Chicago

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Chicago er ein verdskjent musikal som starta si karriere på Broadway i 1975. Filmretten vart raskt kjøpt, men det tok lang tid å få filmplanane igjennom. Då det endeleg såg ut til å verta film av musikalen, døydde manusforfattaren. Dette var mot slutten av åttitalet. Fyrst i 1994 starta ting å henda på filmfronten igjen, men det var ikkje før 1996 at alle heiv seg på Chicago-filmatiseringa. I 1996 kom det nemleg ein ny utgåve på Broadway, mykje meir «fresh» og sprek. Likevel gjekk det endå nokre år før det faktisk vart film av musikalen. Og for ein film det vart. Seks oscar og sju oscarnominasjonar til, to BAFTA- og tre Golden Globe-prisar, og til og med ein nominasjon til Amandaprisen. Over tretti prisar og femti nominasjonar totalt.

Chicago startar med ein fantastisk introduksjon av hovudrollene i filmen. Protagonisten, Roxie Hart (spelt av Renée Zellweger), er ei kvinne som har ein draum om å syngja på scena. Difor har ho gjort ein stor udåd i ekteskapet sitt. Det vil seia same udåd gong på gong dei siste to månadane saman med ein annan mann. Denne mannen har nemleg sagt han har kontaktar i bransjen, og har lova henne at han skal prata med nokre agentar for ein veldig populær nattklubb. Då det viste seg at alt var berre løgn, gjorde Roxie Hart nok ei udåd. Ho tok pistolen åt mannen sin, og skaut den svikefulle elskaren. Fortvila som ho var, prøvde ho å overtala mannen sin om å taka skulda, men det hjalp lite då mannen fann ut at den daude fyren faktisk var møbelseljaren og på det viset oppdaga ekteskapssviket til Fru Hart.

Roxie vert kasta i fengsel, og inne på avdelinga for drapskvinner, møter ho ein fargefull gjeng. Ho treff mellom anna på Velma Kelly (spelt av Catherine Zeta-Jones), som tidlegare var Roxie sitt største idol. Det viser seg at Velma er ei skikkeleg tispe, og det vert difor mykje kniving mellom desse to. Etterkvart lærer Roxie seg spelereglane for fengselet, og kjøper seg tillit hjå fengselsstyraren. Dimed får ho òg tak i den aller beste advokaten i distriktet, og ser vegen ut av fengselet og inn på scena.

Mange vil seia at Velma Kelly er antagonisten i filmen. Ho er riktignok motstandaren til Roxie, men det er ein annan antagonistisk kraft som er mykje sterkare i filmen: Styresmakta som vil hengja Roxie, personifisert av Harrison. Slik er det ofte. Ta til dømes Star Wars Episode V. Kven er antagonisten her? Darth Vader? Keisaren? Den mørke sida av Krafta? Boba Fett? Her vil nok Darth Vader vera den dei fleste meiner er skurken, sjølv om han berre er styrt av Keisaren. Det kan knivast om kven som er den eigentleg skurken i Episode V – kanskje er det Keisaren, kanskje Keisarriket, eller kanskje den mørke sida av Krafta. I alle fall, eg meiner Harrison er den verkelege antagonisten i Chicago.

Filmen er full av songnummer som er meir eller mindre fengjande. All that Jazz er heilt fantastisk, og Cell Block Tango er veldig godt koreografert. Mitt favorittnummer er steppenummeret til Richard Gere. Skodespelarane gjer ei fin rolletolkning. Eg vil ikkje seia at dei er det beste skodespelet eg har sett, for dei har manglar her og der. Serleg Renée Zellweger, som ikkje heilt passar inn i rolla si. Queen Latifah har si aller beste rolle på film til no, men det seier kanskje ikkje så veldig mykje. House Party 2, Barbershop 2, Taxi, Bringing Down The House osb. er ikkje akkurat imponerande filmar, og det skal lite til for å overgå dei. Chicago er ikkje min favorittmusikal, men er ganske underhaldande i seg sjølv.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/chicago/