Alien Kvafornoko-logi?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Alien Quadrilogy er ein DVD-tittel eg har irritert meg grønn over sidan den kom. Det er jo heilt feil førefeste!

Alle kjenner til ordet «trilogy», eller «triologi» som Universal Norge klarte å skriva på Tilbake til Fremtiden-boksen (det var òg to orddelingar og eit par apostrofar ved genitiv på denne språkstygge boksen). Førefestet tri- kjem frå gresk, og me har mange andre flotte ord med dette førefestet. Trigonometri (les t.d. ei mattebok), triniti (les t.d. Bibelen, eller sjå The Matrix), trio (sjå t.d. Løvenes Konge), tripod (les/sjå t.d. Klodenes Kamp) og så bortetter er alle ord som ikkje ville eksistert i noverande form utan førefestet tri-.

Då tida kom for å gjeva ut dei fire Alien-filmane, var det ein produsent som plutseleg kom på at dei ikkje kunne nytta ordet «trilogi» om serien. «Det er jo fire filmar her, ikkje tre», sa han eller ho sikkert. «Sidan «quadruple» er firedobbelt, så er det sikkert rett å kalla serien «quadrilogy», ikkje sant?»
Nei, det er ikkje sant. Her er dei greske førefesta:

  1. mono-
  2. di-
  3. tri-
  4. tetra-
  5. penta-
  6. hexa-
  7. hepta
  8. octa-
  9. ennea-
  10. deca-

Pentagon heiter Pentagon av di bygget er ein pentagon, altså ein femkant. Vinmonopolet kan heite dette sidan dei er dei einaste som seljar vin i Noreg. Dei er altså eit vin-mono-pol. Tetris heiter tetris av di spelet av byggjeklossane har fire kvadratar i ulik form. Fire. Tetra. Alien Tetralogy ville vore eit betre namn på DVD-boksen.

No vil eg påstå at dette ikkje er ein tetralogi, sidan fjerdefilmen eigentleg ikkje tilfører noko til denne historia. Ein føresetnad for å kunne kalla det ein tetralogi, trilogi, hexalogi eller liknande, er at kvar del av verket bidrar til ei større samanhengjande historie. Star Wars er to trilogiar, ikkje ein hexalogi. Indiana Jones er ein serie med tre filmar, ikkje ein trilogi. Nightmare on Elm Street er åtte filmar, ikkje ein oktalogi.

No er det eit lite snev av sanning i ordet «kvadrilogi». Latin:

  1. uni-
  2. duo-
  3. tre-
  4. quadri-
  5. quinque-
  6. sexa-
  7. septua-
  8. octo-
  9. nona-
  10. deci-

Forstavinga «quadri-» tyder altså 4, men det stammar frå latin. Men sjølv om det er rett på latin, så meiner eg jamvel at det er feil å nytta det. Me nyttar gresk for ei samanhengjande tredelt historie, og då skal me nytta gresk for ei samanhengjande firedelt historie òg! Dessutan er -logi gresk, ikkje latin, og det er teit med ei slik samanblanding.

Når det er sagt, så må eg òg nemna at eg er veldig glad i Alien-tetralogiboksen min. Det er nok ekstramateriell til å sitja pal framfor skjermen i fleire døgn, og så ser han jævlig tøff ut i hylla mi.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/alien-kvafornoko-logi/