller endrar fokus. Mange tykkjer han er ein latsekk, men det meiner eg er heilt feil. Han har ein enorm energi, men nyttar berre han feil. Han kan leggja skikkeleg hardt arbeid i noko, men berre når motivasjonen er feil.

Eg var ein tur nede i byen i dag, og då gjekk eg og tenkte på ein episode frå sesong 6. Eg trur den handla om då Maggie vart fødd. Marge og Homer har ein romantisk kveld, og er på stranda. Dei rullar i den måneljose sanda, og omfamnar kvarandre. Homer ser Marge djupt i auga, og ytrar halvt sensuelt halvt skremd: «Marge, I’ve got sand in my underpants». Marge svarar spontant med irritert røyst: «Me too. Lets go home!» Dei vandrar ut av skjermbiletet. Eit par sekund etterpå kjem Homer laupande tilbake. Han tek ein neve med sand, og tømmar den ned i buksa si medan han ser svært lukkeleg ut. Han dansar til og med, og kniser som ei lita skulejente når sanda glir nedover underbuksa.

Hehehe. Eg stod midt i Trondheim torg og flira av denne vesle scena. Flira høgt. Eg gler meg til sesong åtte kjem ut om ikkje alt for lengje. Dette er sesongen kor Milhouse vert skilsmisseunge. Mulder og Scully kjem til Springfield i ein episode. Willem Dafoe, Leonard Nimoy og Johnny Cash er nokre av gjesterollene denne sesongen. Som med dei andre sesongane, vil også denne ha kommentarspor til alle episodane. Kommentarspora vil innehalda Matt Groening, manusforfattarar, produsentar, regissørar/animatørar og skodespelarane. Me får òg gjestekommentatorar på enkelte av episodane – mellom anna godaste Kelsey Grammer. Det heile kjem i ein boks som ser slik ut:

Simpsons sesong 8

Biletet er frå The Digital Bits. Ein vanleg pappboks er òg tilgjengeleg.

Gje innspel