Det norske flagget

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg var speidargut for ein god del år tilbake. Eg tipper eg var åtte-ni år gammal då. På eit av møta lærte me flaggreglar. Me måtte mellom anna læra korleis me skulle halda eit flagg på stong, korleis ein skal bretta saman flagget etter bruk og mykje anna fjas eg diverre har gløymt. Men ein ting har eg aldri gløymt bort, nemleg tilhøvet 22:16.

Dette fortel at flagget skal ha 22 einingar bortetter, og 16 nedover, til saman eit areal på 352 einingar. Me fekk òg vita kor store dei raude rutene, det blå krosset og det kvite området skulle vera. Thingvoll har ofte flira av meg når eg heilt utan vidare ramsar opp tilhøva til delane på eit innpust: sekseintoeintolvogsekseintoeinseks!

I Lov om Norges Flag står dette:

§ 1. Norges Koffardiflag skal være et høirødt, med et mørkeblaat, og af en hvid Kant indfattet Kors, i fire retvinklede Firkanter afdelt Flag, hvis Bredde skal forholde sig til dets Længde som 16 til 22. De tvende, Flagstangen eller Gaffelen, naar Flaget heises fra Mesanen, nærmeste Firkanter skulle være Kvadrater og hver af dem indtage 6/16 af Flagets Bredde og 6/22 af dets Længde, hvorimod de tvende yderste Firkanter ved en lige Bredde skulle indtage 12/22 af Flagets Længde. Bredden af det blaa Kors skal udgjøre 2/16 af Flagets Bredde eller 2/22 af dets Længde og Bredden af den hvide Kant 1/16 af Flagets Bredde eller 1/22 af dets Længde.

Breidda på det kvite er altså ei eining. Det blå krosset er dobbelt så breidd som det kvite, altså to einingar. Dei raude kvadrata er 6*6 einingar. Dei raude rektanglane er 12*6 einingar. 6+1+2+1+12:6+1+2+1+6 skulle vera 22:16, med snøgg hovudrekning.

Så var det fargane då. På speidermøta fekk me berre vita raud og mørkeblå. Flagglova seier «høirødt» og «mørkeblaat». Eg anar ikkje kva farge høgraud er, og mørkeblå kan vel vera så mangt. I følgje WikiPedia er den raude og den blå fargen høvesvis #EF2B2D og #002868 (RGB(239, 43, 45) og RGB(0, 40, 104)) i RGB-systemet. Dette er fargar du ikkje kan sjå rett med ein eldre dataskjerm.

Det norske flagget med mål

Viss du vil lesa meir om flagg, så kan du vitja desse vevsidene:

Så no er det berre å flagga i veg. Men pass på tilhøvet!

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/det-norske-flagget/

1 comment

    • Vegard Thingvoll on 13. november 2006 at 16:01

    Kva er «Simon seier» utan eit innlegg om det norske flagget 🙂

Comments have been disabled.