«

»

Batman Returns

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Då Burton gjekk i gong med Batman mot slutten av åttitalet, var folk svær usikker på valet av Michael Keaton som hovudrolleinnehavar. Keaton var mest kjent for sine komiske rollar då, og tilhengarane av Batman-teikneseriane (som på denne tida var mørkare enn dei frå sekstitalet) trudde Burton skulle laga Batman til ein fjås. Dei tok feil. Burton laga ein seriøs Batman, men ikkje så seriøs at han det gjekk utover truverda i teikneserieuniverset han budde i. Keaton tok på seg rolla som Batman endå ein gong i Batman Returns, og Burton gjekk tilbake til registolen. Denne gongen var det ikkje nokon spøk, Batman måtte hanskast med ein pingvin-mann, ei kattekvinne og ein slu skurkeskurk.

I kloakken til Gotham bur det ein mann. Mannen har budd der heile livet sitt, oppfostra av pingvinane i dyreparken. Foreldra hans kasta honom i elva då han var berre ein liten pjokk, av di han var grueleg stygg. I Gotham sitt bystyre sit Max Schreck (referanse til Nosferatu?), ein slu jævel. Schreck har planar om å byggja eit digert straumverk, trass i at Gotham har straumoverskot. Det ligg skurketankar bak denne planen, og då sekretæren Selina Kyle oppdagar dette, kastar Schreck henne ut vindauget i toppetasjen av kontorbygget sitt. Kyle døyr, men vert vaknar opp igjen på grunn av nokre bakgardkatter. Ho er ikkje heilt seg sjølv etter dette, og lagar eit kattekostyme. Så går ho ut i natta, for å stela, plyndra og gjera fantestrekar, i tillegg til å hemna seg på menn. Den verste mannen av alle er Batman, meiner ho. Schreck, Pingvinen og Kattekvinna slår seg (motvillig) saman.

Absolutt ein god film. Du har Michael Keaton i rolla som Batman/Bruce Wayne, du har Michelle Pfeiffer som Kattekvinna/Selina Kyle, du har Christopher Walken i rolla som Max Schreck og du har Danny DeVito i rolla som Pingvinen/Cobblepot. Betre kan det vel ikkje verta? Å, joda, for du har i tillegg Michael Gough i rolla som Alfred, musikken til Danny Elfman og regien til Tim Burton. Eg liker jamvel ikkje denne like godt som den førre Batman-filmen til Burton. Eg klarer ikkje å setja fingeren på kvifor.

Gje innspel