Batman Forever

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Dette er den tredje filmen i denne Batman-filmserien, og den fyrste i serien som ikkje er regissert av Tim Burton. Denne gongen er det Val Kilmer som har rolla som Batman/Bruce Wayne. Skurkane denne gongen er The Riddler/Edward Nygma og Two-Face/Harvey Dent. Pussig, i løpet av 6 år har Harvey Dent gått frå å vera ein respektert statsadvokat til mordarisk galning. Endå pussigare er det at Dent har gått frå å vera svart til kvit/kjøttrosa. Dent var nemleg med i den fyrste Batman-filmen, spelt av Billy Dee Williams (Lando Calrissian i Star Wars).

Harvey Dent, eller Two-Face som han no kallar seg, fekk syre på halve andletet ein gong. Batman prøvde å stoppa mafiabossen som kasta syra i fjeset til Dent, men var for sein. I tillegg til at halve fjeset brann opp, oppstod det ein hjerneskade. Dent er heilt forgjort etter å drepa Batman. Batman på si side vil ikkje drepa Dent, av di Dent var ein god ven av Bruce Wayne før uhellet. Psykologen Chase Meridian (joda, det er eit ordspel. Chase: jakt, meridian: midpunkt) prøvar å hjelpa politiet med å kartleggja hjerneskaden til Two-Face, men vert etterkvart meir interessert i å kartleggja Batman. Det vil seia, interessa i Batman er reint personleg. Du kan seia at ho vert heit av menn i svart gummi. Bruce får sjølv interesse av Meridian, som utan tvil er ei vakker kvinne. Wayne tek ho med seg på sirkusførestellinga som plar å vera innom Gotham ein gong i året. Der ventar Two-Face, og han lagar mykje trøbbel. Heldigvis vert berre tre personar drept. Two-Face planta nemleg ei diger bombe inne i sirkuset, men ein av akrobatane klara å hiva bomba ut av toppen av sirkusteltet og ned i havet. Dei tre drepte var diverre mora, faren og broren til denne akrobaten, som er ein ung gut på seksten-sytten år. Dick Grayson, som han heiter, går med på å flytta i fosterheim hjå Bruce Wayne, og der oppdagar han løyndommen som er gøymt under herregården. Han vert heilt vill i nikkersen, og vil verta hjelparen til Batman. Samstundes er The Riddler på ferde.

Val Kilmer er ikkje noko serleg tess som Batman. Han var ein grei Bruce Wayne (kunne ha vore betre), men heilt forferdeleg Batman. Chris O’Donnell er ei klyse, og passa ikkje inn i rolla som Dick Grayson/Robin. Tommy Lee Jones kunne ha redda denne filmen, men manuset hindra honom i det. Utruleg teite replikkar. Når me talar om teite replikkar, så var ingenting så forferdeleg som Nicole Kidman sine. Ho er jamvel ein av dei mest positive tinga i filmen, i rolla si som Chase Meridian. Det verkelege trekkplastret er derimot Jim Carrey ,i rolla som The Riddler/Edward Nygma.

Eg var ikkje gamle karen då eg såg denne filmen fyrste gong. Eg var kanskje ikkje fylt ti år, og var difor veldig stolt over å dra på kino. Han hadde nemleg ei aldersgrense på 11 år, så dette var store sakar. Eg måtte riktignok ha med meg ein vaksen, men det gjorde ikkje noko. Eg var jo på kino og såg ein film 11-årsgrense! Dette gjorde nok òg preg på totalinntrykket av filmen. Eg kan hugsa at eg tykte det var den beste filmen eg hadde sett, og eg kjøpte både ein teikneseriebladutgåve av filmen og GameBoy-spelet. For dei av di som er så ung at de ikkje hugsar det: GameBoy var ein handheldt videospelmaskin med ein prosessor på rundt 4 MHz, 8 kB minne, firekanalars ljod (men berre ein høgtalar, stereoljod med øyrepluggar) og ein 2,6 tommers skjerm med fire fargar (grøn, grønsvart, svartgrøn og svart). I alle fall, spelet var keisamt, og eg klarte aldri å runda det. Men eg likte filmen. Det gjekk ti år før eg såg han igjen, og det var nok ei påminning om kor deilig uviten og naiv eg ein gong har vore.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/batman-forever/