«

»

Cannibal! The Musical

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Cannibal! The Musical, eller Alfred Packer: The Musical som han eigentleg heiter, er ein svært morosam studentfilm av South Park-gjengen. Dei gjekk nemleg på filmskule då dei laga filmen, men han vart ikkje utgjeve før lengje etterpå. Filmen handlar om noko så makabert som kannibalisme, og er ei dramatisering av Alfred Packer sin tur over fjellet. Ei komisk dramatisering, med musikkinnslag.

Alfred Packer var ein gullgravar i Rocky Mountains, som så veldig mange andre etter borgarkrigen i USA. Ein haust var det ei gruppe med gullgravarar som ville reisa til Colorado for å prøva seg der. Packer skulle leia gruppa, sidan han tidlegare hadde vore der. Diverre gjekk ting ikkje heilt etter planen, og dei gjekk seg bort. Vinteren kom, dei var utan mat og skikkeleg klede, og var nesten fortapt. Om våren kom likevel Packer fram dit han skulle, men ingen andre i frå gruppa var med. Ein leiteaksjon avsløyrte at Packer hadde ete dei opp, og Packer vart arrestert.

Filmen tek utgongspunkt i denne historiske hendinga, men med mykje tullball, sprøyt og heilidiotiske hendingar. Med andre ord ganske morosamt. Me møter Alfred Packer i rettsalen, og alle hatar honom. Seinare, i cella si, fortel han sin versjon av hendingane. Sjølv om det er Packer som fortel, så er det ikkje forteljinga subjektiv. Packer er framstilt som ein ung, naiv og ikkje serleg smart. Filmen er gjennomsyra av den herlege humoren kjent frå Orgazmo og South Park.

Ein verkeleg slager. Filmen har sine manglar, men han er òg svært morosam, så du gløymer bort dei små snarvegande dei har teke.

Gje innspel