«

»

Forbidden Planet – 50th Anniversary Two-Disc Ultimate Collector’s Edition

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Forbidden Planet var ein av dei fyrste filmane Warner Bros. slapp DVD i 1997. Det er snart ti år sidan, og varelageret har for lengst vore tomt. No kjem filmen endeleg ut på nytt, og denne gongen er det ingen spak flipperdiskutgåve

I høve 50-årsjubileet til filmen, har dei kosta mykje pengar på å pussa han opp. Den nye DVD-utgåva skal koma med skikkeleg godt bilete og nytt Dolby Digital 5.1 ljodspor. På den gamle DVD-en var det berre ein filmreklame med. Den nye DVD-en kjem med både filmreklamar, sletta scener, ein episode av The Thin Man der Robby the Robot var med, dokumentarar (George Lucas er ein av intervjuobjekta) og filmen The Invisible Boy i heilskap!

Forbidden Planet DVD-omslag

Som om ikkje dette var nok, så kjem det ein «Ultimate Collector’s Edition» i tinnboks, med ein Robby the Robot-figur og samlekort.

Forbidden Planet DVD-boks i samleutgåva

Ain’t It Cool News og The Digital Bits har omtala DVD-utgjevingane.

2 innspel

  1. Jamie

    Er den boksen der i sone 2?

  2. Simon

    Nei, berre den fyrste.

Gje innspel