Back to the Future part II

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

«Roads? Where we’re going, we don’t need no roads», sa Doc. i slutten av førre film, og poff så forsvann tidmaskinen. No vert me med på ferda. Bob Zemeckis er tilbake i registolen, og stort sett alle skodespelarane frå fyrstefilmen er med. Dei einaste som ikkje er med, er Claudia Wells og Crispin Glover. Elisabeth Shue kler rolla som Jennifer Parker, og George McFly er meir eller mindre ikkje med.

Marty og Doc. kjem til Hill Valley år 2015 for å redda familien til Marty. Medan dei er der, tjuvlåner Biff, no ein eldgammal mann, tidsmaskinen. Når Marty og Doc kjem tilbake til 1985, er ikkje alt som dei skal vera. Det viser seg at Biff har reist tilbake i tid, og gjeve seg sjølv ei bok med framtidig sportsstatistikk. Duoen må finna ut når gamle-Biff gav unge-Biff boka, reisa dit, og øydeleggja ho. Det er det einaste viset dei kan retta opp framtida igjen.

Filmen manglar litt av piffen til den fyrste, men er ei fin oppbygging til tredjefilmen. Christopher Lloyd er fabelaktig. Elisabeth Shue var grei nok i rolla som Jennifer, men eg liker Claudia Wells best. Denne filmen har jamvel ein av dei tøffaste tinga i denne filmserien, nemleg flygebretta («hooverboard»). Dette fiktive framkomstmiddelet har vore gjenstand for mange ryktar og ville historier. Mange trudde – og trur framleis – at desse flygebretta faktisk eksisterte. Ei stund gjekk det rykte om at flygebretta ikkje vart lanserte, av di ein unge hadde knekt nakken då han mista balansen under ei testflyging. Leiketøysprodusenten Mattel fekk mange førespurnader om dette produktet, sidan bumerket deira var på flygebrettet til Marty. Med eit litt ironisk glimt i auge, svara Mattel at dei hadde utvikla flygebretta, men at dei fyrst ville lanserast i år 2015. Så me lyt vel berre venta og sjå.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/back-to-the-future-part-ii/