Elsk meg i morgen

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Elsk meg i morgen er den tredje og (vonleg) siste filmen om Elling. Det er òg den fjerde boka i serien til Ingvar Ambjørnsen. Det er mykje ein kan seia om Elling-karateren, men det lyt liggja no. Dette skal dreia seg om filmen.

Det er gått fire år sidan den fyrste Elling-filmen. Kjell-Bjarne bur saman med Reidun og dottera hennar, og Elling bur heilt aleine for fyrste gong sidan mora døydde. Trass i at det gjekk så godt då me sist såg han sist, er Elling vorte meir innestengt enn nokon gong før. Han har langt, ustelt hår, byter ikkje klede, bur i sitt eige søppel. Det er råtne matvarer, muggsopp og kva verre er over alt. Elling kjem og går når han føler for det, men er sjeldan i seng. Han har i tillegg stengt seg heilt inne frå omverdenen, og har ikkje prata med nokon på lengje. Kjell Bjarne er stadig vekk på døra, men får aldri noko svar. Ein dag kjenn han den forferdelege lukta som kjem frå døra til Elling, og då låser han seg inn. Han og Reidun tek Elling opp til seg, vaskar honom og gjev han nokre sovepiller. Så totalrenoverer dei bustaden. Med ny og rein bustad, føler Elling at det er på tide å få ein ny og rein kvardag, og går ut for å helsa på livet. I ein pølsebod står det ei vakker, ung dame som Elling faller for momentant. Han vil prøve å verta betre kjent med henne, men sjølvsagt i Elling-tempo.

Den førre Elling-filmen var ille. Regissøren hadde ikkje noko respekt for Elling-figuren, og han vart framstilt som eit komisk fjols. Elling er ikkje komisk. Eg vart difor litt glad då eg høyrte at Petter Næss igjen hadde regien til denne Elling-filmen. Næss handsama Elling og Kjell Bjarne nesten perfekt i den fyrste filmen, så eg lita fullt på at regien kom til å respektere figurane og originalverket. Derimot hadde eg litt tvil om Per Christian Ellefsen ville takla Elling i denne filmen. I boka er nemleg han nemleg «spik spenna gærn». Det viste seg at i staden for ein feilaktig portrettering frå Ellefsen, fekk me eit feilaktig portrettering frå manuset. Eg sakna trusesniffing, runking på badet til tanta, snikskyttarfantasiar og så bortetter. Elling var direkte farleg i boka, men det vart vel for drøyt for filmen. Synd, eg hadde gleda meg til dette.

Forskjellen mellom bok-Elling og film-Elling ser ein serleg godt i slutten, som var eit totalavvik frå boka. I Elsk meg i morgen, altså boka, er det ingen veg tilbake til samfunnet for Elling. Alt von om at han skulle kunne få eit normalt liv er ute. Filmen vridde dette heilt om, og ender med eit nokså optimistisk bilete. Litt for optimistisk etter mi meining. Oppføljar-optimistisk.

Då eg såg filmen på kino, var salen full av husmødre og småunger Dette er heilt feil publikum, etter mi meining. Dei flira på dei mest upassande stadane i filmen. Under ein ganske heftig og kjensleladda dialog mellom Kjell Bjarne og Elling, mellom anna, flira dei høgt av di det vart eit misforhold mellom storleiken til Elling og storleiken til Kjell Bjarne. Eg vart ganske irritert. Den scena handla då fanden ikkje om den digre magen til Kjell-Bjarne! Her stod skodespelarane og utleverte seg sjølv på lerretet, og gjorde ein rolleprestasjon ein sjeldan ser, og så sit folk i salen og flirar høgt av di dei synast det såg teit ut med ein tjukk mann og ein tynn mann.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/elsk-meg-i-morgen/