Charlie and the Chocolate Factory

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

«Å nei, ikkje ei nyinnspeling av den gode musikalen,» tenkte eg fyrste gongen eg høyrte om filmprosjektet. «Tim Burton og nyinnspeling. Vert det Planet of the Apes-katastrofa om igjen?» Etterkvart forstod eg at dette ikkje skulle vera ei nyinnspeling av den gamle filmen, men ei ny-tolkning av boka. Litt letta, men framleis ikkje sikker. Burton har bomma før, som vi kan sjå i Planet of the Apes. Så kom Johnny Depp inn i biletet som Willy Wonka. Depp har òg bomma før, som vi kan sjå i From Hell. «Kan Depp vera Wonka?» Det siste eg var redd for, var at oompa loompaane ikkje fungerte. Oompa loompaane har me fått eit så godt bilete av frå den førre filmen, at eg nesten ikkje kan tenkja meg ein oompa loompa på noko anna vis. Alle desse tvilande tankane vart borte med det same tittelsekvensen starta. Ein gigantisk fabrikk, kameraet går raskt oppover veggen, opp pipa og ned i henne. Me hamnar til slutt i sjokolade. Deilig sjokolade. Samans med den flytande sjokoladen tek me ein ferd inne i fabrikken, og me ser korleis han vert til sjokoladeplater på eit samlebånd. Heilt ordinær fabrikk, heilt til avkjølingsfasen. Her vert sjokoladeplatane plassert på brett under heliumfylte ballongar, og dalar på rekkje og rad nedover eit digert rundt rom. Så herleg underleg. Til slutt hamnar sjokoladeplatane på eit nytt samlebånd, som går til ein pakkemaskin. Akkurat då får vi sjå ei hånd som legg ein gullbillett på fem sjokoladeplater spreidd rundt over heile samlebåndet, før dei vert innpakka. Fantastisk opning. Når me i tillegg har Danny Elfman sin musikk i sekvensen, vert dette ei magisk ferd. Du kan heilt tydeleg høyra at det er Danny Elfman. Du kjenner igjen Spider-Man, Batman og så bortetter, men samtidig er dette noko heilt nytt.

Historia er velkjent. Willy Wonka, den eksentriske godtefabrikkeigaren, har hatt dørene på fabrikken sin stengt i ein mannsalder. Berre godteri har kome ut av fabrikken. Ingen veit kven som arbeider der, og ingen anar korleis Wonka klarer å finna på så mykje snadder. Så ein dag, heilt utan vidare, kjem det ei pressemelding om at Wonka har plassert ut fem gullbillettar i produktet Wonka-bar, den vanlege sjokoladen, og dei som finn billettane vil få vitja fabrikken hans ein heil dag. I tillegg vil alle få svære lastebillast med sjokolade. Ein av dei fem vil i tillegg vinna ein heilt spesiell pris.

Charlie Bucket er protagonisten vår. Han er ein heilt ordinær, keisam og banal gut på rundt ti år. Familien hans er veldig fattige. Då meiner eg skikkeleg fattige. Så fattige at bestefar Joe, bestemor Josephine, bestefar George og bestemor Georgina må sova i same seng midt i stua – om ein kan kalla det ei stue, då. Familien Bucket bor berre eit steinkast unna fabrikken, i eit av dei mest falleferdige skura som er vist på kinolerretet. Charlie har ein drøym om ein dag å få lov til å treffa legenda Willy Wonka, men veit at dette berre er ein tåpeleg draum. Familien har ikkje råd til å kjøpa sjokolade. Dei har knapt nok råd til å kjøpa suppe.

Sjølv dei som ikkje har sett korkje denne filmen, den førre eller lese boka, vil skjønna at Charlie vert ein av dei fem vinnarane. Eg vart ti år der eg satt i kinosalen, og såg på den sukkersøte og ville verdenen inne i den nærmast magiske fabrikken til Wonka. Eg storkoste meg under heile den underlege ferda. Eg flirte høgt, til og med, og det er sjeldant eg flirer av ein film. Tim Burton hadde ikkje berre laga ein koseleg barnefilm, men ein fantastisk underhaldande film for oss vaksne ungar med gode barneminner om denne forteljinga. Johnny Depp si tolkning av Wonka er vedunderleg. Ungane som spelte i filmen gjorde eit fenomenalt arbeid til ungar å vera. Jau, og oompa loompaane fungerte jævlig bra. Fantastisk.

Men, og dette er viktig, du må ikkje finna på å sjå den norskdubba filmen. Dubbing er valdtekt av filmar. Det er mishandling. Skodespelarar spel som regel med heile vesenet, ikkje berre fjes og kropp. Det vil seia at skodespelaren si røyst er like viktig i rolleprestasjonen som fjeset. Eg har sett den norske utgåva, og det var direkte horribelt. Av og til finn du dubbarar som faktisk prøvar å ivareta ein rolleprestasjon, men her er det skikkeleg flate og uinteresserte røyster som er lagt inn. Blæh!

Då eg kjøpte DVD-en, fekk eg faktisk ein ekte Wonka-sjokolade å kosa meg med. Det var ein «Wonka Nutty Crunch Surprise», men det var ingen gullbillett i sjokoladeplata mi. Det var nemleg fem gullbillettar gøymt i desse Wonka-sjokoladene, som ville gjeva vinnaren ein gratistur til ein ekte Neslé-sjokoladefabrikk i USA.

Ved andre gongs gjensyn visste eg nøyaktig kva eg gjekk til. Det kan vera både dårleg og bra, og heldigvis var det ikkje negativt her. Eg tykte like godt om filmen denne gongen som i kinosalen, men vart litt mindre entusiastisk då eg høyrte at musikken var litt for lik Batman. Charlie and the Chocolate Factory er full av referansar til andre Burton-filmar. Både Batman, Nightmare before Christmas, Edwart Scissorhands, Sleepy Hollow og Beetlejuice får gjennomgå.Eg fann òg ein referanse eg ikkje er heilt sikker på. I ei scene kjem Wonka og ungane forbi eit rom med rosa sauar som vert barberte (heiter det barbert om sau?). Wonka vert då svært ivrig og bryter ut «Oh!» Han ser seg så rundt på dei andre, og vert nærmast flau. «I’d rather not talk about this one» seier han, med ei toneleie veldig som er veldig likt Ed Wood i filmen Ed Wood. Det er mogleg at eg har misforstått denne scena, men det verker i alle fall som ein referanse til Ed Wood. Wood var jo veldig glad i rosa angoragenserar, og saueulla minner sterkt om dette. For dei som ikkje har sett Ed Wood, vil denne scena berre vera Wonka-sukkerspinn.

Sjokoladen var forresten ikkje noko serleg god. Smaka gammal Kinderbar (den vesle Kinder-sjokoladen som ikkje er forma som eit egg).

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/charlie-and-the-chocolate-factory/

1 comment

    • Ola on 26. juni 2007 at 9:50

    Det heiter å klyppa sauene.

Comments have been disabled.