Aberdeen

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Aberdeen handlar om ei ung dame med eit litt vanskeleg familieforhold. Faren er ein alkoholisert slappsnøtt frå Noreg og mora ei engelsk kjerring som reiste frå far og dotter for mange år sidan. Dottera har difor kutta familiebånda, og det gjenspeglast i kjærleikslivet hennar. Ho har sex med mange menn, men drar frå dei før morgonen er over. Ein dag får ho ein telefon frå mora si, som ho ikkje har høyrt frå på mange år. Mora vil at dottera skal reisa til Noreg og få faren med seg til Aberdeen. Dottera trur fyrst det er for å leggja faren inn på ein avrusingsklinikk der, men får snart vita mora står med ein fot i grava.

Det som fyrst ser ut til å vera ein rimeleg enkel flytur for å rekkja dødsleiet til mora saman med faren sin, vert meir og meir vanskeleg. Faren er konstant full, og dei får ikkje lov til å gå ombord på flyet. Dei må leggja ut på ein køyretur opp til Bergen, med båt over til England, og køyra opp til Skottland og Aberdeen. Det vert ein minnefull tur.

Eg har aldri opplevd ei slik stemning i ein kinosal før. Ingen sa eit ord då rulleteksten starta. Ingen rørte på seg då ljoset kom på. Alle berre sat der og såg på kvarannan. Det var heilt sprøtt. Då ein fyr endeleg gjekk, fulgte resten etter. Ingen sa noko på veg ut. Ingen sa noko ute i gongen. Det var fyrst då nokon kommenterte den merkverdige stemninga at praten starta. Heilt utruleg.

Dette er altså ein norsk regissør som lagar kvalitetsfilmar. Diverre ofte i engelsk språkdrakt. Den norske faren pratar ikkje norsk ein einaste gong i løpet av filmen. Av og til syng han litt på svenske viser, men elles pratar både han og alle andre engelsk.

Eg tykte ikkje at Aberdeen var ein så veldig interessant film. Han flott fotografert, og det er eigentleg ingenting elles å klaga på.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/aberdeen/